Framside

Om laget

Nytt

Historie

Referat/dokument

Låt ó Link

Peikarar

Aktivitetslogg

Valdres Folkemusikklag



Har du problem med å lesa PDF-filer, kan du henta Acrobat Reader med å klikka her.

 


Langeleikspelarar i Valdres


Frå Valdres Bygdebok - 6 
Tilbake

(Sjå kjelder her)

 

Når det gjeld langeleiken, viser ein til det Arne Bjørndal har skrive under «Slåttemusikken». Dei eldste langeleikane ein kjenner i Noreg, var uthola or eit heilt trestykke og hadde berre 6 strenger. Det var heller ikkje botn i lydkassa, og dei var og mindre enn dei som seinare kom i bruk. Den fyrste langeleiken til Berit Pynten var av den modellen og har ei totallengd på berre 90 cm. Lydkassa er berre 72 cm lang. Den som ho seinare brukte, hadde 8 strenger, ei totallengd på 107 cm, og lydkassa er 86 cm lang. Sjå biletet av desse langeleikane!60 I Valdres spelte mange langeleik.

 

Berit Toresdtr. Pynten

frå Los-Vøllo (1812-1899) var landskjend for langeleikspelet sitt. Far hennar var Tøris Los-Vølladn, også kalla Tøris på Sale. Han og kona hans hadde 3 døtrer:

1. Marit «Tørissa». 2. Berit på Pynte. 3. Guri(d) på Moe. Alle tre var svært musikalske. Berit og Gurid spelte såleis langeleik eller langhørpe og Marit fløyte. Om Marit og Guri, sjå seinare!

Berit vart g. m. Andris Andrisson Pynten fra Skjefte. Dei fekk to barn: 1. Andris d. e. vart g. m. enkja Guro Olsdtr. tå Magistad. Ho hadde Løkji, og Andris flytte dit. 2. Andris d. y. vart g. m. dotter til Guro, Marit Gudbrandsdtr. Ho Guro hadde før vore g. m. Gudbrand Gudbrandsson Hødne. Guro og han hadde kjøpt Løkji.

Berit hadde, som sume andre langeleikspelarar, to dokkor som « dansa» etter som ho slo med pretten. Sonedotteri til Berit Pynten, ho Guri Kårstad, har i «Valdres» 22/2 1955 skrive mel. a. dette om dokkeparet til Berit.

« Vi småjenter tok oss ofte turer til Pynten for at høre langeleikspel, og det som drog oss mest, var å se et dukkepar som danset når bestemor spilte. Dukkene skulle forestille en mann og en kone, og de var kledd i fine, gamle nasjonaldrakter. Kona hadde ganske sid føldetrøye, svart skjørt med tre rinder rundt nedentil i fargene rødt, kvitt og blått, kvite strømper og svarte sko. Håret var mørkbrunt og flettet i ei flette som hang langt ned over ryggen. I bringa var innfelt en liten duk av flerfargede perler, formet som en halv åttebladrose og en liten, pen sølje med ringe med løv i, og eit smalt perlesteinsbelte om livet, med messingspenner i.

Mannen hadde gråtrøye med sølvknapper i, svart knebukse med en litt bred bord med to sølvknapper i, og over borden et fingra band av flerfarget ullgarn med dusker i endene. Det var knytt løkke slik at endene gikk litt ned på leggene, og så var det kvite strømper og svarte skor. Han hadde svart hår som gikk ned på trøyekragen.

Det var et stativ som dukkene stod på. Dukkene hadde ledd i knær og ankler, så de var bevegelige ... I hodene på dem var festet en liten messingløkke, som det var smettet en tråd i og opp gjennom stativet. Så viklet hun trådene fra dukkene på pekefingren som hun førte spretten med, altså på høyre handa. Når så spillet tok til, danset dukkene.»

Mannen til Berit, Andris, var tå Bjørna-jakop-ætti, og Pynten som han bygsla, var ein husmannsplass under Skjefte. Han 1åg mellom Røvang og Ryfoss, straks norda Ristebrune på austsida av Storåne. Der budde då Berit og Andris med huslyden sin ei 50-60 år.

Andris på Pynte døydde der, og då flytte Berit til Løkji.

Den tid Berit og Andris var på Pynte, var staden ein viktig samlingsplass for lassekøyrarar og turistskyssarar, som for etter vegen utetter og oppetter dalen. Berit heldt seg særleg til vens med vognmenn og breikjerreskyssarar. «Inn der kom både «Flint'n» o «Knipp'n» o 'n «Petter i Pølle» o 'n «Store-Kristafør» o 'n Otto-jakup» o 'n «Sjur» o 'n «Sturte-Per» o 'n «Ballan», o 'n «Sylvfest-Tomas» o mange fleire .»20

Ho Berit var opphoggi til å gje dei traktering. Ut i ein kleve hadde ho eit par store lommeflaskor, som stødt var fulle med brennevin. Turistane var med skysskarane inne og skulle høyre Berit spela langeleik. Når ho skulle til å spela, sa ho til skyssfolket at dei hadde gløymt att noko sist dei var hjå henne, ein faldekniv eller noko anna. Dei fekk gå ut i kleven og finne det att. Det lydde dei fleste meir enn gjerne og forsynte seg med dram, medan ho Berit spelte og song for «storfolket» t. d. «Din laka fant ko røtin du æ» og andre folketonestubbar. Det totte turistane var moro. Berit fekk ofte god betaling for spelingi og songen, ofte 2-3 kr. av kvar. Om ei slik gjesting på Pynten fortel «St.» (redaktør Andres Stilloff) i «Valdres» for 6. mars 1924 mel. a. dette:

«En gang i ottiårene kom jeg tilfeldigvis til at reise ifølge med Edvard Grieg gjennom Valdres.

Våre skysskarer - vognmenn fra Lærdal -- var besatt av en viss ubændig lyst til åbringe oss i forbindelse med Berit Pynten.

Edvard Grieg følte seg straks meget tiltrukket av tanken, og ut på formiddagen svinget vi opp på landeveien utenfor Berits kunstnerresidens, som bestod av en liten 1åg solbrendt stue. Edvard Grieg som ellers kneisede kjekt med nakken, måtte dukke seg for å komme inn. Stuen var ellers velflidd, men Berit var øyensynlig ikke forfængelig. Hun stod opplagt ikke på noen intim fot med såpe og vann, og hennes en gang svarte vadmålsskjørt bar mange merker efter kampen for tilværelsen.

Berit hadde med megen pomp og senevanthet tatt i mot oss på tunet

og vist oss inn i stuen. Men da vi skulle se til, var hun forsvundet. Heller ikke noen av kjørekarene var å øyne. Men endelig innfant da Berit seg eskortert av kjørekarene, der var blanke i øynene og veltilfredse. Det var ikke til å ta feil av at det hadde vanket sterke saker på stabburet.

Imidlertid var strengeleiken kommet på bordet, og Berit la i vei med dødsforakt. Og spille kunne Berit. Det var det ingen tvil om. Det varet da heller ikke lenge, før Grieg ble meget interessert. Han fikk en blokk fram og skrev side opp og side ned i febrilsk hastverk, mens Berit tryllet frem av strengene den ene springdans og halling etter den annen. For henne var musikken tydelig nok verken teknik eller fag. Den var lidenskap. Og den brakte bud fra tiden langt tilbake da man levet sterkere og mer personlig enn nu.

«E meina du kan notadn mæ, du!» ropte Berit, mens spretten på pekefingeren vedble at danse uforstyrret henover strengene. Grieg bare nikket og smilte lunt og skrev videre med samme hast.

Da vi kjørte videre, stod Berit igjen på tunet og smilte huldsalig. Det hadde vært en stor dag. Sikkert meget større enn hun selv skjønte ovenikjøpet.

Men det turde allikevel hende at langleikspillersken fra Hurum (Høre) ikke har levet så aldeles forgjeves, men er med i det som har gjort Griegs navn stort, selv om hun ikke er a finne på noget tittelblad.»

Berit var tjukk og liti og særs god til å tala for seg. Ho og mannen levde godt på Pynten.

«Stundo to ho (Berit) leiken me se o for ut på storbygdadn o radt to by'n o spelte før storfølke. Men o summaren va ho på Pynte, o då kom (som alt skrive) storfølke to 'n. Soleis kom de bade engelskmenna o tyskera o fransmenna o svenska o danskera o mest alle følkeslag so bu i ver'n inn på Pynte o fekk høyre spele, o so vanka de goe drykkjepenga ner dei gjekk att.»20

Knut Brekken, f. 20/9 1860: Ikr. 1870 var eg på Pynte hjå Berit eit ærend. Då kom Nils Thune om der. Han var på veg til Stortinget. Han Johannes Trondsson Eltun på Øye var med han. Då var Johannes berre 10-11 år. Ho Berit spelte åt dei. Dei bad ho visst om det. Då ho Berit hadde spelt, skulle han Johannes og spela. Han stod ved bordet og spelte det eine fine stykket etter det andre. Det var ikkje meir enn så vidt han rokk oppå bordet.»

Før Berit fall bort, selde ho den siste langeleiken sin til Erik Werenskiold for kr. 10, sume seier kr. 20. Då var ho 82-83 år gamal. No har musikkinstitutt-styrar Øystein Gaukstad på Universitetsbiblioteket langeleiken. Han har lånt han av Dagfin Werenskiold. «Då det står på den «B. T. D.» må det vere Berit Tørisdtr. som har eiet den, og det må være den Erik Werenskiold fikk fra Berit Pynten.»61

«O a de 'kji noko anna ve denne hørpa, so a de sikkert at de ikkji a noko «instrument» so so mange følkeslag ha høyrt, so denne hørpa henne Berit på Pynte.»20

Då lærar (Ola K.) Skjefte overtok garden, flytte han stova hennar Berit opp på fjellet (ved Bygdin), og her er ho so mykje ombygd at eit bilete ikkje kan gje den rette tokken av korleis stova ein gong var.»11

Berit Pynten spelte og munnhorpe og fløyte. Med spelet sitt var ho ein av dei fremste vegbrøytarane for norsk folkemusikk i landet vårt.

 

Um Guri på Moe.

Berit hadde, som alt skrive, ei syster som heitte Guri på Moe, og ho var og flink til å spela.

Kirsti Ellestad fortalde:

Eg hugsar godt Berit på Pynte og slekti hennar. Berit var stølsgrannen vår, så lenge ho budde på Pynte og hadde krøter. Guri, syster hennar, budde ei tid på Røvangsmoe, men da dei selde den, flytte dei til Røvang til foreldri mine, då me borni var småe.

Mannen hennar Guri heitte Knut og var komen frå Vøvle i Høre.

Han var langeleikmakar og har mel. a. laga ein leik som er att etter mor mi der på Røvang, og han hadde óg laga leiken hennar Guri.

Han Knut døydde ikr. 1880.

Ein gong medan Guri og Knut var hjå oss, fekk dei gjesting av to ungdomar frå Sogn. Guri og Berit hadde ei syster, Marit, som vart m. ein Alme, og så vidt eg hugsar, var dette borni hennar. Den eine guten var nok meir enn vanleg musikalsk. Dei få dagane dei var der, lærde han å spela heilt flytande, og då dei for, gav Guri han leiken sin. Guten heitte Guttorm Alme. Eg meiner dei var frå Lyster, og far deira var lærar. Den leiken var nett maken til den som er etter mor, og truleg og slik som den Marit Røvang (sjå seinare!) av Berit.

Då Guri hadde gjeve bort leiken sin, ville ho aldri spela noko større. Ho meinte det var synd. Ein gong Guri lag sterkt sjuk, laut eg vaka over ho. Eg var i konfirmasjonsalderen og hadde vel ikkje godt for å vaka heile natti. Eg tok så leiken vår og klunka på den for å halde meg vaken. Ho Guri var då så tunghøyrd at eg trudde ikkje ho høyrde det, når ho ikkje plent såg meg. Men ho merka det nok straks og snudde seg mot meg og sa: «Kjære jenta mi, stå ikkji o synde de burt mæ dessa du! Dæ æ nokk at a ha gjort dæ!» sa ho.

Guri var like flink til å spela som Berit, men ho var meir smålåten av seg. Slik kan ein nesten sela spelet hennar og var. Ho hadde eit lettare og finare anslag med spretten, men let fint og reint. Berit var meir baus og freidig, og slik tykte me spelet hennar var og.

Kirsti Ellestad fortalde og at Berit og Guri for på spelferd saman, såleis ein gong etter kysten fra Lærdal til Stavanger.60

 

Langeleikspelaren Marit Røvang

var fødd 1857. Mor hennar var frå Helle i Høre. Ho var i slekt til Knut Vøvle og Kirsti Ellestad. Ho var berre 7 år gamal då ho tok til å lære langeleikspel av Berit Pynten. Berit gav henne den vesle leiken sin, den ho sjølv hadde spelt på til å ta til med. Då Berit vart så gamal at ho slutta å spela, gav ho Marit den andre leiken sin óg med pålegg om at ho måtte ta vel vare på han, så han ikkje kom bort eller vart omlaga. «Du må 'kji la nokon laga um notadn på o!» sa ho.

Marit flytte frå Valdres i 1898, og Berit døydde året etter.

Marit tok leikane med seg til Ullensaker og tok vel vare på dei. Ho spela mykje og fortalde mangt om Berit på Pynte og låttane hennar. Siste gongen ho spelte offentleg var på ein kappleik i Oslo 1932. Ho vart då tilspurd mel. a. av Dr. 0. M. Sandvik om ho ville selja leiken, men ho svara nei. Ho ville ikkje bryte lovnaden sin til Berit. Dr. Sandvik uttala at det var ein særs mjuk og fin klang i denne leiken.60

 

Trond Andrisson Steinde på Skjøre i Øye

(12/5 1834-1918) var ein dugande langhørpespelar og munnhorpespelar. Han kunne ei mengd lydarlåttar, som han ofte spelte åt folk i kveldsetone og om h elgane til moro og hugnad. Spelet hadde han teke stort sett av seg sjølv etter musikk og song som han høyrde av andre. Ingen veit no kven som var læremeisteren hans. Men han var særs musikalsk. Når han høyrde ein tone, let han 'n oppatt på langeleiken sin eller munnhorpa si. Han for aldri rundt gardane eller bygdene og spela. Heimen på Skjøre var «konserthuset» hans. Den tid han vaks opp, var det langhorpor og munnhorpor mest i kvar heim i Øye. Sume var meisterspelarar på desse instrument, såleis Guro Høle, Berit Eltun frå Bø og dei 6 systrerne hans Trond.

Morosam var han Trond når han stod frama langbordet på Skjøre og spelte og fortalde sogor som knytte seg til låttane han let. Det er diverre ingen som har teke opp att den kulturarven som han og fleire var slike gode representantar for.

Langeleiken sin hadde han laga sjølv. No er det sonedotter hans, Anne Rønning, Fagernes, som har han.

Attåt spelingi var Trond Skjøre, ein utifrå god rosemålar, snikkar, treskjerar, smed og ein god bonde. (Sjå elles V. B. 5 I s. 671-673 og «Vårvon» for 1957.)

 

Marit Toresdtr. Ure

eller jentenamnet Marit i Kjellare var dotter til Belgji-Tore fra Brøta under Gryte i Vestreføld'n i V. S. Ho vart g.m. Andris Guttormsson Uri i Øye i Vang. Uri var ein husmannsplass til Kasa.

Marit i Ur'n var så flink til å låte på langhorpa. Ho hadde og eit par dansedokkor i ein «stol» som «dansa» etter som ho spelte. I Uri samla ungdomen seg og høyrde på det fine spelet og sag på dansedokkone hennar.

Om vintrane fór Marit åleine nordom fjellet, til Vestlandet, og der tente ho mange pengar med spelet Sitt.62

Far til Marit i Uri, han Belgji-Tore, var så flink til å laga peispustar og smidjebelgjer. Av dette hadde han fått attåtnamnet sitt.

Marit i Uri var og svær til å spå. «Te meir ull e får, te bere ska e spå!» sa ho når ho var på Vestlandet og skulle spå nokon. Om vårane når ho kom heim frå spelferdene sine, hadde ho med seg vel med ull, vadmål og anna tøy. Varone selde ho ut att for god betaling. Marit var eit svært vent og flinkt kvinnfolk, som skrapa inn mykje næring til huslyden sin. 63 Marit levde og virka ikr. 1850-80-åri.

 

Guttorm Olsson Strand

var ug. og svær langeleikspelar. Mori heitte Kari Guttormsdtr. Strand og faren Ola Olsson Kjerstein - Markaguten. Guttorm var f. 1824. (1827.)

 

Sigrid Engebretsdtr. Liahaugen

(1791-1857) var langeleikspelar. Ho var dotter til Engebret Belsheim, far til vitskapsmannen Johannes Belsheim.

 

Kari Øysteinsdtr. Øyo,

fekk langeleiken hennar Sigrid Liahaugen og var glup til åspela på han.

 

Sigrid Andrisdtr. Øyo

fekk sidan leiken og spelte mykje på han.

Ho var f. 1859. Kari Kristoffersdtr. Jøvne (d. 1966 71½ år gamal)

fekk så leiken. Ho kunne sume låttar som no er opptekne på magnetofon av prof. Olav Gurvin-folk.64

 

Gjertrud Torsteinsdotter Berge

(14/1 1850-12/4 1882) var flink til å spela på langeleik. Om helgekveldane samla ofte ungdomen seg i heimen hennar, og ho spelte. Då var det stilt som i ei kyrkje, sa mor. Dei sat roleg og høyrde på det mjuke spelet hennar. Diverre vart ho berre 32 år. Langeleiken hennar vart borte, for det vart utskiftning, og morfar flytte husi lenger opp frå fjorden, og då vart det vel ikkje passa på langeleiken, når ho som hadde ått han, ikkje var meir."

 

Ola i Brenno

(15/1 1865-12/1 1957) var f. på husmannsplassen Brenno under MidtJukam i S. A. Faren var Andres på Lien. Han vart fyrst g. m. Tørend i Vabrøta. Barn: Mellom andre Ingebjørg som vart g. m. Ola i Brenn i Aurdal. Andris vart, då Tørend var d., g. m. Rannei, dotter til kyrkjetenar Ola As. Barn: Mellom andre Ola, langeleikspelaren. I barndomen var han mykje hjå Ingebjørg i Moe, halvsyster si i Aurdal. Mannen hennar, Ola i Moe, seinare i Brenno, som han til slutt kjøpte. Han Ola hadde langeleik og var flink til å spela på han. Ola i Brenno lærde mykje spela av han. Dette var ikr. 1885, og Ola var då ikr. 20 år. Då slo den tanken ned i han at langeleiken var det musikkinstrumentet, som høvde for han. I Jukam prøvde Ola og ein gamal langeleik. Så høyrde han langeleikspelar Inger Lybekk (s. h.) og langeleikspelar Halvor Fuglehaug. Han fann seg så ei spikjegran. Av denne laga han til ein heilhola langeleik. På denne spelte han ei tid.

Så kom stortingsmann Berg frå Hallingdal til Valdres. Han arbeidde mykje med å få oppatt langeleikspelet i bygdene. Han fekk til ein kappleik for langeleikspelarar på Fagernes.

I 1916 eller -17 spelte Ola Brenno mykje åt den danske musikkforskaren Hortense Panum. (Sjå under Guri Thorstad o. fl.) Ho roste «hans gjennom lødige repertoar». Det hadde etter hennar meining «et eldre preg enn de fleste andre hun hørte (i langeleikspel). Og deri vil vi mange som har hørt ham være enige»."

Lærar Ola Thorsrud og Per juvkam fekk Ola Brenno til å fara på kappleiken på Fagernes. Mellom dei som møtte opp der, var og Inger Lybekk, Bokbindar-Marit, mor til Andreas Hauge, Ola Brenno, Kari O. Rudi, Braute. V. S. og Kari 0. Rudi, Ø. S. Ola Brenno

var den siste som spelte. Då han var ferdig, kom Berg bort til han og sa:

«Du ska få de eit bere instrument, so ska du koma lenger!»

På denne kappleiken møtte Øystein Rudi, Røshaugen, opp med langeleikar som han selde. Ola Brenno kjøpte ein fint utskoren langeleik av han. «Men eg kom snart etter at han var for stutt, så spelet med han vart berre fuskespel,» sa Ola Brenno, og han la til: «Så vart eg sagmeister ved Fjellheim, 25 år gamal. Ein dag kom Halvor Skinrud til meg på sagi med ein diger barlind-stokk og ville få saga han. No hadde eg høyrt at barlind var så utifrå god til å laga musikkinstrument av. Eg fekk så det halve av stokken for skjeringi. Av denne skar eg 13 fine bord. Så for eg til Øystein Rudi og fekk han til å laga to fine langeleikar av denne materialen. Den eine har eg sidan nytta sjølv til å spela på. Den hin gav eg Bagn bygdesamling. Og frå no av fekk eg tittelen langeleikspelar.

Læraren min i folkeskulen var Ola E. Torsrud. Han var organist både i Bagn kyrkje og i Bruflat kyrkje. Han hadde skapt interesse hjå meg for musikk.

Då eg var 40 år, tok eg til å fara rundt med speling, fyrst i ungdomslagi, såleis i Stavanger med Ryfylke (40 lag), Telemark (60 lag), opp Gudbrandsdalen og gjennom Trøndelag like til Steinkjer. Mange gonger spelte eg i Norsk Rikskringkasting. Medan eg var i Oslo, ringde det ein dag til meg frå Bondeheimen at eg skulle koma opp på Slottet. Der spelte eg då for kong Olav og dronningi med tenarskap. Då eg skulle til å gå att, vart det smett bort i handi mi ein konvolutt med kr. 50 i.

Ikr. 1930 var eg i Danmark, der eg óg spelte i kringkastingi tre låttar for 50 kr. Sidan spelte eg i 7 ungdomslag der og to gonger i Grundtvigs Hus. Eg hadde før, i 1916 eller -17, spelt mykje åt Hortense Panum, ei dansk dame som var i Valdres då og skulle studere langeleikspel. Ho var óg hjå Johannes Halden i N. A. Marit jonsrud i Ø. S. og hjå Guri Torstad i V. S. Då ho var hjå meg, budde ho på Gastgjevarhaugen. Eg gjekk dit og spelte åt henne 2 timar til dagen i ei veke. Ho skreiv opp det eg spelte. Det var truleg ho som var skuld i at eg kom til Danmark.»

Brenno fortel meir: «Så har eg spelt på Gjøvik, Hamar, Trondheim og Bergen, og fire gonger har eg fått premi for spelingi mi.

Ein gong eg spelte på Tonsåsen sanatorium, var det ein kandidat

Bjerke som vølte på knottane på langeleiken min, så han fekk den vanlege skala. Men då fekk eg ikkje låttane til som dei skulle vera. Seinare fekk eg tala med lektor dr. Erik Eggen. Han sa at den gamle skalaen eg før hadde, var den rette. Eg laga så til nokre spildror med ymse skalaer på såleis den gamle eg fyrst hadde brukt, og den nye som Bjerke ville eg skulle bruke. Desse spildrone la eg på langeleiken, så eg kunne spela opp til 9 skalaer på same leiken. Då eg no gjekk til Eivind Groven og synte han dette og spelte for han, sa han:

«Nei, Ola, her har du gjort eit godt arbeid. No er langeleiken vorte eit av dei mest fullkomne instrument.»

Det var visst for denne oppfinningi eg mest fekk pensjonen min, 800 kr. årleg,) sa Ola Brenno.

Då Brenno var 41 år, vart han gift med Ragnhild Brustogun frå Smiugardsbygdi i E. Dei fekk 8 born. Kona d. 13/11 1957.

Då Ola Brenno var 70 år, fekk han gjennom Asbjørn Hagen helsingar i bladi frå mellom andre desse: Sigrid Undset, Eivind Groven, Ingeborg Refling Hagen, Henrik Sørensen, 0. M. Sandvik, David Monrad Johansen, Anstein Arneberg, Anders Vassbotn, Carsten Lien, Johannes Hygen, John Hoem, Anne Grimsdalen m. fl.

Ola Brenno er og kjend for arbeidet sitt med å hengje opp kyrkjeklokkone, så dei læt sterkare og finare. Han for rundt og hengde opp kyrkjeklokkor i Ullern kyrkje, Frogner kyrkje, Gjøvik kyrkje, Lillehammer kyrkje, Vernes kyrkje og kan hende fleire.

Ola var og ein god forteljar.

To av borni hans, Ragna Brenno-Frydenberg og Anders Brenno har arva spelkunsti hans.

Ola Brenno fall bort 12/1 1957. Dei siste åri han levde, hadde han den store gleda å få eit lite statsstipend for det store kulturarbeidet sitt." 66

 

Inger Guttormsdtr. Lybekk

(9/2 1836-30/4 1910) var den nesteldste av 10 sysken. I ung alder kom ho til Hauksrud og tente der i mange ar. På Hauksrud vart ho kjend med Per Roen frå Fluberg, han som vart mannen hennar. Dei sette så bu på småbruket Lybekk i Beindalen ikr. 1860.

Mest kjend er Inger for langeleikspelet sitt. Denne lærdomen hadde ho frå mor si, Ingrid Rustebakke, d. 1873, som og skulle vore særs flink til å spela på langeleik. Inger kunne ei mengd låttar, både lydarlåttar og andre låttar. Flink som ho var, til å fortelja, tolka ho levande dei segnene som knytte seg til desse låttane. Ludvig M. Lindeman var hjå henne truleg i 1848. Då skreiv han opp etter henne desse tre folketonar, som står i hans «Norske Fjeldmelodier» : Langeberglåtten (nr. 65), ein St. Tomasklokkelått (nr. 155) og så «So lokke me over den myra» (nr. 432). Når Lindeman var ferdig med ein tone, nynna han oppatt det ho hadde spelt, og spurde om det var slik det var.

Inger var med på ein spelkappleik på Fagernes og ein på Lillehammer i 1890. Ho fekk 1. premi på båe stader.

Biskop Folkestad var ein gong inne hjå henne og høyrde på spelet hennar. Han vart då oppglødd for dei kvikke låttane hennar.68

 

Kari Øysteindotter Rudi, Braute

(f. 1846) var ein landskjend langeleikspelar. Ho var frå garden Braute, «som kun giffuer 4 læs hø». Braute låg under Vestre Slidre prestegard. Braute var på vestsida av Slidrefjorden, og han er i Tore Ey «Vang og Slidre» nemnd under Ulve II. Han var difor truleg eit kyrkjegods eller enkjesete. 1 1865 vart klokkar Øystein Kristaførsson Rudi frå Øystre Slidre, g. m. Jartrud Nilsdotter, brukar på plassen. Desse to var foreldri til Kari Rudi, Braute.

Øystein Rudi gjekk i lære hjå presten Harbitz og vart lærar og klokkar i Øye-bygdi i Røn.

O. K. Ødegaard skreiv i «Gamalt frå Valdres» slik om ho Kari Braute:

«Ho har fare i kringo o spelt her i lande både i bygd og by, o so reiste ho te Amerika o spelte der o ska ha tent sjele gødt me spele sino.»

I yngre år heldt ho Kari Rudi eit sykurs i Holden. Av dette skal det vera eit bilete på Fere. Far hennar, «Øystein, klokkar» var etter Tore Ey, f. 28/1 1813. Han sat i bankstyret i V. S. i 1863-1869. Då han døydde, flytte Kari og folket hennar til Fystro, der dei hadde skyldfolk. No har Marit Rogne, Reistad, den eine langeleiken hennar. Han er hola ut or eitt tre og var i 1966 156 år gamal.

Kari Rudi, Braute, var heimatt ein gong medan ho var i Amerika. Då heldt ho eit kurs i langeleikspel i Hallingdal ikr. 1899. Då selde ho ein langeleik til lærar Arnhild Hellkås, som for til Troms og tok med seg leiken dit. Han skulle vera laga av Øystein Øysteinsson Rudi, far til K. Ø.Rudi. Øystein skulle vera ein svært god langeleikmakar. (Sjå V. B. 5 fyrste del, 574!)

Då Kari Rudi var på Amerika-ferd over Bergen, heldt ho konsert der, og spela same gongen langeleik på ein spelemannskappleik i Vestmannalaget 17. mai 1900. I 50-års-meldingi til dette laget står det mel. a.:

«Etter kappleiken spela Kari Rudi frå Valdres nokre låttar på langeleik. Folk lydde på med hugnad og undring. Det var nytt og ukjent for folk her, dette mjuke, vene spelet.»

Det var nok skuldi til Kari Rudi, Braute, at dei fleste jentor i Øyebygdi i Røn spela på langeleik ved 1900 og utetter. Det var Per Moe, bror til Olav Moe, som gjorde langeleikar til alle jentor og andre som ville ha. Det var difor langeleikar på dei fleste gardane i Øyebygdi den tid .42

I 1901 spelte Kari Rudi på Valdres Sambands-stemna i Como Park, St. Paul.

I Amerika skulle ho ein gong ha vore på gjesting hjå senator Knute Nilsson og spelt åt han. Ho Kari døydde i Amerika, men ingen veit no kva tid det var.

 

Ragna Fystro,

g. m. Andres Rogne, Fystro, og syster til Ragna, Ragnhild Midthus, f. Fyrstro (1884-1966), var dugande langeleikspelarar. Ragnhild spelte ei tid på Valdres Folkemuseum ikr. 1954.

 

Trond i Bagnsbrota

var ein langeleiksspelar i S. A., han var f. ikr. 1766. O. K. Ø. har skrive dette om han i Gamalt frå Valdres:

«Han hadde noko dokkefanta so dansa ette spele o for me desse o leike i kringo mange bygda o va mykjy tåhalden før spele sitt. Følke på Islandsmoe e tå ætt'n hass Trond, og den musikalske gåre ha halde se i ætt'n radt åt Orgelspelaro no (1911) ve Bagnskyrkj a.»

 

Ragnhild i Viken

var g. m. Ola johannesson i Viken frå ein plass under Håe på Leira i N. A. Ho var utifrå flink langeleikspelar, og ho med hadde to dansardokkor som linka seg i takt med spretten ho spelte med.

Ragnhild for landet rundt på marknader og spelte. På Kristianiamarknaden skulle ho ein gong ha tent så mykje at ho sende heim 10 dalar med gamle Førs-mannen. Ei tid hadde ho med seg Johannes, sonen sin, som var ein frisk hallingdansar. Mori let, og han dansa. Dotteri Barbro var og ofte med henne. Johannes Viken fekk, etter desse ferdene, slik hug og dug for langeleikspelet (s. h.).

Ragnhild var ei uvanleg sterk kvinne og svær til å fortelja eventyr og segner. Ofte fortalde ho i samband med spelet sitt.

Ragnhild i Viken spelte langeleik for Ludvig M. Lindeman i 1848. Mel. a. skreiv han opp ein St. Tomasklokke-lått etter henne (nr. 109) og Langeberglåtten (nr. 18) og fleire som står i hans Norske Fjeldmelodier. Ho fortalde han óg nokre segner som ein finn i dette same verket."

 

Marit Andrisdtr. Follinglo

var mor til Andreas O. Hauge. Ho var svært musikalsk. Såleis var ho ein god langeleikspelar. Ho fekk 1. premi på ein kappleik på Fagernes. Det var Den Norske Turistforening som fekk han til. Ho var óg framifrå til å seia fram eventyr og segner og god til å syngje og tralle låttar, særleg etter Bendik i Nø'n (s. h.), som var syskenbarnet hennar. Andreas Hauge hadde og brukt langeleiken hennar. Ho levde ikr. 1850-1900.

 

Johannes Olsson Vike,

seinare Hallen var ein glup langeleik-spelemann. Han vart g.m. ei Kari frå Etnedalen. Faren, Ola Johannesson Vike, let over plassen Vike til sonen sin Johannes og kjøpte Halle eller Hølle på Abjør i N. A. Kona hans Ola var Marit Renna uta Sørskogen.

Johannes Hallen var ei tid saman med mor si, Marit i Viken, seinare Hallen og lærde då spela langeleik av henne. Då Håe-bonden løyste inn plassen Vike i 1886, flytte og Johannes med huslyd til Hallen. Frå no av kalla han seg Johannes Hallen. Han for, som mor si, mykje rundt i landet på spelferder og var landskjend for spelet sitt.

I 1897 tok han ein tur til fots frå Valdres til Oslo. Då vart han i «Verdens Gang» utspurd av Christian Krogh «Det ikke meget forståelsesfulle, men uhyre fornøyelige referat av møtet står å lese i «Kampen for tilværelsen», skriv 0. M. Sandvik.

I «Valdres» 2/5 1907 står at Johannes Hallen hadde vore på Slottet og spelt langeleik for Kong Håkon. Kongen likte spelet så godt at han bad han koma att og spela for nokre danske gjester.

Johannes var og netbindar. Når han på ferdene sine ikkje hadde høve til å spela på langeleik, batt han net og nøter. Ei ferd til Oslo for han tok gjerne 15 dagar, for han gjekk heile vegen og hadde ærend inn så mange stader, anten med spel eller med handverket sitt.

Johannes var ein smålåten kar. Han sa gjerne at han ikkje var nokon særs flink langeleikspelar. Kari Rudi, Braute, spelte betre, sa han. Spelingi var berre attåtfortenesta hans.

Johannes Hallen og kona hadde 7 born attåt at han i lang tid laut gje mat og stell til dei gamle foreldri sine.

Langeleiken hans var over 200 år gamal. Ein gong vart han boden kr. 58 for han, men han ville ha kr. 60, og så vart det ikkje handel, og godt var det. Sjølv sa han at han hadde laga mange låttar. Ein springlått han hadde laga, kalla han Sliringen. Ein annan var Drammen. Om denne sa han: Det var ei natt eg låg og sov at eg døymde at ei av grannekonone våre var daud og skulle åt gravi. Eg såg kista, syrgjande skyldfolk og heile likfølgjet, der dei gjekk i mot kyrkjegarden. Då høyrde eg ein vidunderleg musikk. Han kom or lufti, og det klang som mange kyrkjeklokkor. Då likferdsfølgjet kom inn på kyrkjegarden, vakna eg.

Tonane eg hadde høyrt, høyrde eg då eg vart vaken. Eg stod opp og spelte dei på langeleiken. Sidan har eg ofte spelt Drammen. Kona eg drøymde om, døydde eit par dager etter. Johannes Hallen fall truleg bort i 193 0-åri.32

 

Berit Ormestad

(19/2 1850-2/12 1938) hadde lært spela langeleik mel. a. tå Guri på Røvangsmoe, syster hennar Berit Pynten. Ho Berit tente på Kvie minst ein mannsalder. Alle stader hadde ho leiken med seg og spelte i ledige stunder. Ein lått ho let mykje var Ringtøskje-låtten.

 

Guri Thorstad

var lærarinne. Jentenamnet var Bergh. Ho Guri, Marit Jonsrud o. fl. var gode kjeldor for den danske folkemusikkforskar Hortense Panum. Ho var i Valdres somrane 1916 og -17 og studerte langeleikspel. Seinare gav ho ut «Middelalderens strengeinstrumenter» og «Langeleiken som dansk folkeinstrument».

Guri Thorstad spelte mykje til hugnad for mange. Ho vart diverre blind på slutten ho levde, så ho kunne ikkje spela lenger. Ho døydde hjå sonen sin på Biristranden, der ho budde på slutten.

 

Ola Myren

og bror hans, Arne Grolien, var dugande langeleikspelarar. På langeleiken spelte dei ein mengde Brøta-gut-låttar, mel. a. nokre marsjar og brudelåttar. Tre til fire av desse Brøtagut-låttane visste han Ola ingen annan som kunde, etter at Arne, bror hans fall bort i ung alder. Ola slutta spela av religiøse grunnar. Han døydde i Ramnes 1938. Det var hjå desse brørne Ola Brenno fekk fyrste interessa si for langeleikspel, er det sagt.

 

Ragnhild Melby

var i unge år framifrå til å spela på langeleik, såleis fekk ho 1. premi på ein kappleik på Fagernes.41 Ho var frå Vestre Slidre og var g.m. Ola T. Melby i Dalegrendi. Ho hadde visst lært mykje av Kari Braute, som ho snakka mykje om. Ragnhild Melby spelte langeleik for kong Haakon den Vll. Langeleiken hennar er nok på Melby enno.

 

Kari Øysteinsdtr. Rudi,

seinare Fossum var ein namngjeten langeleikspelar. Ho var syster til den kjende felemakaren Knut Ø. Rudi. Då ho var 9 år, var ho med i ein kappleik på Fagernes. Det var Den norske Turistforening som hadde fått han til med hjelp av stortingsmann Bergh frå Hallingdal. Halvard Bergh, bror til stortingsmannen, var med og delte ut premiane. I ei pressemelding om dette står:

«Han (Bergh) lot Kari (Rudi) vente til slutt. Så tok han «Vesla» på armen og sa: «Du trudde vel du ikkje skulle få noko, du, men han venta ikkji før lengi so venta på ein go dugur.»

Så festa han æresprisen, ei brystnål i ekte gull og filigransarbeid, gjeve av Norsk Filigransfabrikk i Kristiania på bringa hennar. Ho kosta kr. 15, og det var mykje i dei dagar.

Så heldt han ein liten tale for henne.

Kari vart sidan «ubestridt en av de aller dyktigste i sin tid (i langeleikspel) med utpreget mykt anslag, stor ferdighet og sikkert takt og rytme».

Kari Rudi var alltid smålåten og blyg, men ho laut mange gonger spela i NRK og visstnok ein sommar på Valdres Bygdesamling medan O. E.Bø styrde museet. Ei tid var ho knytt til Norsk Folkemuseum, Bygdøy, der ho spelte langeleik.

Då ho var vel vaksen, vart ho g. m. byggmeister Johan Fossum og flytte til slutt til Oslo. Dei fekk 7 born.

Kari hadde lært å spela av desse 4 systerne sine, som alle var dugande langeleikspelarar: 1. Sigrid Rudi, g. m. Andres Sebu. 2. Ragnhild Rudi, g. m. Gudbrand Sørli. 3. Ingebjørg Rudi, g. m. Torstein Perslett. 4. Marit Håvi, g. m. Torleiv Håvi på Haugsæter.

Kari Fossum var og av dei som spelte åt Panum. Frå 1920-åri og utetter spelte ho mykje på ymse tilstellingar. Ein Svein Bruun skreiv mel. a. slik om ho i ein minneartikkel etter ho var fallen bort:

«Fra naturens side hadde hun fått i gave en fingerteknikk og et innblikk i instrumentets muligheter, som gjorde henne til den framrakende spillersken hun var.

Når det galdt veldedighet, som f. eks. Nasjonalhjelpens arrangementer, var hun stadig med i de meget omtalte norske kulturkvelder i Universitetets aula og andre steder. Ved et spesielt høve ble hun også spilt inn på lydfilmer, som senere er blitt en enestående Norgesreklame. Også ved alle store friluft-kulturkvelder, som Oslo kommune arrangerte i parkene de siste somre, var hun med og bidro til å høyne de utsøkte norske programmene.

Få folkemusikkutøvere har vel blitt forundt å spille for slike enorme publikumsmasser, som hun fanget inn under sitt herlige spill.

Hennes siste offentlige opptreden skjedde ved et kjempearrangement i veldedighetens tjeneste i Calmeyergatens misjonshus, hvor henved 3 000 tilhørere tiljublet henne under orkanaktig applaus.»

Kari Fossum var f. 13/2 1881 og d. 1949.