Mistanke om ondarta fotråte i Hallingdal(18/3 2008)
En sauebesetning i Hallingdal har hatt klauvproblem den siste tida. Svaberprøver er sendt inn til Norges veterinærhøyskole. Rett før påske kom det svar fra på prøvene som retter mistanken mot fotråte. DNA er isolert og det er utført undersøkelser med PCR-teknikk. Disse undersøkelsene har gitt positivt svar på tre ulike bakterier.
Les meir hjå Mattilsynet...
Les også oppslag i Nationen den 28. mars 2008
Forslag til ny dyrevelferdslov
Forslag til ny dyrevelferdslov er på høyring Høyringsfrist er 18.2.
Høyringsfristen er no ute og du kan lesa høringsuttalelser som er kome inn til LMD her..
Ei revidering av dyrevernlova er no heilt naudsynt. Den noverande skriv seg frå 1974. Mykje av det som er endra i lovframlegget er bra, men den kan og må bli betre på eit par viktige punkt.
Les meir...

Det har vore ein debatt om det skal tillatast å avlive dyr etter religiøse retningsliner, der det blir praktisert avliving utan bedøving. Dette er i strid med noverande dyrevernlov. Vitskapskomiteen for mattryggleik har handsama dette spørsmålet og kom med ein uttale den 18.1. 2008
Konklusjonen er klar: Dyr skal ikkje avlivast utan bedøving!

Bluetongue - ein tropesjukdom på veg mot nord
Dei to siste åra har vi fått mange meldingar om at sjukdommen bluetongue er på veg nordover. Det starta i Nederland for eit par år sidan, og i fjor slo den til, og nesten alle saueflokkar der vart råka. I fjor haust, 2007, kom sjukdommen til sørlege Danmark og den kryssa over til England.
Sjå denne fine oversikta som viser situasjonen i EU...
Det er ein virussjukdom som blir overført via sviknott.
Symptoma liknar på munn- og klauvsjuke. Ein svært ivrig hobbybonde i Nederland, Betty Stikkers, fekk bluetongue i saueflokken sin. Ho har shetlandsau.
Ho har skrive om dette, og det kan du lesa her.
Sjå også her for meir informasjon frå Europa.
Koorimp har ei god informasjonsside.
Dersom du vil lesa meir om knotten som overfører viruset, kan du anten trykkje på bildet til høgre eller sjå på denne korte oversikta(PDF) på engelsk, skriven av ein ekspert på området, Rudy Meiswinkel
|