firkant Småfesidene
bordov


Hovedside sjukdommar Om forebygging av sjukdomNokre nyttige linkarSøk i småfesidene Informasjon om sidene

Alveld 

Innleiing  


Alveld høyrer til i ei sjukdomsgruppe som går under fellesbetegnelsen «fotosensibilisering». Med det meiner vi at dyret er overfølsomt for sollys. 
Det som skjer er at mottakelege (fotosensibiliserte) dyr får ein form for hudbetennelse når dei blir utsette for sollys. 

Fotosensibilisering oppstår når ein fotodynamisk substans er tilstades i kroppen. 

Det er tre hovedtyper av fotosensibilisering 
topp 
Primær fotosensibilisering:  
Spesielle planter inneheld slike fotodynamiske element. Når dette kjem inn i kroppen inn i kroppen og dyret blir utsett for lys av ei spesiell bølgelengd, kjem symptoma. Eksempel på slike planter er Hypericum-arter. 
topp 
Avvikande pigmentsyntese/-utskilling:  
Medfødt porfyri er eksempel på ein slik tilstand. Det er kjent frå storfe, men ikkje frå småfe. Arveleg defekt i utskiljinga av fylloerythrin er beskrevet hos Southdown sheep og i Corridales. 
topp 
Hepatogen fotosensibilisering:  
Primært oppstår det ein leverskade, enten i levercellene (hepatocyttane) eller i gallegangane eller i begge. Resultatet er opphoping av fylloerythrin i kroppen. Dette er eit nedbrytingsprodukt av klorofyll, og blir vanlegvis skilt ut med gallen. 
Fylloerythrin er ein fotodynamisk substans, og opphoping av fylloerythrin gjer at sauen blir fotosensibilisert. Alveld høyrer til denne gruppa. Det finst fleire stoff som kan påverka leverfunksjonen slik at det blir opphoping av fylloerythrin. Det er påvist at foring med store mengder saponiner frå romeplanten kan gje desse forandringane i levera, men ein meiner at det også er andre faktorar som må spela ei rolle for utviklinga av Alveld. Mykotoksiner er nevnt, men det er ikkje påvist sikkert enno. 

 

topp 

 Opptreden:  

På myrlendt, surt beite der det veks rome. Det er ikkje vanleg kvart år, men spesielt når det har vore kaldt og fuktig og det så kjem sol (alveldvær). Det forekjem på lam, men oftast ikkje vaksne sauer. Årsaka til det er antakeleg at vaksne sauer har ein betre utvikla leverfunksjon. 
Kvite dyr er meir utsette enn pigmenterte, spesielt på område av kroppen der dei ikkje er beskytta av ull. Spelsau er meir utsette enn pelssau ( pga av ulik leverfunksjon). Ein meiner også at dyr med blodtype BB er meir utsette enn dyr med blodtype AA. 

 

topp  

Symptom: 

· Kløe, uro og risting av hovud og øyro. 
· Ødem og rødme. Øyro heng snart tungt nedover Augelok vil bli oppsvulma og gjera det vanskeleg for dyret å sjå. 
· Utsiving av serøs væske gjennom huda, Skorper og sår som gjev sekundærinfeksjonar. 

  

topp 

  Forebygging:  
· Fjerne dyr frå romebeite 
· Færre dyr pr areal på utsette beite. 
· Ein gongs kalking og fosforgjødsling i 3 år kan fjerne rome frå beitet. 
 

topp 
Det er gjort mange undersøkingar om Alveld her i landet. Den siste store undersøkinga er gjort av Arne Flåøyen

  • STUDIES ON THE AETIOLOGY AND PATHOLOGY OF ALVELD 

  • with some comparisons to sporidesmin intoxication. Arne Flåøyen, 1993 (Utdrag frå denne avhandlinga samt referansane i avhandlinga er svært interessant, og bør lesast.) 
  • Do Steroidal Saponinshave a role in hepatogenous Photosensitization diseases of sheep? Arne Fåøyen, Plenum Press,1996 s.395
  • Diseases of sheep, Second Edititon W.B. Martin, I.D.Aitken, Side 294

 

 

Innleiing
Primær fotosensibilisering: 
Avvikande pigmentsyntese/-utskilling: 
Hepatogen fotosensibilisering: 
Symptom
Opptreden
Forebygging
Litteratur



Rome - Narthecium ossifragum
Siden blir redigert og laga av Nils Leine, 2975 Vang i Valdres.Sida er sist oppdatert den 10.01.2008