Ein tur gjennom Sør Afrika


Ei reise før den 5. internasjonale sauekongressen i Stellenbosch, 2001.

Av Nils Leine, 2975 Vang i Valdres

 

Johannesburg flyplass den 12. januar, klokka er 8 om morgonen, temperaturen er ca 30ºC. Vi står og ser etter nokon som skulle henta oss, men som ikkje er der. Turistkontoret på flyplassen hjelper oss, og vi får tak i ei drosje etter å ha bana oss veg gjennom ei mengd med folk som vil hjelpa oss å bera bagasjen og køyra oss, og forbi væpna vakter. Drosjesjåføren finn til slutt fram til plassen vi skal vera på, men fyrst etter å ha vore innom det lokale veterinærkontoret for å spørja etter vegen. Langs vegen står det svarte over alt, særleg i vegkryssa. Der kan vi av og til sjå at det stoggar ein pickup. Opp på lasteplanet hoppar det nokre svarte, dei har stått her og venta på at nokon treng dei. No er det arbeid nokre timar for dei som er heldige. Det er 70 % arbeidsløyse i Sør Afrika. Vi køyrer forbi eit "Security Senter". Der er det piggtråd og panservogner oppstilte. Vi kjem til slutt fram til "Farm Inn" der vi skal vera eit døgn. Nok ei væpna vakt slepper oss inn. I resepsjonen får vi ei overveldande mottaking. Tre svarte berarar vil gjerne ta hand om bagasjen vår og bera den dei 50 m bort til rommet.

Og dei er veldig hyggelege og vil ta oss med ut for å sjå løver og elefantar. Dei åtvarar oss også og seier at vi må ikkje bli redde om løva brølar ved midnatt. Vi blir litt usikre, er det slikt i hagen her? Det viser seg at alt er godt inngjerda, og vi får ei omvisning i den private zoologiske hagen. Eit kultursjokk for oss blåøygde nordmenn, og så får vi seinare høyra at dette er ikkje Afrika. Afrika finn ein i dei "svarte" forstadane til byane, dei heiter "townships", og er laga av alt frå regulerte bustadfelt med små fine murhus til dei mest elendige krypinn vi har sett. Ein finn det i den austlege folketette delen av Sør Afrika, der dei svarte lever med sine små saue- og geitebuskapar, og ein finn det nord for Sør Afrika. Der vi skal reisa er det dei kvite som bur.

På Farm Inn treffer vi etter kvart både nordmenn, svenskar og skottar som vi kjenner frå før. Særleg er det triveleg å sjå Åsa, Snorre og Kalle, Tove og Torleiv . Dei skal vera med oss på den same turen gjennom Sør Afrika. Klokka tre er det "Game Drive". Då sessar vi oss på ein slags lastebil og blir køyrde rundt på garden. Vi får dei fyrste glimta av kudu, sebra og impala. Snorre er zoolog og viser seg som den store eksperten på desse dyra.

Kvelden kjem, og kven andre enn Miriam Hauke Tønnesen dukkar opp. Ho studerer flåttsjukdommar i Sør Afrika og skal vera ferdig med lisensiatgraden til sommaren. Det er ikkje så framandt lenger.

Vi møter turleiaren Ken, kona Jenny og dei to borna deira. Dei viser seg å vera svært flinke, og hyggeleg vertskap, og gjer sitt til at dette blir ein tur vi aldri kjem til å gløyma. Ken er professor ved Onderstepoort, det einaste veterinærfakultetet i Sør Afrika, ved universitetet i Pretoria. Han er også sjef for den vitskaplege delen av kongressen og er med i hovudkomiteen. Vi får beskjed om å stå opp ein time før planen, vi skal gjennom mykje dagen etter. Dette viser seg å gjelda heile turen. Vi har alltid eit svært stramt tidsskjema.

Turen går til ein stad der dei driv "cheetah"oppdrett. Dette er geparden, det kattedyret som spring snøggast, og som held på å bli utrydda. Den kan springa i 110 km/t og treng 3 sekund på å koma opp i 96 km/t. Her har dei mange, dei sel cheetah til dyreparkar og til private mange stader. Dei har også andre dyr der, blant anna afrikansk villhund. Vi bli der lenge, det er varmt, men interessant. Så blir vi køyrt til universitetet. Eit svært stort og moderne anlegg. Særleg er dei flinke på smådyr. Men dei har også flotte stallar for drøvtyggjarar og hestar. Det er laurdag, og vi får berre eit raskt inntrykk av forholda. Men det slær ein at dette er ein solid lærestad. Det var tidlegare to veterinærfakultet, det andre var mest for svarte. No er det lagt ned og det er både svarte og kvite her. I desse dagane skal dei tilsetja den fyrste farga direktøren, noko dei kvite ikkje set altfor stor pris på. Den nye direktøren heldt forresten ein fin tale til opninga av kongressen, der han la vekt på at forskinga og undervisninga skulle leggja vekt på

Å få informasjonen ut til bøndene

At den var økonomisk til fordel for bøndene

At den tok omsyn til ulike typar drift (frå småskala til stordrift)

At ein tok omsyn til forbrukarane slik at ein kunne unngå skandalar som f eks BSE i Europa.

Det er alt kvelden då vi er ferdige med universitetsbesøket. Vi kjem til eit luksusanlegg med hytter og ein restaurant i ein enden. Der er vi i eit kvarter før vi må vidare til ein afrikansk kulturkveld. Her er det folklore, omvisning i kraalane til dei forskjellige stammene som har budd i Sør Afrika og til slutt eit gedigent måltid, før vi blir køyrde tilbake til hyttene våre for nokre timars søvn. På festen er det også med deltakarar frå den lengste turen på 11 dagar, blant dei fleire norske. Dei treffer vi ikkje att før turen er slutt. Vi var 14 norske på kongressen som hadde ca 300 deltakarar.

Sun City neste, bygt i eit tidlegare "Homeland" der dei svarte måtte bu under apartheidstyret. Dei blir også kalla Bantustan, og det var 9 av dei. Eit spelekasino og fleire luksushotell finn vi her. Her hadde dei svarte gjort det godt økonomisk. Det var ikkje lov å spela i Sør Afrika undre apartheid, men i staden drog dei hit. Ein rik jøde hadde bygt "Palace", eit enormt hotell som vi, tre nordmenn og ein svenske, greidde å få ei omvisning i. Her fekk vi ei lita aning om ein kjempeluksus som nokon menneske lever i.

Tidleg neste dag var vi på veg inn i Pilansberg, eit privat naturreservat, saman med ei triveleg jente som "ranger". Framme i bilen hadde ho skarpladd gevær og ingen fekk gå ut av bilen. Ho hadde store kunnskapar om dyre- og plantelivet, og vi fekk sjå store flokkar med sebra, fleire kvite nasehorn, giraffar og ikkje minst eit lite vortesvin som bada i ein søledam dyra brukte som drikkeplass. Det var ein fordel med gode kikkertar og telelinser. Pilansberg er på 550 km2.

 

Etter ein kviledag var det ny "Game Drive" om kvelden. Ein ny "ranger" sat ved rattet. Denne gongen var det ein litt tøffare type. Han ville at vi skulle sjå løver og elefantar. Farten var enorm, og vi kom gjennom store deler av parken på ei lita stund. Utpå kvelden fekk han melding om at det var sette elefantar. Bilen vart snudd og det bar av garde i ein viss fart, og brått stod dei der og sperra vegen. Ein stor flokk som beita på buskene. Det vart fotografert lenge og vel før vi snudde, og på ny var det løvene som skulle finnast. Vi såg til saman ca 16 kvite nasehorn og eitt svart, klippegrevling, som er det viktigaste byttedyret for svartørna, flotte giraffar, store antilopeflokkar ved ein nydeleg kunstig innsjø. Men vi såg ingen løver. Det vart snøgt mørkt, men løvejakta heldt fram. Lyskastarane vart sett på, to på kvar side av bilen og ein i handa til sjåføren. Vi såg etter katteaugo som lyser i mørkret. Men dei var ikkje å sjå, og vi kom til slutt fram til staden der vi skulle på grillfest, ein serveringsstad ute i skogen med bambusgjerde rundt. Så mykje god mat var det å velja i at det var vanskeleg å halda måten.

Pilansberg er ein av mange private og statlege parkar der dei held ville dyr. Den ligg i eit svært gamalt vulkanområde, eit av verdas eldste blir det fortalt. Parkane er godt inngjerda og har eit stort vakthald. Dette er turisme og bevaring av trua arter på same tid. Området vi var i hadde vore landbruksområde. Men alt som kunne minna om det gamle jordbruket var teke vekk, dei gamle planteslaga var ført inn att, og dei hadde kjøpt inn nesten 6000 dyr frå 18 trua arter. No formeira dei seg så godt at det var fare for overbefolkning, men dei hadde ikkje svar på korleis dei ville ta seg av det problemet.

Turen gjekk vidare dagen etter. Dei karakteristiske gamle vulkanfjella vart avløyste av flatt landskap. Slagghaugane frå gullgruvene var det einaste som heva seg opp i horisonten. Men dei ser då også ut som fjell. No var tida snart inne for vårt fyrste møte med det sørafrikanske jordbruket. I nordaust ikkje langt frå Pretoria kom vi til ein farm der dei hadde sau og mais. Etter ein flott velkomst som delvis var sponsa av eit medisinfirma, fekk vi ei innføring i drifta, og vi fekk sjå sauer. Det var 1200 sauer på garden. Dei fekk luserne i 9 månader og mais i 3 månader. Grunnen til at dei hadde merino var at dei ikkje fekk trommesjuke på den einsidige lusernekosten. Men dei hadde andre sjukdomsproblem. Det vart vaksinert mot bluetongue, pasteurella og enterotoxemi. Dei såg etter parasittegg kvar månad, og når eggtalet gjekk over 500 EPG, vart det behandla. Verane vart undersøkte om dei hadde anemi. Dette gjorde dei ved å sjå på fargen på augeslimhinna. Dei fekk så ein anemiindeks som gjekk inn i den totale avlsindeksen. Grunnen til at dei gjorde denne undersøkinga var for å ala fram dyr som var resistente mot Haemoncus contortus. Dei dyra som hadde kraftigast anemi, vart slakta. Seinare lærte vi at dei har sett denne anemitesten i system i Sør Afrika. Den blir kalla "FAMACHA©".

På vegen hit var vi innom Sterkfontein. Her vart Mrs Ples funnen i 1936. Skjelettet skal vera 2,5 mill år gamalt. No var det funne eit som var ein million år eldre. Dei rekna med å bruke ca tre år på å grava ut dette. Utruleg interessant besøk i den gamle kalkgruva.

Vegen gjekk så til Kimberly. Her var det historiske vandringar mellom diamantgruver og forteljingar om Boerkrigen, eller "The great Anglo-Boer war". Vi fekk grundig innføring i båe desse viktige delane av historia til Sør Afrika. På eit tidspunkt i historia var det to store industriar i Sør Afrika, ull og diamantar. I over ein time i 38ºC varme fekk vi ei levande skildring av slaget ved Magersfontein, der boarane slo britane. Eit skandinavisk kompani på 80 mann vart då drepne av "The Highlanders". Det hadde vore nordmenn med, på boarane si side.

Så ut på vegen att, eit stutteri var neste stopp. Stutteriet var eigd av De Beers diamantkompani. Fru Oppenheimer heiter eigaren. Dei eig store deler av Sør Afrika. Store mengder av den svarte befolkninga eig ingen ting. Dei har mange stader elendige sanitærforhold, ikkje telefon, ikkje transportmiddel. På stutteriet var det aircondition i enkelte stallar. Det var nokre fantastisk fine hestar vi fekk sjå. Kva rase det var, fekk vi ikkje greie på. Ingen vart selde derifrå, men dei tok imot 40 hopper til bedekking. Kvart sprang kosta 60.000 kroner.

Bøffelfarm var neste stopp. Dette er også storindustri her i Sør Afrika. Ein bøffel uansett kor stor eller liten han er kan seljast for over 190.000 kroner. Ei vanleg årsløn i Sør Afrika er 50.000 kroner Det er stor etterspurnad då det er berre eit lite tal friske bøffel att. Mange bøffelflokkar i nasjonalparkane som f eks den største, Kruger, har endogen smitte av munn og klauvsjuke. Difor må dyra som skal seljast, sjekkast ofte for tuberkulose, filariose og munn og klauvsjuke. Medan vi var i Sør Afrika, fekk vi høyra om eit M&K utbrot nær Kruger nasjonalpark. Gjerdet til parken var rasa saman på eit lite område og nokre bøflar var komne ut. Så var smitten spreidd. Kruger ligg over 100 mil borte frå der vi var. Endå eit MK utbrot høyrde vi om. Dette kom via matavfall frå Asia. Veterinæren som var med oss til stutteriet og bøffelfarmen, var vert ved kveldsmaten. Kona og dei tre døtrene stod for maten, spekemat og små fine kaker, store mengder vin og øl. Det smakte godt i den nydelege afrikanske kvelden med solnedgang og bråmørke. Kvelden vart avslutta i Kimberly Club. Her hadde dei prominente frå overklassa hatt sine møte opp gjennom åra. Vi fekk beskjed om å ta på oss noko finare klede enn før, men eigentleg var stemninga også her nokså jovial. Og ikkje mindre jovial vart den då Pertti frå Finland stemde i med sin eigen song "our small lambs have nothing to worry...".

På bussen att dagen etter. "Great Karoo" er tørr og varm om sommaren. Det betyr "Den store tørsten", ligg 1500 m over havet og dekker 2/3 av Sør Afrika. Støvet fann vegen gjennom dei minste sprekkane og bles opp gjennom toalettet inn i bussen då vi tok til å køyra på dei grusa sidevegane på veg til ein ny farm. No skulle vi sjå den sauen som var verkeleg sørafrikansk, Dorper. Den stammar frå 1930-åra då dei kvite tok til å driva husdyravl for alvor. Dei hadde behov for ein sau som tolde tørken og varmen, og kunne leva av busker. Vanlege sauer er ikkje busketarar. Dei hadde i fleire år hatt Perser og Dorset Horn. Desse vart kryssa, og frå 1950 vart denne krysningen den nye store rasen i Sør Afrika. Seinare har dei eksportert til fleire land. Det er fyrst og fremst ein kjøtsau og blir ofte klipt berre annakvart år. Den er godt kjøtsett, lamma veks fort og den toler klimaet godt. Karakteristisk er det svarte hovudet og den kvite kroppen, den er som eit symbol på det nye Sør Afrika. Dei svarte styrer, men dei kvite har hand om økonomien. På vegen bortover til garden vart det snakka litt om korleis dei kvite no ser på framtida. Dei er svært usikre. Den nye presidenten, Mbeki, er for lite ute blant folk, og dei veit ikkje kva han står for. Det var noko anna med Nelson Mandela. Dessutan er dei svært bekymra for "confirmative action", eller kvoteringssystemet dei har innført. I praksis vil det seia at det er umogeleg for kvite menn å få jobb i administrasjonen i Sør Afrika. Mange ser seg om etter jobb i utlandet, og det var alt stor utvandring til USA og andre vestlege land.

Dorperfarmen er ei oppleving. Støv og tørke ute på sletta der sauene går, som ein edens hage inne der folka bur. Små dammar og fontener i eit fantastisk hageanlegg. Drueklasar under takskjegget. Kvinnene stod klar med eit herleg måltid og forfriskande drikke. Karoo er tørr, men berre 15 m nede går grunnvatnet. Små vindmøller pumpar vatn opp over alt, og sauene får det dei treng av drikke. Det er i overflod til eit flott hageanlegg. I Sør Afrika er det som

oftast reint vatn i springen. Det er svært god kvalitet på vatnet. Det er sjølvsagt lite tilvekst i vegetasjonen om sommaren. Det er sommaren som er kritisk, det gjeld å få dyra til å "oversomra", ikkje overvintra slik som her hjå oss. Det meste av 250 mm nedbør i året kjem om vinteren. Det hadde ikkje regna sidan september. Men desse sauene har 60 mål kvar å gå på. Så dei greier ei lang tørkeperiode. Her lammar dei kvar 8 månad. Dei får ikkje tilskotsfôr av noko slag. Sør Afrika er eit svært rikt land på mineralar. Mange stader inneheld jorda alt som er nødvendig. Slik er det i Karoo. Derimot er det ikkje så enkelt nærare kysten i den vestlege Kapp-provinsen, der er det meir slik som vi kjenner det, mineraltilskot er nødvendig.

Vi spør dei kor mange arbeidarar dei har. No er det 10 får vi høyra, men dei treng berre 6. Desse svarte familiane bur i hytter eit lite stykke frå dei kvite. Dei blir forresten sikkert sagt opp innan det er gått altfor lang tid. Dei nye lovene gjev dei svarte arbeidarane eigedomsretten til landet dei bur på når dei har butt der i 10 år. Dette vil dei fleste unngå. Dei svarte må difor slå seg ned andre stader. Når den kvite bonden treng ekstra arbeidskraft, bruker han "Boss telephone", som han kallar det, det vil seia jungeltelegrafen, og straks står det meir enn nok arbeidarar klar.

Det var vemodig å ta farvel med denne oasen. Vegen vidare var like støvete, og vi vart alle dekt med eit raudt lag av den afrikanske jorda. Vi reiste vidare over Karoo og kom til Baufort West, som ein gong var hovudstad i Sør Afrika. Etter eit lite opphald her kom vi stadig meir vestover, og det vart litt fjellandskap rundt oss. Litt nede i ein dal tok vi inn på ein liten gard der dei driv med turisme. Her var det svært hyggeleg vertskap. Det var tid til ein liten fjelltur i det karrige landskapet, og her var det to ting som slo oss. Det var søppel over alt. Glasskår og metallbitar stakk opp alle stader, så ein måtte verkeleg sjå seg for. Men då vi kom opp i fjellet, gløymde vi det, for her var ei flott utsikt. Då vi tilfeldigvis kom til å slå litt på ein stein, høyrde vi ein klang som av ei kyrkjeklokke. Det var lyd frå stein som vi aldri har sett eller høyrt maken til. Den må vera "malmtung", nok eit bevis på at det vi har høyrt om Sør Afrika som eit mineralrikt land, er sant. Her hadde vi ein svært triveleg kveld i hagen saman med vertskapet og dei andre turdeltrakarane frå New Zealand, Australia, Skottland, England, Sverige, Noreg og Sør Afrika. Vi fekk også den fyrste innføringa av ein ung distrikts-veterinær i korleis dagen arta seg for han i Karoo.

Neste dag starta med frukost i den kombinerte kafeen og salgslokalet for vin og suvenirar. Deretter gjekk turen til ein merinofarm. Vi såg heilt andre måtar å driva på enn det vi kjenner til. Kvart dyr hadde der 30 mål å gå på. Anbefalt var 60 mål. Her dreiv dei beiteskifte. Fyrst 5 dagar beite, og så låg det urørt i 180 dagar avhengig av om det var nedbør eller ikkje. Dei hadde lamming kvar 4. månad på ca 1000 søyer. Så det vart levert slakt heile året. Klipping 2 gonger i året. Betalinga var 2,50 pr sau som vart klipt med handsaks. 8 klypparar greidde 450 sauer pr dag. Her fekk vi også sjå nokre av dei mange giftige plantene dei har i området. Det vi hadde høyrt om frå før, var Tribulus terrestris som gjev Geeldikkop eller ei form for foto-sensibilisering. Elles var det mange hjerte-glykosider i desse plantene, som kunne gje former for krampe.

Men Karoobuskene som sauene livnærer seg av, er svært næringsrike. Ein plante som dominerte var villrosmarin(Eriocepahlus africanus). Den har ein fantastisk aroma, og når det er nok av den, unngår dei stort sett forgiftningar.

Av andre sjukdommar var flått eit problem. Men her fekk vi ikkje inntrykk av at dei hadde flåttbårne sjukdommar. Men at flåtten var svært plagsam, det fekk vi sjå. Det sat store mengder flått i speilet og særleg rundt vulva/anus. Mage-tarmparasittar var det lite av. Det var altfor tørt. Bendelorm kunne likevel vera eit problem på lam og ungsau. Det var den unge veterinæren som var med her. Men i tillegg var det to veterinær-teknikarar med. Dei har 3-4 års utdanning og gjer mykje feltarbeid for veterinærane. Men dei gav tydeleg uttrykk for at dei ikkje var tilfredse med tilhøva i Sør Afrika. Dei kom ikkje vidare, korkje fagleg eller økonomisk no. Dei var svært ivrige etter å få seg jobbar i utlandet.

Vi var no komne langt sørvestover, og området vi kom inn i blir kalla "Little Karoo". Her vart vegetasjonen meir variert. Det var spreidde småtre og det var grønare drag i dalsøkka. Outshoorn er ein by som på mange måtar liknar på ein Nord-Europeisk småby. Der kom vi til ein restaurant som kanskje var den finaste på heile turen, og det seier ikkje så lite. Vi hadde to andre reisemål i dette området, nemleg struts og krokodiller. Strutsefarming var her særs viktig. For knapt hundre år sidan var det ein svært lønsam forretning. Strutsefjør vart svært godt betalt. Strutsen var like verdfull for "Little Karoo" som gull var for Transvaal og diamantar var for "Great Karoo" og Kimberlyområdet. Det er slutt på den tida då strutsefjørene er så verdfulle. Men kjøtproduksjonen er no storindustri, og mykje går til eksport. På kvar gard i området gjekk det struts, og vi fekk omvisning på ein kombinert oppdretts- og produksjonsfarm. I tillegg hadde dei strutsesafari for turistar. Vi fekk sjå korleis kyllingane gjekk saman med foreldra sine, korleis dei skjerma seg for sola, og dei små husa dei brukte når temperaturen gjekk under +18ºC. Det var nedre temperaturgrense for dei små. Safarien enda med strutseriding. Dei som var under 75 kg kunne prøva seg, og til slutt var det konkurranse mellom to oppassarar på kvar sin struts. Måten dei fengslar strutsen på er forresten med ein sekk over hovudet. Då ser han ikkje, og blir heilt roleg.

Eit anna dyrehald er krokodillefarming. Det var ei nokså tvilsam oppleving å gå rundt og sjå på desse dyra. Dyrepassaren gjekk inne hjå dei, men han passa seg. Det var snakk om at når krokodillene klappa att munnen, gjorde dei det med eit trykk på 40 tonn per ei svært lita flate. Det var likevel etterspørsel etter desse dyra også. I krokodillefarmen var det mange andre dyreoppdrett også, bl a cheetah, tiger, puma, leopard.Oppdrett av "ville" dyr, særleg rovdyr, er stor forretning, det har vi i alle fall sett.

 

 

Frå Outshoorn er det ikkje langt til kysten. Det blir stadig meir frodig landskap, vi køyrer gjennom område der dei driv humledyrking og snart ser vi George, ein nydeleg by som vi berre køyrer raskt gjennom. Vi skal til Knysna, ein typisk turistby ved sørkysten. Vi får rikeleg tid til "shopping" og ei stund på ein ute-restaurant, før vi set oss på eit gamalt tog som skal ta oss med på ein liten del av "The Garden Route". Dette er den finaste togturen dei kan tilby oss i Sør Afrika. Og det er då også idyllisk langs kysten. Vi køyrer forbi små villastrøk og innsjøar, og det minner oss om Noreg. Men så ser vi for alvor Det Indiske hav, og turen tek slutt ved ei fin sandstrand der hotellet vårt ligg like ved, nok eit luksushotell. Men vi vil bade, og i dei kraftige bølgjene og straumane får vi av oss noko av det raude støvet som fylgjer oss på resten av turen og heilt heim att. Dei australske deltakarane er storsymjarar, og er gode å ha som rettleiarar for ein landkrabbe som ikkje skjønar seg det minste på havstraumar og understraumar. Kvelden blir avslutta med ein buffet, ca 40 m med forskjellige retter. Men det er dama som steiker pannekakar som tek prisen. Ho har gjort det før, det kan vi sjå på kor stødig ho står medan ho snur pannekakene i lufta.

Vi har enno att ein dag før vi er framme, og vi skal til ein ny sauegard den siste dagen på turen også. Merino og kveitedyrking i kombinasjon har dei her. Dei har også hundar og eit lite motorisert køyretøy, for dei ser etter dyra sine, i motsetning til det som er vanleg.Dei tek inn i hus sjuke lam og søyer. Dyrlegen som er her seier at han fekk dei til å klyppa av øyra på alle daue lam og hengja dei på ei snor. Då talet kom opp i 3-400 tok folk til å skjøna at dei kanskje burde leggja om arbeidsmetodane sine. Vi såg mykje rovfugl heile vegen og vi skjønar at dei har nok å ta av på sauefarmane. Når vi spurte om det var problem med sauehaldet når det var så mange dyr å sjå etter, fekk vi til svar at det var ikkje problem. Men vi fekk likevel ut av dei at lammetapet kunne gå opp i 25 %. Alle sauer blir halekupert. Det var ikkje noko fint syn å sjå mange av desse dyra med halen kutta nesten litt inne på ryggen. Så hadde dei også ein god del endetarmsframfall på grunn av at muskulaturen vart for slapp til å halda tarmen på plass. Men det var ingen diskusjon om dette. Det var lite snakk om dyrevelferd i det heile.

Her var det forresten ein interessert og flink veterinær som var komen langt i å driva førebyggjande helsearbeid. Han vart med oss vidare på kongressen og fortalde om barndomen sin i Namibia. Mora var boer og faren var engelsk, og han hadde skifta skulespråk fleire gonger. Det vanlege er at dei sørafrikanske borna lærer tre språk, afrikaans, engelsk og det lokale språket som dei svarte snakkar, det er 9 av dei språka i Sør Afrika. Afrikaans er forresten mykje likt norsk, og vi skjønar mange av skilta vi ser langs vegen, men uttalen er ikkje lett å forstå. Dyrlegen fortalde også om krigen i Angola der Sør Afrika hadde vore inne i 15 år.Han hadde vore veterinær for polititroppane, og hadde m a ansvaret for hundane. Om kvelden leia han den sørafrikanske synginga, dei song boersongar, slik forstod i alle fall vi det.

Det går mot slutten av turen. Berre nokre timar til i den vestlege Kapp-provinsen saman med ei gruppe menneske du har hatt ei uvanleg veke saman med. Dei fleste treffer du kanskje ikkje meir, men det har vore ei utruleg samansveisa gruppe. Deborah frå Australia sette straks turen tok til, i gang med å laga ein song om turen. Vi øvde meir og meir på den di nærare vi kom målet vårt, Stellenbosch. Cameron, som var mekanikar heime, heldt humøret oppe på alle, og dei såg til at alle hadde det bra. Jenny sende etter kvart rundt små posar med konsentrert næring då det vart lenge mellom matøktene. Og Ken heldt stadig nye forelesingar om Sør Afrikas historie og geografi.

Så tok vinmarkene til å liggja tettare og tettare. Dei mest fattigslege skura i utkanten av byen vart avløyst av hus av ein litt betre standard, og heilt inne i byen var det breie gater med mektige gamle murhus. Stellenbosch er den eldste byen grunnlagt av boarane, den ligg nydeleg til under Drakensbergfjella. Vinproduksjonen hadde franske hugenottar med seg. Alle dei franske stadnamna vitnar framleis om det.

Vel framme installerte vi oss kvar for oss på hotell og studentboligar. Og om kvelden ynskte professor Gareth Bath oss velkomen, og vi vart servert eit gedigent måltid i universitetshagen, medan eit nokså underleg orkester frå Cape Town spela Cape-musikk. Vi trefte att gamle kjenningar, og var no samla til ein kongress som skulle vara i fire dagar.

 

Fakta om Sør Afrika

Areal: 1 1221 040 km2

Befolkning: 45 mill. (13% kvite, 76% svarte, 8 % farga, 3% asiatar)

Språk: 11 offisielle ( engelsk, afrikaans og 9 bantuspråk)

Hovedstad: Pretoria, Regjering

(Bloemfontein, høgsterett og Cape Town, parlament)

Landbruk: sysselset 13 % av befolkningen

Dyrkbar jord: 3% er god jord, men 15 % kan brukast

5,8 mill geiter (Angora, Boer og andre lokale raser, samt Saanen)

29 mill sauer (1995)

 

 

 
Siden blir redigert og laga av Nils Leine, 2975 Vang i Valdres.Sida er sist oppdatert den 15.02.2023