Framside

Om laget

Nytt

Historie

Referat/dokument

Låt ó Link

Peikarar

Aktivitetslogg

Valdres Folkemusikklag



Har du problem med å lesa PDF-filer, kan du henta Acrobat Reader med å klikka her.

 


Vedtekter for Valdreskvelven spel-og dansarlag

Formål §1

Valdreskvelven spel- og dansarlag har som formål å samle spelemenn, songarar, dansarar og andre interesserte for å dyrke og ta vare på dei lokale tradisjonane i spel, song og dans.

Lagsverksemd §2

Laget skal skipe til samkomer med spel,song og dans, drive opplæringsarbeid, og ta opp spørsmål som kan fremja folkemusikk og -dansearbeidet

Tilknyting §3

Laget og lagsmedlemmene skal vera medlemmer i Landslaget for Spelemenn.

Styret §4

Styret skal vera samansett av formann (leiar) og fire faste medlemmer. Formannen blir vald av årsmøtet for eitt år. Styremedlemmene blir valde for to år, slik at to av dei er på val kvart år.Det skal dessutan veljast to varamedlemmer til styret og to revisorar for eitt år.
Styret konstituerer seg sjølv.

Årsmøtet §5

Årsmøtet skal haldast kvart år midtvinters. Alle sakene som skal avgjerast her, må vera oppførte på saklista. Saklista må gjerast kjent for medlemmene gjennom rundskriv eller lysing i lokalavisa seinast to veker før møtet blir halde. Framlegg til saker på årsmøtet må vera hjå styret seinast tre veker før møtet, og dato for årsmøtet må vera kunngjort for medlemmene i god tid før denne fristen.
Alle som har betalt årspengar til laget har røystrett på årsmøtet.
Årsmøtet godkjenner framlegg til årsmelding frå styret og rekneskapen for siste rekneskapsår. Vidare vedtek årsmøtet arbeidsprogram og budsjett for det komande året, og årspengar for neste år.
Årsmøtet set kvart år ned ei valnemnd på tre medlemmer som i god tid før neste årsmøte kjem med framlegg til nye tillitsfolk i laget.

Omframt årsmøte §6

Det skal haldast omframt årsmøte dersom styret finn at særskilde høve gjer det naudsynt, eller dersom minst ein tredjedel av medlemmene krev det.

Oppløysing §7

Laget kan berre oppløysast av årsmøtet med minst tre fjerdedels fleirtal, og ikkje dersom minst fem medlemmer går mot det. Dersom laget blir oppløyst, og ikkje innan ti år tek opp att arbeidet på same grunnlaget som tidlegare, kan Landslaget for Spelemenn avgjera korleis laget si eige skal takast vare på og eventuelt brukast i distriktet til formål laget har arbeidt for.

Endringar §8

Desse vedtektene kan berre endrast av årsmøtet eller omframt årsmøte med minst to tredjedels fleirtal.

 

oOo

Vedtektene samrøystes vedtekne på årsmøtet 24. januar 1983.