Framside

Om laget

Nytt

Historie

Referat/dokument

Låt ó Link

Peikarar

Aktivitetslogg

Valdres Folkemusikklag



Har du problem med å lesa PDF-filer, kan du henta Acrobat Reader med å klikka her.

 


Piggtrådmusikken

Av Olav Norheim.
Sjå: Faksimile frå avisa Valdres den 2.11.12

50 år er ingen alder, jauvisst er det det. Åra går, musikken er den same, vi venner oss til alt og alt var verre før.
Valdreskvelven kom kvinande nordante, med nordavinden frå Vang, på sykkel frå Hausåkersletta og inn for landing på Vøllen. I London spelte Beatles og Rolling Stones for full skramlemusikk. Og så kom kulturkollisjonen til Slidre.

Det hadde seg slik: "Fyste dagadn i mars 1962 vart det kalla inn te eit spelemannskurs på Ølken i Slidre, o med Sigbjørn Bernhoft Osa so instruktør. På desse kurse va det ti eleva, fem ifrå Vang o fem ifrå Slidre. Fleire tå læresveino hadde nøk helde i felun før, o spelt lite både te dans o anna. Ner no både instruktør o eleva gjekk inn i leiken med fulle muggo, so laut det ende bra. O det gjorde det då okso. Den 7. mars 1962 vart laget stifta", fortalde Knut Hemsing på jubileumsfesten på Åsvang i 1987.

Laget, det var Valdreskvelven. Heile det historiske oversynet hans Knut Hemsing ligg på www.valdreskvelven.no.

Året var 1962. Eit år som alle andre, likevel eit år for seg sjølv. Var eg heldig, fekk eg høyre på jukeboksen på kafeen hennar Astrid Skåren, rett opp for Slidretun. Jukeboksen tok Skøra-peeng, det vil seia 25-øringar. Ho Astrid var altså ein kulturberar, men korkje ho eller andre såg det nok slik. Jukeboksen var tøff, både å sjå og høyre: Hør min sang, Violetta. Davy, Davy Crockett rider hele dagen lang. Sail along, Silvery Moon. Og viss det går slik som je har trudd, blir postadressa mi Hollywood.

Og så kjem Stordahl og Engedahl, utan å sjå seg føre, inn på scena på Kvamshall og ut att i Ønskekonserten, på tvers fallera i tresko og busserull, etter Alf Prøysen men før Lapp-Lisa.

Ikkje berre Valdreskvelven har runda dei 50. Rolling Stones har same slags jubileum, dei med. Mens karane i nystifta Valdreskvelven finslipte hardingfelestrengene, dreiv nokre unge menn på i ei anna nystarta gruppe dei kalla Rolling Stones. Rollin-stonsen Brian Jones riffa med gitaren på Marquee Club i London sumaren 1962. Valdreskvelven himself, Kristian i Hybelen, strauk fint og lint med bogen på Ølken og Slidrehuset.

Kunstens kår var tronge i Slidre for 50 år sia. Det er sikkert heilt annleis no. Då han Kristian kom syklande med fela bakpå bagasjeberaren, konsentrert og blå i blikket, vart han naturleg nok heitande Valdreskvelven. Andre spelemenn kom køyrande i bil. Tidlegare og komande ordførar Erik Steine Riste kom i Volvo PV med dress og chesline-hår. Drosjesjåfør og nabo Ola Fylken kom køyrande i drosje med seg sjølv, det var vel mens han endå hadde folkevognbuss, før han fekk Volga.

Han Bill Wyman var bassist i Stones i mange år. Etterpå skreiv han ei svær bok: Rollin with the Stones. Herverande Stones-foto er frå den boka, unge og hippe alle i hop. Han skreiv at han var nesten for gamal til å bli med i Stones, etter som han var fødd i 1936. Dei andre var fem-seks år yngre. Slike aldersvanskar hadde dei ikkje i Valdreskvelven. Valdreskvelv-biletet frå starten i 1962 har eg fått låne av han Nils Leine. Karar på kurs i gamle dagar.

Det er 50 år sia no. Men lyden er der enno. Kva for ein lyd? Berre høyr: Det kjem fykande ein agalaus vestavind som kvervlar med seg nye tonar frå Liverpool og London, unge gutar inn i platestudio og ut att på plate, laste inn med singel og song i rock og roll over Nordsjøen, losse ved kai i Oslo, skunde seg opp til Marienlyst, la langbølgjene rulle ut frå Tryvatn til Nordhue til Kjeldeknatten til omformaren oppå Olberg, ferske rockelåtar fyk som snøfiller ut over isen på Slidrefjorden, ned i bygda, ned i ei djup generasjonskløft, inn i husa og ut att i radioen: It's now or never. Rock-a-hula baby. Beatles spelar inn plate: Love me do, please love me do. Beatnicks syng om Johan på Snippen med bakoversveis og spisse sko, mens vi gjekk att og fram på riksveg 60 i fetsko og beksaum og gaula og sulla.

Ved 50-årsjubileet for Valdreskvelven og Rolling Stones er det framleis lyd i dei to gruppene. Valdreskvelven har faste øvingar og besetningen er fornya. Kor mykje Stones øver, veit eg ikkje. Men dei investerer nok mykje i å halde seg i form.

Han Keith Richards i Stones, låtskrivar og verdas beste gitarist, fekk ei munnharpe tå folkemusikaren Hallvard T. Bjørgum ein gong, på eit hotellrom i Aten, og Skjoldmøyslaget på plate. Etter det diggar Richards folkemusikk. Men er det ikkje det dei spelar då, han og Stones? Valdreskvelven og Stones?

Piggtrådmusikken tonar, på elektriske stålstrenger av piggtråd, på hardingfelestrenger av piggtråd. Men piggane er ikkje så mykje ute no som før.