Framside

Om laget

Nytt

Historie

Referat/dokument

Låt ó Link

Peikarar

Aktivitetslogg

Valdres Folkemusikklag



Har du problem med å lesa PDF-filer, kan du henta Acrobat Reader med å klikka her.

 


VALDRESKVELVEN SPEL- OG DANSARLAG

Årsmelding for år 2008.

Årsmøtet for 2007 vart halde i Sørre Hemsing 4. februar 2008.

Val av nytt styre:
Leiar: Ivar Hemsing (tok attval)
Styremedlem: Ingrid Skavhaug
Tora S. Vik
Inger Sørum (ny)
Nils Leine (ny)
Vara: Jan Sparstad (attval)
Anna Ødegården (attval)

Revisorar: Arne Belsheim og Boye Thorpe (attval)

Valnemnd: Leiar: Anne L. Belsheim (Siste året)
Sigrid Eggen (2 år til)
Synnøve Kvam (3 år til)

Styret konstituerte seg på første styremøte:
Styremedlem: Nils Leine
Tora S. Vik
Skrivar: Ingrid Skavhaug
Kassarar: Inger Sørum

Medlemstal: Pr. 31.12.2008 var det 60 namn på lista, men berre 35 har betalt medlemskontingent for 2008. Inger har ringt LFS. Dei trur ein grunn kan vere at giro for innbetaling vart sendt ut svært seint i år. Dei vil difor sende innbetalingsgiro til alle på lista også for 2009.

I laget sitt eige: Ein langeleik
To hardingfeler
Ein kontrabass
Instrument i Rockeverkstad (ikkje avklåra endå)

Styremøte: Styret har hatt seks styremøte.


Mønstringskonserten, på Vang barne- og ungdomsskole, 13.mars 2008:
Valdreskvelven var representert med toraderar, trekkspel og bass. Tom Kjetil Tørstad, Monica Litangen, Ole Kristian Fredriksen, Torleif Havro, Kjell Gudmund Svien, Tomas og Jostein Hillestad. Desse spelte bla. Ednys vals, til trampeklapp frå salen. Låten var ei tid mykje brukt i trekkspelmiljøet, vår eigen Torleif Havro er komponist.

Påskedans: Filefjellstuene 19.mars.
I år la vi festen til onsdag før Skjærtorsdag. Det kom likevel ikkje fleire enn året før. God musikk av lokale spelemenn og triveleg for oss som var der.

Kappleikar: Deltaking frå Vang / Valdreskvelven:

Lokalkappleik: Solhaug i Øystre Slidre, 10. mai.
Rekrutt, fele: Marit og Jørgen Kvam, og Sindre Moen
Hardingfele junior: Tora S. Vik
Torader, trekkspell junior: Ole Kristian Fredriksen
" senior: Tom Kjetil Tørstad
Eldre folkemusikkinstr.junior:Anna Ødegården
Open klasse: "Lea deg". Fleire ungdomar frå Vang deltok.

Det var veldig flott at så mange deltok på lokalkappleiken. Fleire deltok på kappleik for første gong!

Landskappleiken på Oppdal, 25. - 29. juni:
Silje Onstad Hålien vann "Dans hardingfele, klasse B" saman med Frode Rolandsgard frå Vestre Slidre folkemusikk- og dansarlag! Gratulerer!

Jørn Hilme stemnet, Fagernes 20. - 27. juli:
Langeleik solo junior: Anna Ødegården
Langeleik samspel senior: Turid Berge
Dans hardingfele klasse A: Silje Onstad Hålien

Strunkeveko:
Deltakarar frå Valdreskvelven: Anna Ødegården, Tora Skavhaug Vik, Kari Marie T. Hagen, Anne Marte Fagersand Hemsing, Sindre Moen.

Deltakarane vart også i år støtta med kr.600,- kvar, frå Vang kommune. Det same frå Valdreskvelven.

Årsmøtet i Landslaget for spelemenn (LFS) 2008:
Valdreskvelven stilte ikkje med representant i år.

Aktivitetar:
Fele
Fram til sumaren heldt øvingane for dei yngste fram heime hos Karin og Ola Norvald Hagen. Lærar: Jan Beitohaugen Granli
Frå og med i haust er øvingane kvar måndag på VBU.
Dei vaksne har hatt to - tre øvingar i månaden i vårhalvåret, frå i haust to gonger pluss dansekveldane på Torsheim. Det gledelege er at det frå i haust har kome fleire spelemenn på øvingane. Dette går rett veg.


Trekkspel:
Øvingane i Øye har i vårhalvåret vore mest kvar veke, men spelemennene savna dans og liv. Frå i haust har dei øvd saman berre dansekveldane på Torsheim, i tillegg har nokre hatt telefonøvingar mens andre driv heimeøving eller samspel i mindre grupper.
På øvingane har det vore alt frå 4 til 12 personar.
Langeleik:
Dei unge går i Kulturskulen og har Bjørg Berge som lærar. Dei vaksne har framleis ikkje kome i gang med felles speling.
Dansekveldar:
Den spede start på dette var tysdag 21.oktober og nesten berre spelemenn som møtte, men ein fin kveld der alle fekk snudd seg litt. Vi vart einige om å forandre dag til sundag og unngå kinoen sine dagar.
Sundag 23.november 2008 og 18.januar 2009 var dei neste dansekveldane på Torsheim i Vang. Her kan alle samlast som har glede av å danse, spele eller berre høyre på. Det er ekstra god øving for dei som spelar å få spela til dans. Dei to første kveldane kom det ikkje så mykje folk, men mellom 20 og 30 personar.
Valdres'n med Elisabeth Øraker som journalist lagde ein god reportasje frå dansekvelden 23.november.

Anna:
Valdreskvelven spel- og dansarlag er no innmeldt i Vang folkeakademi.

Dansegolvet som vi har hatt i mange år, har no Nils Rogn og Kari Birgit Lien fått overta restene av, med ynskje om ein fest på golvet i vederlag.

Ungdomsfest i Torpo. Invitasjon fra Martin Myhr. Frå Valdreskvelven var det berre Tora som reiste i haust.

"Lea de". Prosjektet "Bygda dansar" er i Oppland f.o.m. høsten 2007 og i tre år framover. I 2008 har Anna Ødegården og Tora S.Vik frå Valdreskvelven delteke.

Ut over dei aktivitetane som er take med over, deltek medlemma i laget på forskjellige måtar; spelar til underhaldning, held kurs, køyrer, er publikum, organiserar og stiller som vaktar på dei store arrangementa i Valdres folkemusikklag, for å nemne noko. All deltaking er av det gode, så tusen takk til alle.

Sørre Kongslien, 10. februar 2009


Ingrid Skavhaug, Skrivar
Ivar Hemsing, Leiar