Framside

Om laget

Nytt

Historie

Referat/dokument

Låt ó Link

Peikarar

Aktivitetslogg

Valdres Folkemusikklag



Har du problem med å lesa PDF-filer, kan du henta Acrobat Reader med å klikka her.

 


Barbro Myhre

Frå Tidsskrift for Valdres Historielag, 1979

 Tilbake
Timeglaset til lærar Barbro Myhre rann ut den 16. desember 1978. Med henne gjekk eit finsleg og klokt menneske frå oss, og langeleiken til ein av våre mest trufaste kulturberarar tagna.

Ho vart gamal av år, men inntil sjukdomen merkte henne, var ho ungdommeleg i sinn. Den 15. desember 1893 var ho fødd som den eldste i ein stor syskenflokk. Far hennar var den føretaksome Eivind Myhre, som hadde mange jarn i elden og som på mange område var framfor si tid. Mor hennar, Guri, var frå Hamre på Vennis. Barndomsheimen hennar vart på Klauvstad på Kviesmoen, der foreldra hennar bygde og dyrka opp. I grannelaget der fann ho fyrste læremeisteren i langeleikspelet. Det var Vilhelm i Kvieshauge, og ho lærde mykje av han og i samspel med Kristine, dotter hans.

Evner og pågangsmot mangla ikkje, og 20 år gamal tok ho eksamen ved Elverum lærarskule. Fyrste året som lærar fekk ho ved Leira skule. Seinare var ho tre år ved Bagn skule, til ho frå 1918 vart tilsett ved Kontra skule i Ski utanfor Oslo. Der vart ho verande til pensjonsalderen var nådd.

Det er naturleg at ho med si ansvarskjensle og sitt vide interessefelt kom til å utføre eit livsverk det står respekt av. Ho hadde eit makelaust lag med born og ungdom, og ho hadde ein slik roleg, verdig og kanskje litt høgtidleg måte å møte elevane på slik at det aldri vart høve for bråkmakarar å sleppe til.

Men det var ikkje berre i skulestova ho la ned eit stort og verdfullt arbeid. Ho la og stor vekt på at born og ungdom skulle ha gode tilbod i fritida si, og ho var ikkje den som sparde seg. Det var særleg sundagsskulen og speidararbeidet som låg hennar hjarte nær.

I seinare år tok ho seg meir tid til å dyrke langeleikspelet, og ein kan nok seia at gjennom spelet sitt vart ho landskjend. Ho var med på ein del landskappleikar, men det var fyrst og fremst gjennom folkemusikkprogramma i radio ein vart klår over kva kapasitet ho var på området. Til all lukke har Norsk Rikskringkasting sikra seg ei mengd med opptak av henne som vil gjera folkemusikken vår rikare i all framtid.

Store spelemenn har hatt for vane å gje slåttane si eiga form som seinare blir knytt til namnet deira. Dette var aldri i tankane til Barbro Myhre. Slik ho hadde lært det, skulle det leverast vidare, til komande slekter.

Det er ordet kulturberar som fell ein i tanken skulle ein med eitt ord gje ein karakteristikk av læraren og langeleikkunstnaren Barbro Myhre, og som kulturberar, god valdris og fint menneske vil ho leva i minnet til oss som fekk den gleda å lære henne å kjenne.

Sigfred Hovda