Har du problem med å lesa PDF-filer, kan du henta Acrobat Reader med å klikka her.
|
|
|||
ÅRSMELDING 1987 FOR VALDRESKVELVEN SPEL- OG DANSARLAG Årsmøtet 1987 vart halde på Haukåsen 4. februar. Etter vanlege års møtesaker var det traktering. Olav Gullik Bø og Ingar Ranheim hadde take turen til Vang og gav oss ei stemningsfull stund med diktlesing og langeleikspel. Styret i 1987 har vore:
I februar bidrog laget med dansemusikk på gamaldansstafetten på Åsvang. Forutan felene, trekkspel og bass prøvde også 3 langeleikspelarar seg på å framføre dansemusikk, med brukbart resultat! 4. april "trødde" laget til med 25-års jubileum på Åsvang. Vi hadde vore så heldige å få med oss Sigbjørn Bernhoft Osa på jubileumsfesten. Han var med for 25 år sidan då laget vart skipa og døypt. Osa gav oss ei stemningsfull stund med det fine spelet sitt. Dessutan bestod konserten av lokale spell- og danseinnslag med eldre og yngre utøvarar. Seks æresmedlemmer var utpeikt, og desse var Knut Hemsing, Birger Bøe, Lars Wangensteen, Arvid Jac. Myhre, Andris Dahle og Sigbjørn Bernhoft Osa. Dei fekk seinare på året tildelt ein akvarell laga av Knut Ole Hermanrud, som eit synleg bevis på æresmedlemskapet Etter konserten var det rumme og spekemat og dans, ei vellukka tilstelning. I april hadde vi også langeleiktreff på Åsvang i samarbeid med "Prosjekt langeleik". Ni langekeikspelarar hadde møtt fram for å lære låttar i tradisjon etter Barbro Myhre. Sist i mai hadde vi eit innslag på chilensk/iransk/norsk kveld i Høre. Mykje folk hadde møtt fram. 3. til 5. juli arrangerte Eidsbugarden saman med Øystre Slidre og Valdreskvelven spel og dansarlag"Høgfjellsstemne på Eidsbugarden". Stemnet opna alt på onsdag med utstillingar av gruppa "UGRAS". Fredag, laurdag og sundag var det program med musikk, song, dans,opplesning og lyrikk. Høgdepunktet var konserten laurdagskvelden som fyrst bestod av minnekonsert etter Lars Mikkjelson Krøsshaugen)der bl.a. Andris Dahle, Trygve Bolstad, Tore Bolstad, Ola Grihamar, Anne Karin'Dahle og Bjørg Berge deltok. Etterpå hadde Arne Viken og Knut Buen kvar sine konsertar (sistnemte ankom i sjøfly).Det vart alt i alt ein mangfaldig og fin konsert med fine utøvarar. Kvelden vart leida av Olav Jørgen Hegge, og det heile vart avslutta med dans. Laurdagen vart ein vellukka dag med mykje folk, medan det var mindre oppslutning om sundagen og spesielt .fredag. 24.10. hadde vi den tradisjonelle haustfesten for medlemmene. Denne gongen hadde vi take turen til Haukåsen. Omlag 25 hadde møtt fram og vi hadde ein triveleg kveld med mat, dans og prat. Sist i november var song- og spelgruppa Tiriltunga i Vang. Dei starta med to skulekonsertar på VBU, ein for 1. til og med 5. klasse, og ein konsert for 6. til 9. klasse. Elevane frå dei andre skulane hadde møtt fram på VBU. Dei hadde to fine konsertar der dei presenterte folkemusikk og dans bl.a. gjennom eit eventyr for dei minste klassene. På kveldstid hadde dei konsert på Åsvang. Laget og Tiriltunga spelte til dans. Også i 1987 var laget med på kulturutveksling med asylsøkarar. Eg har alt nemd ein slik kveld i Høre. I november og desember var vi henholdsvis på Tyin hjå iranerar og på Nystogo hjå tamilar med langeleik, fele, trekkspel, song og dans. Opplegget med Jørn Hilme stemnet var i år forandra på fleire måtar. Kvart spel og dansarlag hadde sine spesielle oppgåver. Leget vårt var programnemd og hadde ansvaret for konserten på fredagskvelden, dansemusikk på museet og kyrkjekonserten på sundag.I den samanheng vart detein del møteaktivitet før stemnet for å få planlagt det heile. Mykje gjekk fint og ein del kunne vore betre: Laget skal også væra programnemd i 88. Dermed har ein nokre erfaringar og byggje på, og kan rette oppatt ting som ikkje fungerte bra i -87. Det har vore ein del møteverksemd som medlemmene i laget"har delteke på. På årsmøtet i Folkemusikknemda for Valdres hadde vi to utsendingar. Nils Rogn reiste til årsmøtet i landslaget for spelemenn ved Røros, der som kjent Ingar Ranheim vart vald til. ny leidar for laget. Det var også ekstraordinert årsmøte i folkemusikknemda der fleire var representert. Gjennom året som har gått har medlemmer frå laget delteke på,songseminar i Øystre Slidre, langeleikkurs i Hugali og fleire kappleikar. På landskappleiken i Sogndal deltok Nils Oddvar og Ola Norvald Hagen. Lokalkappleiken vart arrangert i V.Slidre 9. mai og tre ungdommar frå laget deltok. Bjørg Berge og Kari Hagaseth hadde kurs i gamaldans på Åsvang fyrst på året. Oddrun Hegge har vore leidar for langeleikkurs som fortsatt er i gang (4 delt.) Felespelarane har hatt øvingar på Åsvang stort sett annankvar veke i året som har gått. Ved utgangen av 87 hadde laget 70 medlemmer som var ein auke på 11 frå året før. Ein aktiv medlem i laget, Boye Wangensteen, gjekk bort i februar. Med han mista laget og miljøet ein viktig tradisjonsberar og ein god utøvar på fela som alltid var ei stor støtte og ein viktig inspirator for dei andre i spelgruppa. Styret vil takke medlemmene for samarbeidet i året som har gått og håper samstundes at laget vil klare å halde oppe interessa for folkemusikk og dans i Vang i åra som kjem.
Øylo 15. februar 1988 Kari Hagaseth |
|
|||