Framside

Om laget

Nytt

Historie

Referat/dokument

Låt ó Link

Peikarar

Aktivitetslogg

Valdres Folkemusikklag



Har du problem med å lesa PDF-filer, kan du henta Acrobat Reader med å klikka her.

 


Andris A. Dahle

Tilbake

Andris A. Dahle (1925-1995) var fødd i Dalsbygda i Øystre Slidre. Her levde han heile livet. Etter at han vart gift med Ragnhild Dahle Kvien, budde han også mykje på Kvie i Vang.

Andris lærte framfor alt spel av bestefar sin, Ivar Ringestad, og av Ola Okshovd. Men han lærte også av mange andre spelemenn, og han kjende og kunne spela slåttar frå både Telemark og frå Vestlandet. Men det var fyrst og fremst Valdresmusikken han dyrka og gjorde til sin eigen.

Andris var svært musikalsk, han nådde oftare enn det som er vanleg inn til det inste av det musikken har å fortelja, og han var svært audmjuk i forhold til musikken han spela. Særleg hadde han eit nært forhold til lyarlåttane, og eitt godt eksempel på dette er "Klævalåtten" som er laga av Knut Ringestad og Gullik Teigstol frå Vestre Slidre ein gong midt på 18-hundretalet

Andris var også ein svært interessant og tålmodig læremeister. Han var sterkt imot kopiering og sa gong på gong at kvar og ein må skape sin eigen musikk. Men det var ikkje til hinder for at han kunne vise til minste detalj korleis han sjølv gjorde det, og også korleis andre spelemenn hadde løyst same detalj.

Han var også eit svært triveleg menneske som aldri sa anna enn gode ord om sine medmenneske. Det var fred og ro, men også mykje humor og glede i samværet med Andris.

Du kan her finne tre ulike omtaler av Andris og musikken til Andris.

Omtale av Andris ved Sven Nyhus i noteheftet "Lyarlåttene i Valdres".
Omtale av Andris ved Olav Viken til CD-en "Gofalåtten"
Spelet til Andris, skrive av Bente Ingholm til CD-en "Gofalåtten".

CD, Lp-plate og kassettar:
HO 7019: Portrett av ein spelemann 1981
HCD 7090: CD Gofalåtten 1993
MHF: CD Lyarlåttene i Valdres 1996

Lukke til med lesing og høyring!

Omtale ved Sven Nyhus

Omtale ved Olav Viken

Spelet til Andris