Spelet til Andris
Skrive av Bente Ingholm til CD-en
"Gofalåtten".
Tilbake
Nyare innspelingar med yngre folkemusikarar er ofte prega
av teknisk briljering og virtuositet. I slåttespelet til Andris
Dahle er det klangrikdom og gamal tonekjensle som dominerer. Slikt spel
blir meir og meir sjeldan å høyre i vår tid. Innovervendt
og stillferdig spel, vil nok mange seia, og kan hende melankolsk og. Men
lyttaren skal få erfare at det og er eit særs rotekte og rikt
spel med mange små fargenyansar.
Den alderdommelege tonaliteten som kjenneteiknar eldre spel, er uvand
for det moderne øyra. På ei fele har utøvaren høve
til å gripe tonane etter sitt eige øyra og si eiga tonekjensle.
Han kan då bruke ein skala med det som oftast blir kalla "svevande
intervall", med andre ord ikkje heilt fastlagde tonetrinn anna enn
som eit rammeverk (kvint, oktav). Dette i motsetnad til den tempererte
skalaen med faste tonetrinn som me til dømes finn på eit
piano. For Andris er den alderdommelege tonaliteten ei naturleg tonekjensle
han har vakse opp med.
Lydarspelet høyrer den eldre slåttetradisjonen til, og det
er eit unikt og eineståande materiale som har hatt sin spesielle
funksjon. Spelet i Valdres ber preg av å vera av eit eldre slag
enn det som i dag går under namnet lydarspel andre plassar i landet.
I Arne Bjørndal sine originalnedskrifter kan me lesa: "Va
ein spelemann flink på lydar-læte, laut han spela til dei
gamle i bryllaupslaget; ein so va best på dansespel, let i dansestova".
Dette fortel han etter spelemannen Johan Henrik Kvam (1850-1948) i Vang.
Ei anna kjelde skildrar spelet til Jørn Hilme og og Lars M. Krøsshaug
slik: "Hilmin va rein meister te o låte springara. Men de va
are låtta Krøsshaugen rådde på han i" (Valdres
Bygdebok band 6). Skrifteleg kjeldemateriale fortel med andre ord om lydarlæte
så tidleg som fyrst på 1800-talet.
Både som kjelde og utøvar er Andris Dahle kan hende det siste
leddet med ekte gamal tonekjensle i denne rike tradisjonen. Han sit dessutan
inne med eit større repertoar av lydarlåttar enn nokon annan
nolevande spelemann i Valdres, i alt nærare 40 låttar. Lydarlåttane
er rikt utsmykka, og dei er som små konsertstykke kvar for seg.
Det er og nærliggjande å peike på den rike salmetradisjonen
me har i Valdres. Kan hende har spelemenn henta inspirasjon frå
dei vakre Kingo-tonane - salmetonar brukte til kvardag og helg. Slektskapet
med slåttemelodikken er tydeleg her.
I springarspelet til Andris finn me variasjon i vendingar og personlege
utformingar som gjev oss bilete av ein skapande spelemann. Variasjon i
klang og dåm får han fram ved å bruke ulike felestille.
Det er ikkje lagt vekt på at innspelinga skal kunne brukast til
dansespel.
Sven Nyhus har arbeidd med transkripsjonar av spesielt lydarlåttane
til Andris Dahle, og han seier det slik: "Lydarslåttene i Valdres
skiller seg klart og tydelig fra det ordinære slåttespillet,
som omfatter springar, halling og bonde. Den mest umiddelbare forskjellen
ligger i tempoet, som er betydelig langsommere.
Byggemønsteret viser mye likhet med de hoveddrag som kjennetegner
danseslåtten. Det er de korte motivene som går igjen og som
varieres. Lydarslåttens form er likevel friere, den er løsrevet
fra danseslåttens markerte og kontinuerlige framdrift, og iblant
forekommer det avsnitt eller partier som ikke lar seg inndele i takter.
Denne særdeles frie strukturen gir selvsagt muligheter for mange
slags tolkninger, som også kan gjelde på det melodiske planet.
Ro og fred, skjønnhet og andakt er karakteristikker man kan sette
på lydarslåttene i Valdres. Sterkt medvirkende til disse inntrykk
er klangfylden og de helt særegne fargenyansene. Den kanskje aller
viktigste indikasjonen ligger i dette alderdommelige spillets helt spesielle
intonasjon. Her er det snakk om at flere av skalatonene gripes høyere
eller helst lavere enn tilfellet er i kunstmusikken - som bygger på
den diatoniske skala.
Disse kort formulerte inntrykk stemmer overens med den erfaring jeg har
gjort under arbeidet med å transkribere Andris A. Dahles lydarslåtter.
Hans innforlivede utførelser virker som en pust fra en fjern fortid,
der alle alderdommelige kvaliteter synes vel bevart".
Dei mjuke tonane i denne innspelinga lyser av ro og ettertanke. Den vare
og vakre klangen gjev rom for meditasjon og gjer ein ærbødig
overfor dei skattane som forfedrane våre tok vare på og førde
vidare. Spelet til Andris bind oss til fortida der menneska levde og tok
omsyn til livsvilkåra på ein heilt annan måte enn i
dag. Valdresdiktaren Knut Hauge seier det slik:
"Ingen er barn av i dag. Du er barn av dei tusen år. Djupt
gjennom lag på lag røtene går."
|
|