 |

 

 |
 |
Sjukdomsproblem i praksis
som heng saman med Selen/vitamin E hos lam.
Nils Leine, 2975 Vang i Valdres
| Ernæringsbetinga muskeldegenerasjon har vore kjent
her i landet i over 60 år. Etter nokre år vart det kjent at vitamin-E
kunne motvirke sjukdommen. Seinare vart det så kjent at selen også
spelte ei viktig rolle. Fram til midten av 80-talet vart det drive
ganske mykje forsking på selen/vitamin-E. Det var den gongen mange
som arbeidde med dette emnet her i landet, og som det går fram av
referansane er Gunnar Øvernes ein av dei som har gjort mykje.
Etter kvart vart selen/vitamin-E ein viktig del av utrustinga
til den praktiserande dyrlegen. I alle dei åra eg har vore i praksis,
ville det vore utenkjeleg å greia seg utan. Ofte blir vitaminpreparata
nytta når ein står framfor eit diffust tilfelle med usikker diagnose
og ein ikkje finn på noko anna å behandla med. Men det kunne på
nytt vera av interesse å sjå på kva fagleg grunnlag ein byggjer
på når ein tek dette i bruk i terapi og profylakse og når ein
gjev råd om fôring.
|

Mekanismer.
| Selen: |
Den biologiske rolla til selen er som komponent i
enzymet Glutathion-peroxydase. Dette enzymet finst i vassfasen intracellulært.
Det inaktiverer skadelege peroxyd frå metabolismen. |
| Vitamin E: |
Vitamin-E finst i feittfasen i cellemembranen og
fritt i blodet. Det fjernar frie radikalar frå nedbrytinga av polyumeta
feittsyrer i cellemebranen |
| Immunforsvaret |
I tillegg har selen og vitamin-E betydning for immunforsvaret.
Her er det gjort ein del undersøkingar som viser at:
- Det blir ein auke i den totale antistoffmengda (IgG) etter
selentilskot i fôret eller selen gjeven som Barium selenat.
- Dei største dosane med selen resulterer i ein liten nedgang
i antistoffproduksjonen etter vaksinasjon.
- Lam frå søyer som har fått tilført selen har ein signifikant
auke i antistofftiteret mot tetanus toxoid i forhold til lam
frå søyer utan tilskot.
|
| Thyroidea funksjonen |
Det er nemnt at selen/vitamin-E kan ha ei rolle i
thyroidhormon-metabolismen. Det er dei same områda av landet som
har mangel på jod som også har mangel på selen. |

Selenkonsentrasjonar og krav til Selen i fôret.
| Innhald i jord |
I Finnland varierer innhaldet av selen i mineraljord
mellom 0,1 mg Se / kg og 0,6 mg/kg. Men berre 4% av jord-selen i
Finnland er tilgjengeleg for plantene. Det er såleis ei sterk jordbinding,
og dette har også betydning ved gjødsling. Mykje av det selenet
som blir spreidd utover blir anten bunde i jorda eller det blir
borte ved avrenning. |
| Innhald i høy |
Seleninnhald i norsk høy varierte i 1979 mellom 0,004
- 0,030 mg Se / kg høy |
| Behov |
Behov for selen i fôr er 0,2 - 0,3 mg Se/kg. Ei søye
bør ha ca 0,4 mg Se/dag.
Dersom ein skulle gje berre høy, ville seleninntaket bli frå
ca 0,01 -0,06 mg Se/dag.
Det er altså altfor lite selen i norsk høy, og ein må nytta tilleggsfôring.
|
| Selentilsetting |
Det er dei siste åra blitt tilsett meir selen til
kraftfôrblandingar, mineralblandingar og saltslikkesteinar.
- Kraftfôrblandingar er no tilsett 0,20 mg Se /kg.
- Mineralblandingar og saltslikkesteinar er tilsett 20 mg Se
/ kg.
|

Innhald av vitamin-E i forskjellige fôrslag.
Vitamin-E konsentrasjonen i fôret varierer mykje med fôrslag, årstid
og konserveringsmetode
| Bra |
Ferskt gras. Silo av god kvalitet. Fôrmargkål og
grøne blad av rotvekster. |
| Middels godt |
Korn og Høy av god kvalitet |
| Lågt |
Halm og høy av dårleg kvalitet og rotvekster. |
| |
Behovet for vitamin-E er vanskeleg å finna eksakt.
Det blir angitt til min. 20 IE / kg tørrstoff, men det er til visse
tider behov for det dobbelte. Det varierer med inntaket av mellom
anna polyumetta feittsyrer. I eit forsøk med tilskot på 60 mg alfatocoferol/dag
til ein vitamin-E-fattig diett klarte ein å oppnå eit blodnivå som
låg over det ein meiner er minimum, nemleg 0,001 mg /ml |
| |
Fôrslag |
Vitamin-E innhald
(Mg/kg tørrstoff)
|
| |
Ferskt gras |
111 |
| |
Surfôr, god kvalitet |
77-86 |
| |
Surfôr, middels kvalitet |
21 |
| |
Høy nyslått tørka |
19-27 |
| |
Høy fjorgamalt |
14 |
Tabellen viser at det er berre god silo og nyslått gras som kan gje
nok vitamin utan bruk av tilskotsfôr.

Korleis lam får i seg Selen og vitamin-E
| Placenta
Råmjølk
Gras
|
Selen går over placenta, men det er berre lite vitamin-E
som passerer. Lammet må difor få Vitamin-E gjennom råmjølka.
Når Lammet kjem ut på beite, stig mengda vitamin-E i blodet,
då ferskt beitegras inneheld mykje Vitamin-E, selenkonsentrasjonen
i blodet endrar seg lite.
|

Sjukdommar knytte til Selen/vitamin-E mangel
Ernæringsbetinga muskeldegenerasjon
Svaktfødde lam
| Dette er lam som døyr tidleg, etter nokre få dagar
med litt anstrengelse, eller det kan vera daudfødde lam. Diagnosen
er lett å forveksle med andre sjukdommar som opptrer på same tid.
Det er noko usikkert kor stor betydning den har under våre forhold.
|
Lam som er frå ei veke til 3 månader gamle
| Årsaker |
Lamma er i rask vekst og dei har hatt for lite inntak
av selen og/eller vitamin-E. Lamma kjem i auka aktivitet, det gjer
at, oksygenopptaket og metabolismen aukar. Graset om våren inneheld
mykje vitamin-E og det blir rett nok auka opptak av vitamin-E når
lamma tek til å eta groe. Men det ser ut til at vitamin-E konsentrasjonen
i blodet må vera tilstrekkeleg før lamma blir sleppt ut for at det
ikkje skal bli mangelsymptom.
Sjukdommen kan også utløysast ved stress som dårleg ver, transport,
handsaming o.l. I tillegg vil fôring med mykje polyumetta feittsyrer
verka predisponerande. Dette kan gjelda lam som blir fôra opp
kunstig.
|
| Kliniske symptom |
Sjukdommen er mest vanleg i denne aldersgruppa. Hovudvekta
kjem i alderen 3-6 veker. Symptoma viser seg etter utslepp. Desse
lamma kan ha pustevanskar p.g.a at diafragmamuskulaturen er affisert
og det kan bli sekundær pneumoni. Symptoma varierer frå litt stivheit
til pareser. Dei kan stå med krokut rygg, har vanskeleg for å gå
og rygg- og lårmuskulaturen kan vera litt oppsvulma. Etter kvart
blir det vanskelegare å stå og dei ligg, men dei er vanlegvis feberfrie
og har framleis matlyst. |
| Patologi |
Den medfødde forma av EMD kan gje få patologiske
funn. Det er hjertemuskelen som er affisert, ikkje skjelettmuskulaturen.
Det kan vera kvite parti i hjertemuskulaturen.
Hjå eldre lam finn ein forandringar bilateralt i rygg, nakke
og lår. Muskulaturen er bleik, tørr og kan vera litt oppsvulma,
ødematøs.
|
| Diagnose |
Kliniske symptom er nokså typiske for denne tilstanden,
samt tida den opptrer på. Men ein kan forveksle den med mellom anna
polyartritt, pneumoni og ryggmargabscessar. Ryggmargsabscessar kan
i visse deler av landet vera ein viktig differensialdiagnose. I
Rogaland vil eit lam som på Austlandet ville fått diagnosen muskeldegenerasjon
mest sannsynleg ha anten ryggmargsabscessar eller artrittar. Dette
kan vera eit besetningsproblem, og såleis ha same forløp i besetningen
som muskeldegenerasjon, med mange sjuke lam.
Ein annan sjukdom som opptrer på same tid, er infeksjon med E.Coli
. Den er lett å skilja patologisk, særleg ved dei typiske funna
av fibrinbelegg i lunger, hjernehinner og andre organ.
Dette berre understrekar kor viktig det er å obdusera.
Ein vil finne auka mengder Creatin Kinase i blodet på grunna
av lekkasje frå skadde muskelfibrar.
Mangeltilstand kan ein påvise ved å måle Selen i blod, eller
ein kan bruke aktiviteten av Glutathion peroxydase som eit mål
på selenstatus. Sjølv om selensatus er optimal, kan ein vitamin-E
mangel vera årsak til auka risiko for sjukdom.
|
| Behandling |
Det er anbefalt å gje 6 mg Se/100 kg kroppsvekt som
Natrium selenitt pluss vitamin E, 300mg /100 kg kroppsvekt. Men
det er vanleg å gje noko meir, f eks 5 ml ADEsan® + 1ml Selenevit®
eller Tocosel® s.c. til eit lam på 3 - 6 veker. Ein kan gje tillegg
av vitamin-E dei fyrste 3-4 dagane. Det blir også anbefalt å behandla
resten av lamma i flokken profylaktisk med selen og vitamin-E når
det dukkar opp tilfelle av muskeldegenerasjon. Etter behandling
er det vanleg å sjå betring etter ein dag dersom sjukdommen ikkje
har vara for lenge. |

Forebygging
| Fôring |
Vitamin-E passerer berre i liten grad over placenta
og det er viktig at selenbehovet blir dekt for at lammet skal vera
best mogeleg beskytta ved fødsel. Ein skal likevel vera klar over
at vitamin-E tilførsel er nødvendig. Begge komponentane må til for
at lammet skal oppnå eit fullverdig vern mot muskeldegenerasjon.
Og straks lammet frå i seg råmjølk, vil vitamin-E innhaldet i blodet
gå kraftig opp. Fôret bør ikkje innehalda mindre enn 0,2-0,3 mg
Se/kg. Anbefalt dagsdose til sau er minimum 30g Se/dag, men den
bør vera på 0,07-0,4 mg Se. Tilskot av mineralblanding/kraftfôr
og eller saltstein er difor nødvendig under våre forhold.
Ved ein dagsdose av ein mineralblanding som inneheld 20 mg Se/kg
på 10 g, vil sauen få i seg 0,2 mg Se/dag. Dette skal vera nok.
Dersom det i tillegg blir gjeve 0,1 kg kraftfor med 0,20 mg Se/kg,
blir det eit tillegg på ca 0,02 mg Se/dag. 1,5 kg høy inneheld
frå 0,08-0,8 mg Se. Berre høy og kraftfôr blir for lite til å
dekka behovet, så det kan også vera behov for saltstein og/eller
mineralnæring.
|
| Injeksjon søye |
Det blir også brukt seleninjeksjon i søya før lamming
for å førebyggje EMD på lamma. Selen skal inkorporerast i Glutathion
peroksydase, og det treng det tid til. Ein får difor ikkje rask
virkning av ein seleninjeksjon. Dette bør gjerast seinast 6 veker
før lamming.
Selen finst som Natrium selenitt og som selenat. Selenitt er
raskt oppløyseleg og har ein toksisk risiko frå 1:2 til 1:5. Skal
ein gje ein injeksjon med depotvirkning, er angitt at ein bruker
f eks barium selenat i ein dose på 1,2 mg Se/kg levande vekt (Deposel®,
ikkje registrert) .
Ein resept som bl a er brukt av distr. vetr. Leif Homme er denne:
- Inj. bariumselenat 25mg / ml
- in cera alba 2%
- oleum aracidis 98%
Dssn
1 ml pr vaksen sau
Det kan brukast vompellets.
|
| Injeksjon lam |
Ein bør gje ei blanding av selen og vitamin-E. Ein
bør i alle fall gje vitamin-E då det har snøggaste virkninga.
- Selenevit® eller Tokosel® 1 ml før utslepp.
- Natrium selenitt, 20mg/ml. 5 ml blandast med 100ml ADEsan®
(50mg tocoferolacetat/ml) Dosering pr lam: 1 ml før utslepp
|
| Gjødsel |
Det kan brukast selenhaldig gjødsel, noko som er
gjort i Finnland i fleire år. |

Andre sjukdomstilstandar p.g.a Selen / vitamin-E mangel.
| Ill-Thrift |
Ill-Thrift Vantrivsel er kjent frå deler
av New Zealand og andre stader.
Lamma kan vera normale dei to-tre fyrste månadene, men så får
dei nedsett appetitt og nedsett vekst. Av og til får dei diaré.
Det blir likevel antyda at det kan vera andre faktorar enn ein
rein selenmangel som ligg til grunn for dette komplekset. Det
er ingen spesielle patologiske funn utanom avmagring på desse
dyra.
Koboltmangel vil gje liknande symptom. I visse område
av landet, f eks Rogaland, har dette vore eit problem. Martha
Ulvund har kartlagt denne sjukdommen hjå oss. Sjukdommen har også
namnet Ovine White Liver Disease (OWLD) p. g. a. patologiske forandringar
i levera. Den opptrer utover sommaren og hausten med nedsett vekst
og utrivnad. Lamma blir slappe og får ru og tørr ull. Dei kan
få skorper på øyro og ha tåreflod. Sjukdommen kan forebyggjast
ved å tilsetja kobolt til kunstgjødsel, saltsteinar og kraftfôr,
eller ved å leggja inn vomtablettar profylaktisk.
|
| Nedsett vekst |
Vekstauke etter tilskot av selen er undersøkt i besetningar
med ein selenkonsentrasjon i fôret på under 0,05 mg Se /kg fôr.
Blodverdiane av selen var også låge i desse dyra (<0,02 mg/l,
normale verdiar er 0,1 - 0,2 mg/ml blod). Det vart påvist auka vekst
etter tilskot av selen. |
| Tilbakeh
etterbyrd
|
I storfebesetningar med ein insidens av tilbakeholdt
etterbyrd på over 10% har ein funne positiv effekt av tilførsel
av selen/vitamin-E. Det er ikkje undersøkt på sau. |
| Nedsett fertilitet |
Effekten av selen/vitamin-E på fertiliteten er undersøkt
på søyer med mangel på selen. Det vart påvist ein auke i overlevelse
av spedlam, men ikkje auke i antal lam født. |
| Mastitt |
Det er undersøkt om selen/vitamin-E har virkning
på mastittfrekvensen på ku. Det er ikkje funne nokon slik samanheng
her i landet, men i USA er det gjort forsøk som tyder på at det
er ein positiv effekt av tilskott på mastittfrekvensen. |
| Immun-forsvaret |
Eksperimentelt er det funne positiv samanheng mellom
tilførsel av selen/vitamin-E og immunrespons etter vaksinering.
Dersom dette skulle vera rett også under praktiske tilhøve, må ein
gå ut frå at ein søye med låg selenstaus vil ha dårlegare nytte
av ein vaksinasjon før lamming mot for eksempel enterotoksemi eller
tetanus, og at lamma under slike søyer er mindre verna mot desse
sjukdommane enn om søya hadde hatt ein optimal selenstatus. Det
er nemnt at luftvegsproblem og diarétilstandar kan bli verre ved
ein låg selenstatus. |
Konklusjon
| I Innlands-Noreg er det nødvendig med tillegg av
selen/vitamin-E til fôret. Dersom ein der fôrar med høy og lite
eller ikkje kraftfôr, kan ein vera sikker på at ein påfører sauen
ein selen /vitamin-E mangel. Brukar ein silofôring, kan ein unngå
mangelsjukdom dersom siloen er av god kvalitet og inneheld nok vitamin-E,
slik som det ofte er tilfelle i f eks Rogaland. Det er utan tvil
det beste å tilføra nok selen/vitamin-E gjennom heile innefôringssesongen
samt gje saltsteinar som er tilsett selen når dyra går på beite.
Ein må av og til gje selen/vitamin-E injeksjonar som forebyggande
behandling. Men dette bør ein prøva å koma bort frå, blant anna
fordi det er liten margin før ein kjem opp i toksiske dosar Natrium
Selenitt. Det er behov for ein jamn tilførsel heile året, for
sauen skal ha eit så godt gunnlag som mogeleg for å unngå sjukdom,
også utanom lammingssesongen
|
. 
Sjå også: Selen og vitamin-E (Buskap)
Referansar:
- Veterinary Medicin. Radostits, Blood & Gay s.1408.
- Diseases of Sheep. W.B. Martin and I. D. Aitken.
2nd. ed. 1991 s. 243
- Optimalt selentilskudd til sau. G. Øvernes, Småfenytt
1986 nr 1 s.10
- E-vitamin hjå sau og lam .G. Øvernes & al. NVT
1985 nr 3 s. 173
- Problems on Selenium in Animal Nutrition, Norwegian
Journal of Agricultural Sciences, Supl. No. 11 1993
- Vitamin E og Selenstatus hos norske mjølkekyr - sammenheng
med fôring, helse og smaksfeil på mjølk. G. Øvernes & al. Husdyrforsøksmøtet
1994 s 221
- Influence of selenium on antibody production in sheep.
H.J. Larsen, K. Moxnes & G. Øvernes, Research in Veterinary Science
1988, 45, 4-10.
- Effect on Selenium on sheeep lymfocyte responses
to mitogens. H.J. Larsen, G. Øvernes & K. Moxnes, Research in
Veterinary Science 1988, 45, 11-15
|
Mekanismer.
Selenkonsentrasjonar og
krav til Selen i fôret.
Innhald av vitamin-E
i forskjellige fôrslag.
Korleis lam får i seg
Selen og vitamin-E
Sjukdommar knytte
til Selen/vitamin-E mangel
Forebygging
Andre
sjukdomstilstandar p.g.a Selen / vitamin-E mangel.
Referansar:
aaaaaaaaaaaaaaaaa
|