Framside

Om laget

Nytt

Historie

Referat/dokument

Låt ó Link

Peikarar

Aktivitetslogg

Valdres Folkemusikklag



Har du problem med å lesa PDF-filer, kan du henta Acrobat Reader med å klikka her.

 


Andris A. Dahle
Skrive av Olav Viken til CD-en "Gofalåtten"

Tilbake

Andris A. Dahle er født 20. mai 1925 i Dalsbygda i Øystre Slidre. Foreldra var Andris Dahle (1892-1973) og Kari Ringestad (1895-1933), dotter av den kjende spelemannen Ivar Ringestad (1870-1953) frå Vestre Slidre.

Ivar Ringestad var altså bestefar til Andris, eller gofa, som det ofte blir sagt her. "Rengistan" som han mest vart omtala i daglegtale, var gardbrukar og av gamal kunstnarætt. I fleire slektsledd var det gode spelemenn og sylvsmedar på garden. Han hadde eit særmerkt spel, og prega med det både musikken og dansen i Valdresbygdene.
I frå 1943 då Andris tok til å spela og fram til omlag 1950, lærde han ei mengd låttar direkte av bestefaren. Ei tid gjekk Andris nesten kvar helg den druge turen over åsen for å lære spel. Han har difor eit stort slåttetilfang etter bestefar sin.
Øystre Slidre-tradisjonen har Andris fått mest og sterkast frå Ola Okshovd (1872-1960). "Ukshøvden" som han helst vart kalla, var ein av dei som markerte seg sterkt i speltradisjonen i Øystre Slidre. Han bygde ut mange låttar, og laga også fleire nye. I tillegg var han mykje ute på speling både her til lands og utanfor landegrensene.
Under andre verdskrigen budde Ola Okshovd på Dale i omlag fire år. Denne tida var han og Andris nære grannar, og Andris fortel at dei var mest dagstøtt i spelkontakt. Mange låttar sette seg fast i minnet til ungguten denne tida. Ja, Okshovden sa sjølv ein gong at ungguten på Dale var utruleg snar til å læra seg låttane.

På denne måten lærde Andris seg svært mykje spel i frå krigsåra og ein 10-12 år utetter. I tillegg lærde han låttar ved samkomer i spelemannslaget og andre høver.
På utgjevinga - "Gofalåtten" - er det mest låttar frå dei to nemnde meistrane me får høyre. Mange av låttane har aldri før vore gjevne ut, korkje av Andris eller andre. Alt i alt skulle låttane på denne produksjonen gje eit godt tverrsnitt av det stoffet Andris sit inne med. Det er nytta fem ulike felestille, oppstilt og nedstilt bass, grålysing, halvgråing og ljøsblått. Han spelar på tre ulike feler, noko som også byr på variasjon reint tonemessig.
I dei omlag 50 åra Andris har låte på fela, har han sett merkbare spor etter seg, særleg i Slidrebygdene og Vang. Der har han vore mykje nytta som spelemann i ymse samkomer. Men for ettertida ligg nok største verdien i det arbeidet han har lagt ned i dei lokale spelemannslaga, og ved opplæring av spelemenn enkeltvis. Det må også nemnast at den innsatsen Andris har gjort som spelemann lyt sjåast i samanheng med at han til dagleg har vore gardbrukar. I lag med kona og systera har han drive to gardar, og han har nok ofte ynskt at tida til spel skulle vore betre.
Det er fyrst og fremst i lydarlætet at Andris skiljer seg ut som spelemann. Han har teke godt vare på formene slik han har lært dei, men har i tillegg gjeve av seg sjølv i form av små nyansar og variasjonar. Dette "krydderet" viser seg svært krevjande å ta etter, noko sjølv fleire av våre beste utøvarar har fått erfare. Ein kan trygt seia at Andris ved dette har utvikla og gjort folkemusikken vår rikare og meir levedyktig for ettertida.
Olav Viken