Demodex caprae påvist
hos geit i Noreg
Norsk veterinærtidsskrift 1999; 111: 549-552
Bjørn
Gjerde
Noregs veterinærhøgskole
Institutt for farmakologi, mikrobiologi og næringsmiddelhygiene
Seksjon for parasittologi
Postboks 8146 Dep.
0033 Oslo
Hugo Kalstad
Distriktsveterinæren i Narvik
Key words: goats, Demodex caprae,
caprine demodicosis, Norway
Hos fem geiter i ein flokk på 70 i Troms blei
det funne mellom 40 og 150 knutar i huda med diameter frå 2 til
6 mm. Eit par knutar blei også påviste hos to geiter som
stod ved Noregs veterinærhøgskole i Oslo. Nærare
undersøking viste at knutane skuldast infeksjon med hårsekkmidden
Demodex caprae. Dette er dei første dokumenterte tilfella
av demodikose hos geit i Noreg.
Innleiing
Midd i slekta Demodex (Klasse:
Arachnida. Orden: Prostigmata) er vertsspesifikke hudparasittar som
lever i hårfolliklane og feittkjertlane hos menneske og ulike
pattedyr (1). Utviklinga blir gjennomført på 3-4 veker,
og omfattar egg, eitt larvestadium, to nymfestadium og vaksne hannar
og hoer. Hos geit kjenner ein berre til éi art, Demodex caprae
(1-3). Dei fleste infeksjonar med denne arta synest å vera subkliniske,
men hos somme geiter kan det bli ein sterk oppvekst av midden i enkelte
hårfolliklar, slik at det oppstår faste knutar i huda med
diameter frå 2 til 20 millimeter (3-9). Det kan vera frå
eit par til over hundre knutar hos slike dyr. Knutane kan sitja enkeltvis
langt frå kvarandre, eller fleire tett saman i grupper (5-7).
Knutane finst særleg i ansiktet og på halsen, bogen, lateralt
på brystet og i flanken, men hos sterkt affiserte geiter kan dei
finnast over det meste av kroppen (3-9). Tilstanden minner mykje om
den nodulære forma av demodikose hos storfe (10). Hos geit er
knutar andre stader enn i ansiktet vanskelege å oppdaga visuelt
på grunn av det lange hårlaget. Dei fleste rapporterte tilfella
av nodulær demodikose hos geit har blitt oppdaga anten etter klipping
eller grundig palpasjon av dyra (4-9). Enkelte av knutane i huda har
opning til overflata, slik at innhaldet kan klemmast ut, medan andre
berre kan tømast etter at det er snitta inn på dei. Knutane
inneheld ein gulgrå, osteliknande masse, som ved mikroskopi viser
seg å vera samansett av store mengder hårsekkmidd på
ulike utviklingsstadium og restar av daud midd (4-9).
Demodex caprae skal finnast
hos geit over heile verda (3), men så langt vi kjenner til, er
denne arta ikkje tidlegare sikkert påvist i Noreg. Nærland
(11) skriv rett nok at: "Hårsekkmit (Demodex) fig.
8 er ei mikroskopisk lita (0,25 mm), langstrekt og mest fotlaus mit-art
som etter L. Slagsvold kan hopa seg opp i hårsekker på
geit, mest på halsen og etter ryggen, og laga opp til ertstore
knytar i skinnet - ‘blærer’ - i geitskinna som set ned verdet
på dei. Er oftast å sjå på skinn fra gamle geiter,
og lettast å sjå frå narvsida". Men det er uråd
å avgjera om Nærland her refererer til norske eller utanlandske
geiter. Det tilhøyrande biletet av ein Demodex-midd (fig.
8, s. 18) er lånt frå ei amerikansk bok om parasittar, og
viser ein midd frå storfe. I det fylgjande kan vi dokumentera
at Demodex caprae finst hos geit her i landet, og kan føra
til nodulær demodikose.
Kasusomtale
Flokk A
Flokk A var ein flokk på om lag 70 geiter i Gratangen
kommune i Troms. Geitene kjea i månadsskiftet januar-februar.
Ved klipping i midten av november 1998 la eigaren merke til at somme
av geitene hadde fleire knutar i huda. Veterinær (H. Kalstad)
blei tilkalla, og undersøkte geitene den 20.11.98. Fem drektige
geiter hadde då knutar. Allmenntilstanden til desse geitene var
god, og det var ingen kløe. Knutane var spreidde over det meste
av kroppen, med unntak av ansiktet, distalt på beina og under
buken. Tre av geitene hadde kvar 100-150 knutar med diameter 2-4 mm.
Mange av desse knutane hadde opning til overflata. Innhaldet i knutane
var tjuktflytande, gulgrått og voksliknande. Dei to andre affiserte
geitene hadde kvar 40-50 knutar med diameter 4-6 mm. Dei fleste av desse
knutane hadde ikkje synleg opning til overflata. Frå ein av knutane
blei det teke biopsi, som blei sendt til Veterinærinstituttet
Harstad for nærare undersøking.

Figur 1. Geit i flokk A med utprega nodulær
demodikose på grunn av infeksjon med Demodex caprae. Lateralt
på kroppen og øvst på beina er det talrike knutar
i huda med diameter opptil 10 mm. Geita blei klipt før fotografering.
(Foto: H. Kalstad).
I histologiske snitt av biopsiprøven blei det påvist hårsekkmidd.
Seksjon for parasittologi, Noregs veterinærhøgskole (NVH)
blei då kontakta, og det blei avtala å senda inn ferskt
materiale frå knutane for nærare identifikasjon av midden.
Den 21.12.98 blei ferskt materiale klemt ut frå eit par knutar
hos tre av geitene i flokken.
Dei geitene som hadde knutar, blei den 28.12.98 behandla
langsetter ryggen med flumethrin (Bayticol vet.â
liniment) i doseringa 2 mg/kg kroppsvekt. Same behandling blei også
gjeve den 5.1.99. Den 21.2.99 blei geitene undersøkte på
nytt. Talet på knutar og storleiken av dei var som før
behandlinga. Innhaldet i eit par knutar blei klemt ut og sendt inn til
NVH for nærare undersøking for hårsekkmidd.
Den 21.4.99 blei geitene undersøkte nok ein gong.
Den eine av dei to geitene som hadde hatt dei største knutane
tidlegare, hadde blitt sendt til slakt, medan den andre no hadde fått
større og meir markerte knutar, med diameter på opptil
10 mm (Fig. 1). Innhaldet i knutane var som før. Hos dei tre
andre geitene, som hadde hatt små knutar tidlegare, var talet
på knutar no tydeleg redusert. Mange av knutane hos desse dyra
hadde tørka inn og etterlate seg små skorper på huda.
Flokk B
Flokk B omfatta 40 drektige geiter som stod oppstalla
ved NVH i samband med eit reproduksjonsforsøk. Etter at hårsekkmiddinfeksjon
hadde blitt påvist i Flokk A, blei 10 av geitene i denne flokken
undersøkte for knutar i huda ved palpasjon den 21.12.98. Hos
to av desse geitene blei det funne knutar. Den eine hadde ein 2-3 mm
stor knute fremst på halsen, medan ei anna geit hadde ein liknande
knute på brystet like bak olbogen. Knutane blei punkterte med
skalpellblad, og innhaldet blei pressa ut og samla opp for mikroskopisk
undersøking.
Laboratorieundersøkingar
Små porsjonar av ferskt materiale frå knutane
blei rørt ut i ein dråpe glycerin på eit objektglas.
Eit dekkglas blei lagt over, og preparatet blei undersøkt med
mikroskop. Storleiken av egg og vaksen midd blei målt ved hjelp
av eit kalibrert okular skrumikrometer. Det blei differensiert mellom
hannar og hoer i enkelte preparat. Mikrofoto blei tekne ved hjelp av
Leica MPS 60 fotoautomat.
Laboratoriefunn
Materialet frå hudknutane hos geitene i flokk
A (Fig. 2) og B
Figur 2. Pastaliknande materiale klemt ut frå to knutar i huda
til ei geit i flokk A med nodulær demodikose etter infeksjon med
Demodex caprae. ´ 5 (Foto: B. Gjerde).
inneheldt store mengder av hårsekkmidd på ulike stadium
av utviklinga frå egg til vaksen midd (Fig. 3).
Figur 3. Mikrofoto av innhaldet i ein hudknute hos geit. Vi ser fleire
intakte Demodex caprae saman med restar av daud midd og tomme
huder. ´ 150 (Foto: B. Gjerde).
I tillegg var det rikeleg med restar av daud midd og
tomme huder etter hudskifta. Dei aller fleste av dei vaksne middane
var hoer (Fig. 4).

Figur 4. Ventralsida av ein vaksen homidd av Demodex caprae frå
geit. ´ 300. (Foto: B. Gjerde).
Ved kjønnsdifferensiering av 200 tilfeldig utvalde
middar frå dei tre geitene i flokk A, var 197 (98,5%) hoer og
berre 3 (1,5%) hannar. Homiddane var 220-250 m
m lange, i gjennomsnitt 235 m m (n=15),
og om lag 60 m m breie ved beinpara.
Den einaste hannen som blei målt, var 210 m
m lang. Egga var ovale og 60-80 x 35-40 m
m store (Fig. 5).

Figur 5. Egg av Demodex caprae frå geit. Ei larve er i
ferd med å utvikla seg inni egget. ´
300. (Foto: B. Gjerde).
På grunnlag av vert og morfologien til egg og
vaksne hannar og hoer, blei parasitten identifisert som arta Demodex
caprae.
Det materialet som blei klemt ut av knutane hos
geitene i flokk A vel seks veker etter avslutta behandling med flumethrin,
inneheldt normale stadium av hårsekkmidd frå egg til vaksne.
Diskusjon
Dei kliniske funna i dei to geiteflokkane er heilt i
samsvar med tidlegare rapportar frå andre land om demodikose hos
geit (3-9). Det var såleis store individuelle variasjonar i førekomsten
av knutar i huda. Dei fleste geitene i begge flokkane hadde ingen knutar
i det heile, somme geiter hadde eit par små knutar (flokk B),
medan enkelte geiter hadde mange og velutvikla knutar (flokk A). Ein
trur at dei fleste geiter blir smitta av Demodex caprae i ung
alder, men at fleirtalet av desse ikkje utviklar kliniske symptom, av
di dei greier å halda populasjonen av hårsekkmidd på
eit lågt nivå (3). Hos slike geiter finst Demodex caprae
særleg i augnelokka. Hos geiter med nedsett immunforsvar, anten
på grunn av medfødde manglar, feil- eller underernæring,
eller stress, vil det derimot kunna bli ein oppvekst av hårsekkmidden
lokalt eller generelt, slik at det oppstår ein eller fleire knutar
i huda av varierande storleik.
Den påviste hårsekkmidden blei identifisert
som arta Demodex caprae på grunnlag av artskriteria hos
Nutting (1) og omtale og illustrasjonar av denne arta hos andre forfattarar
(2, 4-7). Dette er den einaste arta som hittil er funnen hos geit, men
ein kan likevel ikkje sjå bort frå at geit kan vera vert
for fleire Demodex-arter, slik som til dømes storfe (2).
Ein kan difor ikkje utan vidare slå fast at funn av håsekkmidd
hos geit er det same som funn av Demodex caprae.
I dette materialet blei det påvist ei stor
overvekt av homidd samanlikna med hannmidd. Tilsvarande funn er også
rapportert tidlegare (7).
Påvisinga av nodulær demodikose i flokk
A førte til at ein del tilfeldig utvalde geiter i ein annan flokk
også blei undersøkte. Funnet av knutar som inneheldt Demodex
caprae hos to av desse geitene, kan tyda på at nodulær
demodikose er ein relativt vanleg tilstand hos geit her i landet.
To gongers påhellingsbehandling med pyrethroidet
flumetrin såg ikkje ut til å ha nokon effekt på Demodex
caprae. Vel seks veker etter behandlinga var såleis knutane
uendra, og dei inneheldt framleis normale og reproduserande midd. Tidlegare
er det rapportert om manglande effekt av påhellingsbehandling
med pyrethroida deltametrin og tetrametrin (12). Dei same forfattarane
(12) fann også at badebehandling med amitraz 7 gonger med 10 dagars
mellomrom hadde liten effekt mot nodulær demodikose hos geit.
Thomson og MacKenzie (9) fann at behandling med rotenon, anten lokalt
på utklemte knutar, eller i form av vask av heile dyret, førte
til at knutane gjekk tilbake. På grunn av at knutane vil kunna
bli tilbakedanna spontant etter nokre veker eller månader, er
effekt av behandling vanskeleg å dokumentera. Hos lakterande geit
vil ein også måtta ta omsyn til eventuell tilbakehaldingstid
for mjølka ved behandling. Det kan også diskuterast om
det er naudsynt å behandla, dersom geitene ikkje synest å
vera plaga av infeksjonen. Er det berre nokre få knutar hos eit
par av geitene i ein flokk, kan det vera tilstrekkeleg å klemma
ut innhaldet i knutane, eventuelt etter oppsnitting først, og
deretter behandla dei tømde knutane med jodoppløysing
eller tilsvarande (3).
(Copyright: Fig. 1: H. Kalstad; Fig. 2-5: B. Gjerde)
Referansar
- Nutting WB. Hair follicle mites (Demodex spp.)
of medical and veterinary concern. Cornell Vet 1976; 66: 214-31.
- Rommel M, Bürger H-J, Kutzer E. Parasitosen
der Wiederkäuer. I: Eckert J, Kutzer E, Rommel M, Bürger
H-J, Körting W, red. Veterinärmedizinische Parasitologie.
4. Aufl., Berlin : Verlag Paul Parey, 1992; 108-362.
- Smith MC, Sherman DM. Goat medicine. Philadelphia
: Lea & Febiger, 1994.
- Cram EB. Demodectic mange of the goat in the United
States. J Am Vet Med Assoc 1925; 66: 475-80.
- Durant AJ. Demodectic mange of the milk goat. Vet
Med 1944; 39: 268-70.
- Griffin CA, Dean DJ. Demodectic mange in goats. Cornell
Vet 1944; 34: 308-11.
- Williams JF, Williams CSF. Demodicosis in dairy goats.
J Am Vet Med Assoc 1982; 180: 168-9.
- Smith HJ. Demodicidosis in a flock of goats. Can
Vet J 1961; 2: 231-3.
- Thomson JR, MacKenzie CP. Demodectic mange in goats.
Vet Rec 1982; 111: 185.
- Gjerde B. Hårsekkmidd, Demodex bovis,
hos storfe i Noreg. Nor Vet Tidsskr 1996; 108: 387-90.
- Nærland G. Om snyltarplaga hos småfe.
Oslo : Norsk Sau- og Geitalslag, 1950.
- Fleischer P, Lukesova D, Skrivanek M, Hofirek B,
Stursa I. First cases of caprine demodectic mange in the Czech Republic.
Vet Med (Praha) 1996; 41: 289-93.
Summary
NODULAR DEMODICOSIS IN NORWEGIAN GOATS CAUSED BY DEMODEX
CAPRAE
In a herd in Northern Norway, 5 out of 70 goats were
found to have multiple skin nodules, ranging from 2 to 6 mm in diameter.
A few small nodules were also found on 2 goats in an experimental flock
in Southern Norway. The nodules were found to be caused by the hair
follicle mite Demodex caprae. This is the first record of caprine
demodicosis in Norway.