|
Sjukdomsforebygging i flokken som gir
redusert lammetap
Nils
Leine, 2975 Vang i Valdres
Lammetap
Kvart år døyr det mange lam frå lamming og til slakting. Kor store desse
tapa er, er det fleire undersøkingar som viser. Tala er noko varierande,
men det ser ut til at tapa ligg mellom 7% og ca 12% i dei forskjellige
undersøkingane. Sauekontrollen sine tal frå 1995 viser :
| Daudfødde |
3,9% |
| Tap inne |
2,8% |
| På vårbeite |
0,9% |
| På sommarbeite |
2,6% |
| P.g.a Rovdyr |
0,2% |
| Tilsaman |
10,4% |
Utanlandske registreringar viser forskjellige tal, men dei fleste viser
større tap enn her i landet, opp mot 15 - 20% er ikkje uvanleg.
Ser vi på enkeltbesetningar her i landet ligg tapa frå ca 2% til over
20%.
Det er også undersøkt kva desse tapa skuldast. I ei undersøking i 33
flokkar i forskjellige deler av landet fyrst på 80-talet fann ein desse
tapsårsakene som dei viktigaste :
| Daudfødde/svaktfødde |
28% |
| Misdanningar |
2% |
| Trauma |
4% |
| E.coli-septikemi |
2% |
| Pyemi/abscess |
2% |
| Luftvegssjukdom |
2% |
| Mage/tarmsjukdom |
3% |
| Andre sjukdommar |
3% |
| Ukjent sjukdom |
6% |
| Sakna på beite |
48% |
Som ein ser er ca 75% av lammetapet enten daudfødde/svaktfødde eller
tap på beite.
Kva er sjukdomsforebygging
Det blir sagt at sjukdomsforebygging hjå sau foregår på to plan. Det
eine er å gjera miljøet til sauen optimalt, og det andre er å styrka
kondisjonen til sauen.
Ein kan også seia at ved å ta hensyn til dyra sin naturlege åtferd
legg ein forholda til rette for eit godt miljø der sauen vil unngå stress
og vantrivsel. Ein må spela på lag med sauen sin måte å leva på. Dette
krev kunnskapar om sauen sin åtferd, og etter kvart som vi lærer meir
om den, vil vår oppfatning om kva som er det beste for sauen, endra seg.
Rammevilkår for å driva sjukdomsforebygging.
Vi kan ikkje alltid sjå den einskilde garden isolert når vi skal sjå
på kva vi kan gjera av forebyggande arbeid. Det har sjølvsagt avgjerande
betydning at det er ein fagleg flink bonde som skal leggja opp drifta,
men det er viktig å vera klar over at alle arbeider under ein rammevilkår
som set grenser for kor mykje som kan gjerast, både på godt og vondt.
Bonden er avhengig av offentlege styresmakter når rammevilkåra
for drifta skal bestemmast.
Det er fyrst og frems lovverket som lagar dei tydelegaste rammene.
Eg vil nemna dei lover og forskrifter som er dei viktigaste.
1) Nasjonalt regelverk
· Lov om tiltak mot dyresjukdommer (Husdyrloven)
· Forskrift om bekjempelse av dyresjukdommer
· Lov om dyrevern
· Stortingsmelding nr 27 (1991-92) Rovviltmeldingen
2) Internasjonale avtaler:
· Bern-konvensjonen (Ein forpliktelse til å ta vare på det biologiske
mangfoldet i naturen) -Nedfelt i Rovdyrmeldinga
· Europakonvensjonen for hald av produksjonsdyr. -Ikkje
nedfelt i norsk regelverk enno for sauen sin del. Men det er utarbeidd
forskrofter for hald av storfe og svin.
Alt dette regelverket set visse grenser for eller krav til korleis ein
skal innretta seg når ein driv med sau.
I tillegg finnst det tilskotsordningar og støttetiltak av ymse slag.
Dette gjeld f eks ved bygging av driftsbygning, og det gjeld produksjonstillegg
og erstatning ved tap pga rovdyr.
Ein ser såleis at det offentlege grip sterkt inn i så å seia den daglege
drifta til sauebonden.
Men det er også andre aktørar. Det står seljarar i kø for å selja innreiing.
Kraftforprodusentar har sine varer å tilby. Og rådgjevarar av ymse slag
blandar seg inn når det gjeld fôring og stell, og til den gruppa høyrer
veterinæren. Råda ein sauebonde får, treng ikkje alltid vera like
gode. Men dersom det er ein saueeigar som bryr seg om dyra sine og som
skjønar signala dyra sender ut, kan mykje rettast på sjølv om utgangspunktet
er dårleg.
Praktiske tiltak på garden
Vi veit at helsetilstanden til eit individ er avhengig av eit komplisert
samspel der vi kan gripa inn og endra berre nokre få faktorar. Vi må såleis
fara varleg fram og prøva å grunngje godt dei tiltaka vi meiner er nødvendige.
Sjukdomsforebygging skal foregå heile året. For å få ei viss oversikt
må vi systematisera emnet, men vi skal heile tida ha klart for oss at
det er eit samspel, der dei forskjellige tiltaka kan virka inn på kvarandre,
kanskje på uforutsette måtar.
Planlegging av lamming og innkjøp av ver.
Når sauene er komne på beite, kan det vera bra å oppsummera sesongen
så langt og ta til med planlegginga av neste år. Etter kvart som arbeidet
med dette innlegget har pågått har ting endra seg ganske mykje med tanke
på rammevilkår og reglar for avlsarbeid. Desse nye forskriftene virkar
direkte inn på planlegginga til den enkelte bonden. Det kjem til å bli
oppretta avlsgrupper og det set strenge begrensningar på korleis ein skaffar
seg nytt avlsmateriale og korleis ein oppstallar nye dyr.
Men dette gjer planlegginga endå viktigare enn før.
Lammingstidspunktet bør planleggjast ut frå kva slags hus ein
har og kva tid ein reknar med å få lamma ut på beite. Lammetapet er minst
dersom lamminga skjer inne, men er det trongt om plassen, kan ein ikkje
satsa på å la lamma stå lenge inne. I det siste har det i mitt praksisområde
vore ei utvikling mot lamming seinare på våren. Dette har berre hatt positive
fylgjer, med mindre lammesjukdommar.
Kva slags ver skal ein ta inn i besetningen? Denne kan berre hentast
frå avlsgruppa ein tilhøyrer. Ein bør sikra seg ein som gjev friske avkom
utan misdanningar. Ekstra viktig er det å sikra seg mot at den har med
seg smitte. Det kan difor vera lurt å ta den inn ei stund før paring.
Etter dei nye forskriftene om bekjempelse av dyresjukdommer skal ein
ver som er innkjøpt ikkje sleppast inn i bingen til søyene. Avlsdyr skal
også gå på eige beite. Det kan bli aktuelt med meir kunstig sædoverføring
for å kompensere noko på ulempene dette fører til.
Planlegging av fôring og stell
For å få friske levedyktige lam må søyene vera i normalt godt hold. Dei
må få fôr som er av god kvalitet og det må sikrast nok tilgang på sporelement
og vitamin. Det er difor viktig å starte hausten med eit godt planlagt
fôringsopplegg. Søyene må så snøgt det tek til å bli dårleg beite utover
hausten få tilskot av anna fôr enn håbeite. Det kan bli svært næringsfattig
ut i oktober og i byrjinga av november.
Fram mot paring og utover heile vinteren må det gjevast ein dagleg
rasjon med kraftfôr.
Eksempel på fôrplan om vinteren:
| |
Lam |
Gimmer |
Vaksen |
| Høy, kg |
0,5 |
0,5 |
0,5 |
| Silo, kg |
2,0 |
3,0 |
4,0 |
| Kraftfôr, kg |
0,4 |
0,3 |
0,1 (-0,3) |
Kraftfôrtypen ein vil bruka må vurderast frå år til år, men skal ein
anbefale noko, er f eks Formel 97-låg utan kopar eit godt alternativ.
Til lam bør ein vurdere andre alternativ med høgare proteininnhald. Vi
veit at norsk grovfôr har for lite av sporelement som f eks selen, kobolt
og jod. Kvaliteten på fôret er også svært varierande. Det beste er ei
fôranalyse om hausten, men det er ikkje blitt vanleg enno. Fôringa må
vera jamn utover heile drektigheitstida.
Grupperinga av sauene er viktig. Lam må stå for seg sjølve. Dei
vaksne må grupperast etter hold. Men når det lir utpå vinteren vil søyene
ha ulikt behov for næringstilførsel avhengig av om dei skal ha eitt, to
eller tre lam. Dei må då omgrupperast. Det er då blitt litt lang
ull og det einaste som nyttar er å kjenna på søyene korleis holdet er,
på avstand kan dei sjå fine ut alle saman.
Når det nærmar seg lamming aukar næringsbehovet og søyene tek
til å tæra på kroppsreservane. Dette må ein ta hensyn til ved fôringa.
Det er særleg denne tida som er viktig for kor store lamma skal bli ved
fødsel. Ei underfôring kan gje små, lite levedyktige foster. Det vil også
bli for lite råmjølk og mjølkeevna utover våren blir nedsett.
Fôringa etter lamming er avhengig av kor mange lam søya har. Kraftfôrmengda
må rettast etter kor mange klam søya har. Her må søyene setjast saman
etter kor mange lam dei har.
Overgang til vårbeite må skje gradvis. Graset er mest næringsrikt
om våren, så det er viktig å få ut lamma så snøgt det er grønt. Då sparer
ein kraftfôr. Tilveksten på godt beite kan vera 350-400 g pr dag.
Sommarbeite
På sommarbeite skjer det eit stort lammetap. Det er difor viktig å tenkja
nøye gjennom korleis beitet er. Tilveksten til lamma er ein viktig indikator
på beitekvaliteten. Er tilveksten på under 300 g pr dag kan beitet vera
for dårleg. Men det kan vera parasittar i beitet, det kan vera mangel
på mineral eller det kan vera giftplanter som set ned veksten.
Haustbeite
Tidleg sanking og godt haustbeite kan vera eit alternativ dersom det
er liten tilvekst på beite og/eller det er store problem med jerv eller
bjørn. Ved snøgg overgang til haustbeite kan ein oppleva at enterotoksemi
blir eit problem. Det beste er gradvis overgang. Reint rapsbeite må ein
unngå.
Beitehygiene
Det er viktig at beitet er mest mogeleg fritt for parasittar og giftige
planter. Ein må planleggje korleis ein vil ta hand om dette. Ein må pløya
opp med jamne mellomrom og ein bør veksla på vårbeitet for å prøva å unngå
for stort smittepress.
Gjennom heile denne tida er stellet, omsorga for dyra viktig.
Det blir ofte for lite tid til å vera saman med sauene, og det er synd,
for den kontakten er viktig for eit godt miljø og for trivselen både blant
sauene og folka på garden.
Klipping
Klippinga om våren er viktig, men det er ein stressfaktor. I uisolerte
sauefjøs kan dette vera eit problem. Den kritiske temperaturen går opp,
dvs den temperaturen som trengst for at kroppens normale varmeproduksjon
skal halda kroppstemperaturen oppe. Den er -6°C ved ei ullengde på 10
cm, men heile +13°C ved ei ullengde på 1 cm. Nokon har løyst dette problemet
ved å isolera eit rom og la sauene vera der nokre dagar etter klipping.
Ein tek dei då inn gruppevis. Men det er viktig å gjera dette innan 6
veker før lamminga tek til. Klippinga gjer at fôropptaket aukar og vassopptaket
minkar. Det blir tørrare inneklima. Søyene får betre plass i bingen. Det
er i dei siste seks vekene fostra legg på seg. Då treng søyene ro. Dei
treng auke i fôrmengda, og dei treng stadig større plass.
Når lamma kjem til verda, er det lettare for dei å finna spenane dersom
det er klipt rundt juret.
Fôring og stell er dei viktigaste enkeltfaktorane i sjukdomsforebygging.
Med rett fôring og eit godt tilsyn der ein lærer seg korleis sauene vil
ha det, kan ein unngå ei mengd med problem.
Hus og miljø
Sauen har stor evne til å tilpasse seg forskjellig klima og temperatur.
Eit godt sauehus kan difor byggjast på mange måtar. Men ein kan ta visse
hensyn til sauen sin naturlege åtferd. Sauen er eit flokkdyr
og ute lever han i grupper. Det er difor anbefalt å laga grupper også
inne. Dei bør vera på mellom 5 og 15 dyr. Ein sau bør ikkje stå åleine.
Dei treng ei viss tilvenningstid på å stå i hus, det er nemnt frå 1-2
veker og opp til 1 månad fyrste gong dei blir sett inn. I denne tida kan
dei få stereotyp åtferd og ein kan sjå m.a. ulleting og eting på innreiing
Arealet i fjøset må vera stort nok til at ein også kan ha sjukebingar
og isolat. Ein skal kunna la ein nyinnkjøpt ver stå noko borte frå resten
av flokken. Ein bør ikkje ta inn nye dyr like før, under eller etter paring
dersom ein ikkje er heilt sikker på helsetilstanden til dyret. Det kan
få alvorlege konsekvensar ved f eks border disease.
Arealkrav
| |
Krybbeplass m |
Bingeplass i m2 |
| |
Søyer |
Gimrer |
Lam |
Søyer |
Gimrer |
Lam |
| Store |
0,35 |
0,30 |
0,26 |
0,70 |
0,60 |
0,50 |
| Små |
0,30 |
0,27 |
0,24 |
0,60 |
0,55 |
0,50 |
| Lamtunge |
+0,15 |
|
|
+0,30 |
|
|
Etter lamming aukar plassbehovet til det dobbelte.
Lamming innandørs gjer at ein får fleire lam til å overleva. Men
det er viktig at huset er slik utforma at det er mogeleg å få til ei brukbar
lamming. Søyene har ein spesiell åtferd ved lamming som det bør takast
særleg hensyn til når ein skal planleggja hus og bingeutforming. For søya
er det naturleg å finna seg ein lammingsplass isolert frå resten av flokken.
Men det krev plass. Og det krev at ein tek hesyn til søya så ho ikkje
må gå frå den plassen ho har ved lamming før ho sjølv vil. Litt tankelaus
handtering ved lamming kan gjera alvorleg skade på søye/lam bindinga,
og ein kan risikere at ho ikkje vil ha lammet sitt.
Det beste er difor lammingsbingar som søya står i frå litt før
til ei stund etter lamming, minimum 24 timar. Men det blir ikkje anbefalt
å la dei stå der for lenge, ein dag for kvart lam den har er det beste.
Likevel nyttar det ikkje å setja saman for mange søyer etter lamming heller.
Det må vera rein halm eller liknande underlag, og størrelsen på bingane
bør vera 1,20m X 1, 20m
Lamma bør få koma seg unna aggressive søyer, difor er lammegøymer
gode å ha.
Lamminga set store krav til innreiinga. I tillegg til plassbehovet,
kjem behovet for reint underlag, frisk luft og reint vatn.
Golvtyper
Lamma veks snøgt dersom dei er friske. Søyene et og drikk mykje og mengden
vassdamp frå lungene til både søyer og lam aukar og urinmengda aukar.
Får dei då i tillegg silo, veit vi korleis det blir sjåande ut etterkvart.
Det kan vera fint med talle dersom søyene får høyfôring. Men det
krev at ein fyller på med halm eller flis ofte. På talle unngår ein klauvsekkbetennelse,
men andre infeksjonar kan bli like store problem. Strekkmetall og godt
spaltegolv er lettast å halde reint, men ein bør bruke hydratkalk
ofte. Då kan det bli brukbart, men etter lamming hender det ofte at spaltene
tettar seg med fôrrestar og møkk, så det er innsatsen til den enkelte
saueeigar som er avgjerande for eit godt resultat.
Ventilasjonen er viktig heile året. Men det blir stilt større
krav når det blir varmare ute og lamminga er komen i gang. Det er hustypen
som bestemmer ventilasjonsmåten. I uisolerte hus bygt etter svensk mønstrer
med tett vegg to meter opp og så ei luftspalte rundt heile huset, er det
nok med naturleg lufting. Er det eit godt isolert sauefjøs, må det til
vifte og mange nok luftinntak og alt dette må plasserast slik at ventilasjonen
fungerer i heile huset. Det gjer det slett ikkje alltid, sjølv ikkje i
nye fjøs med nytt ventilasjonsanlegg.
Vassforsyninga er ofte det vanskelge punktet i uisolerte fjøs.
Det er mogeleg å få dette til å fungere med relativt enkle middel med
varmekabel og ei opppvarma kasse rundt drikkekaret.
Tilsyn
Det er nødvendig med tilsyn. Dette er saueeigaren sitt ansvar, men vi
som rådgjevarar må av og til forklara folk som driv med sau kva dei skal
gjera, og kvifor. Vi har vore inne på vurdering av hold ved innsetjing.
Det vil resultere i gruppering av dyr som treng same fôring. Ein må fylgja
opp dette utover vinteren og gjera nye vurderingar av hold og omgruppere
der det er nødvendig. Om hausten er det nødvendig å undersøkje juret på
alle søyer om dei har hatt mastitt. Ein tett spene om våren kan "ta
livet av" det lammet som har fått den. Det daglege tilsynet inneber
bl a at ein ser etter om dyra har nok reint vatn. Ein må fjerna silorestar
før kvar fôring. Og ein må ta seg tid til å sjå litt etter dyra kvar dag
for å vurdere helsetilstanden. Desse enkle tiltaka kan vera nok til å
hindra utbrot av infeksjonssjukdommar som kan føra til lammetap, f eks
Listeriose. Har sauene heilårsull, er det endå meir påkreva med vurdering
av hold med jamne mellomrom.
Etter som tida nærmar seg lamming, aukar behovet for tilsyn. No skjer
utviklinga av foster så snøgt at ein må vera endå meir på vakt mot endringar
i sauen sin oppførsel. Det kan vera signal om at han ikkje er i form eller
at han krev ekstra pass. Det er også viktig å vera førebudd på lamminga.
Det må ordnast med lammebingar, halm og hydratkalk må vera tilgjengeleg.
Tilsyn ved lamming
Lamminga er ei av dei mest kritiske periodene i saueåret. Den kan gå
fint dersom ein har fôra rett og sauene er i god kondisjon. Men ser ein
på statistikkane, utgjer lammetapet rundt fødsel omlag halvparten av det
totale tapet.
Det er her nødvendig med kunnskapar om fødsel og fødselshjelp.
Dette kan vera mangelfullt og det kan vera ein årsak til det store lammetapet.
Det er mykje å vinna på eit godt tilsyn rundt fødsel. Når lammet kjem,
må jur og spenar undersøkjast på nytt for å forvissa seg om at det er
mjølk. Altfor ofte kjem det daue lam til obduksjon som er tomme i magen
og avmagra. Det er nødvendig å sjå etter at mora sleikjer lammet sitt
og at det kjem seg opp etter normal tid. Her har ein ikkje mykje tid å
missa dersom det oppstår hypotermi. Ei passeleg kasse og varmekjelde til
oppvarming bør vera tilgjengeleg, men ein vanleg hårfønar kan også gjera
nytte for seg.
Har søya lite råmjølk må det til ekstra tilførsler, helst frå andre søyer.
Geiteråmjølk bør ein ikkje bruke då sauen kan utvikle antistoff mot CAE
som kryssreagerer med Mædi. Denne kryssreaksjonen vil kunna skapa problem
ved eit eventuelt Mædi-utbrot.
Kuråmjølk kan i visse tilfelle vera årsak til anemi hjå spelam. Men dersom
ein ikkje har andre utvegar, kan ein bruke det.
Behovet for råmjølk er angitt frå 180 - 200 ml/kg levandevekt
innan 15-20 timar etter fødsel. Råmjølka er som alle veit viktig for den
uspesifikke immuniteten. Den er også viktig for den spesifikke immuniteten
når søya er vaksinert før lamming (Clostridieinfeksjonar). I tillegg inneheld
råmjølk mykje vitamin-E og vitamin B12. Vitamin
B12 er der i store mengder berre nokre timar og
det er også med på å understreka kor viktig det er at lammet får i seg
nok råmjølk tidleg.
Hygienen i lammingsbingen og i sauebingen er svært viktig for
å unngå spelaminfeksjonar. Det bør leggjast inn ny halm dagleg i tallebingar,
og ein bør strø hydratkalk, også gjerne dagleg, på spaltegolv og strekkmetallgolv.
Lammingsbingar som blir brukt til fleire fødslar, må reingjerast godt
mellom kvar lamming.
Tilsyn i beitetida
Over ein tredel av lammetapet skjer på beite. Mykje av årsakene til tapet
skuldast dårleg kondisjon på lamma når dei blir sleppte, men det skuldast
også ting som skjer på beite. Søya kan få mastitt eller andre sjukdommar
og lammet får for lite næring. Det kan koma bort frå mor si, det kan bli
sitjande fast i naturlege hinder eller gjerde og gamle hus. Laushundar
og rovdyr er problem og bilpåkøyrslar er ikkje uvanleg. Det idéelle ville
vera å ha eit like godt tilsyn i beitetida som inne. Men med eit betre
opplegg for tilsyn i beitetida enn det ofte er, vil ein kunne redusere
tapet noko. Det blir stadig reist sterkare krav om meir tilsyn i område
der det er mykje rovdyr. Her er det mykje usikkert, om nytten av tilsyn
og kva slag førebyggande tiltak som er mest effektive. Men dette er eit
område vi som veterinærar må setja oss meir inn i.
Andre beitetiltak
Myrar, elver, snøbruer, fjellskorer, bilvegar er potensielle feller for
sauen. Det kan vera område med giftige planter som Rome. Det er kvart
år fleire dyr som blir forgifta og det ville sikkert vera ein fordel å
hindra dei i å bruka slike beite Ein kan her setja opp gjerde og bruer
som hindrar dyr i å koma dit det er mest farleg. Men har ein fyrst sett
opp eit gjerde, krev det tilsyn. Det hender sauer går seg fast i det også,
og det kan også ville dyr gjera.. Ein kan ofte sjå at tiltak som fyrst
ser lovande ut, likevel har sine ulemper og kan vera farlege for dyra.
Det krevst at ein stadig fylgjer med og prøver å finna ut korleis sauen
oppfattar dei tiltaka som vi set inn. Vi bør sjå etter signala til sauen,
fylgja med på skadestatistikken og til slutt sjå på det totale økonomiske
resultatet.
Vitamin/mineraltilførsel
Selen/E-vitamin
Dette emnet blir teke opp i ein annan samanheng, og difor vil det ikkje
bli trekt fram detaljar i profylaksen her. Selen/vitamin-E skal tilførast
heile året og særleg i innefôringstida. Det er viktig å gje tilleggsfôr
for å bøta på det låge nivået grovfôret har. Skal ein til med profylaktiske
tiltak i form av injeksjonar, må dette gjerast på ettervinteren i god
tid før lamming.
Er det utbrot av muskeldegenerasjon hjå enkeltdyr om våren, reknar ein
med at nivået i besetningen er så lågt at alle lamma i flokken må få behandling
profylaktisk.
Kobolt
På enkelte kulturbeite på Vestlandet er det påvist koboltmangel. Lamma
utviklar seg normalt ei stund, men så stagnerer dei, blir slappe, og enkelte
kan stryka med.
Det finnst fleire måtar å forebyggja koboltmangel på.
Fyrst er det viktig at lamma får nok råmjølk. Dei får då eit lager
med vitamin-B12 som held seg i blodet lenge utover
sommaren.
Ein kan gjødsle med kobolt. Då bruker ein ca 200 g CoSO4
pr dekar kvart 3.-4. år. Dvs 40g reint kobolt.
Fullgjødsel 15-4-12 tilsett kobolt og kopar har også vore nytta,
og denne gjødsla kan ein få tak i dersom ein bestiller det frå Norsk Hydro
i god tid før beitesesongen kvart år.
Gul koboltslikkestein kan brukast. Den må nyttast heile beitetida.
Ein kan leggja inn langtidsverkande koboltkuler i lam som er over
2 månader gamle.
Medikamentell profylakse
Under dette avsnittet kjem bruk av parasittmiddel, serum eller vaksiner.
Antibiotika kan i nødsfall brukast profylaktisk, men det er ei dårleg
løysing og må berre brukast i ein prekær situasjon dersom ein ikkje har
andre middel å ty til. Og då kan det kanskje ikkje kallast profylakse,
men behandling.
Dersom ein gjennomfører eit godt driftsopplegg gjennom året med rett
fôring, stell og tilsyn, vil ein kunna unngå mange sjukdomsproblem. Men
medikamentell profylakse vil også ha sin plass i det totale førebyggande
arbeidet hjå sauen.
Parasittbehandling
Mage-tarmparasittar
Vi treng kunnskap om parasittane og vi treng kunnskap om driftsforma
for å kunna driva ein effektiv parasittprofylakse. Det beste ville vera
om ein tok regelmessige parasittprøver slik at parasittproblemet vart
fastslege meir sikkert.
Vi har to hovedtyper mage-tarmparasittar, dei som overvintrar i beitet
og dei som overvintrar hovudsakleg i sauen. Koksidier, Nematodirus, Ostertagia
og bendelorm overvintrar i beitet. F eks Hemonchus Contortus og andre
overvintrar i sauen.
Dei som overvintrar ute (Koksidier,
rundorm og bendelorm) må ein bekjempa noko ulikt. Dei smittar ikkje til
same tid, og alle er heller ikkje like farlege.
Dei som overvintrar i sauen har det til felles at dei
ligg i ein slags dvaletilstand fram mot våren. Då tek dei til å utvikla
seg og dei kan ta til å produsera egg i store mengder ("Spring rise").
Dette kan så smitta beitet når dyra kjem ut, og lamma vil få i seg store
mengder parasittar.
Vi kan setja opp fylgjande punkt i parasittbekjempinga:
1) Sauen må vera fri for alle overvintrande parasittar seinast før
ein ville fått ein stigning i eggutskiljinga om våren
2) Ein må prøva å få til eit beite som er mest mogeleg fritt for overvintrande
parasittar. Dette gjer ein ved å sleppa parasittfrie dyr på beite, ha
store nok areal, skifta beite ofte, pløye opp enga med jamne mellomrom,
la andre dyrearter bruka same beite.
I praksis er det vanskeleg å gjera noko med vårbeitet. Det blir ofte
det same år etter år, og smittepresset blir stadig større utan bruk av
anthelmintika.
Kva type anthelmintika ein bruker må bli opp til den veterinæren som
skriv ut resepten, men ein bør veksla frå år til år for å unngå resistens.
Ved Institutt for Småfeforsking seier dei at ein bør bruka "kvite"
eit år og "blanke" det neste. Dersom ein ser på hovedgruppene
kunne det vera praktisk å fylgja dei med ein veksling frå år til år.
Koksidier
Koksidiar kan vera eit problem sjølv om det ikkje gjev dramatiske symptom
som diaré og dødsfall.Ein må rekna med at smitten byggjer seg opp i eit
beite som blir brukt år etter år. Erfaring frå praksis viser at ein kan
ha nytte av behandling sjølv om oocystemengden ikkje er av den største.
Ein kan forresten finna ganske mykje koksidier der ein minst kunne venta
det. Ein skal vera klar over at koksidiesmitte kan forekoma før utslepp.
Dette gjeld kanskje mest i tallefjøs. På spaltegolv må ein rekna med at
det er eit minimalt parasittproblem.
Behandling med Toltrazuril (Baycox® ) 7 dagar eller
før etter utslepp ser ut til å vera nødvendig mange stader, og bør anbefalast
i større utstrekning. Det er likevel ikkje grunn til å behandla lamma
når dei er for små til å ta opp smitte. Dei bør vera minst 3 veker gamle.
Doseringa er: Toltrazuril, 20 mg/kg ): 4-5 ml pr lam.
Rundorm
Det er nødvendig med fleire typer opplegg for å bekjempa mage-tarm nematoder.
Det kjem an på driftstopplegg og hustyper.
Det må takast hensyn til om sauen nyttar fjellbeite/skogsbeite eller
kulturbeite.
Det må også takast hensyn til om sauen går ut og inn heile vinteren eller
om han står inne på spaltegolv/strekkmetall eller talle.
Spaltegolv/strekkmetall. Vårbeite og haustbeite heime. Fjellbeite
om sommaren.
¨ Alle sauer blir behandla ved innsett med
eit prepreparat som tek alle parasittane
¨ Alle lam blir behandla før fjellsending
¨ Vurdera om ein må behandla på heimebeite
om hausten dersom lamma kjem tidleg frå fjellbeite og blir gåande lenge
utover hausten.
Talle eller utegang om vinteren. Vårbeite og haustbeite heime. Fjellbeite
om sommaren
¨ Alle lamma samt vaksne etter behov blir
behandla om hausten
¨ Alle blir behandla i februar/mars, før
vårstigninga i eggutskiljinga
¨ Alle lam blir behandla før fjellsending
¨ Vurdera om ein må behandla på heimebeite
om hausten dersom lamma kjem tidleg frå fjellbeite og blir gåande lenge
utover hausten.
Kulturbeite om sommaren.
For denne driftsforma gjeld det same opplegget som for dei to som alt
er nemnt fram til beiteslepp
Etter beiteslepp:
¨ Ta avføringsprøver og behandla alle lam
3 veker etter utslepp
¨ Det kan vera aktuelt med ny behandling
i slutten av juli
¨ Ta nye avføringsprøver for ei eventuell
ny behandling i august
Har ein Nematodirus Battus, må det til eit eige opplegg for å
ta den. Det er då skissert fylgjande plan:
¨ Behandla tre gonger med to vekers mellomrom
frå 20. mai 2 år på rad. Då kan det gå nokre år før det blir aktuelt
å behandla på nytt
Dette er ein parasitt som har forskjellig opptreden frå år til år. Dei
embryonerte egga må fyrst avkjølast og så trengst det ein temperatur på
10°C for at klekkinga skal skje.
Bendelorm
Det er usikkert om bendelorm er av nokon stor betydning. Men det kan
av og til vera eit problem, og av dei midla vi har til rådvelde er det
albendazol som skal vera det beste bendelorm-midlet.
Dei rundorm- og bendelorm-midla som er aktuelle i dag
er:
1) Benzimidazolar
· FenBendazol (Panacur)
· AlBendazol (Valbazen)
2) Tetrahydropyrimidinderivat
· Morantel (Exhelm)
3) Avermectin
· Ivermectin (Ivomec)
Ektoparasittbehandling
I område av landet der det er skogflått (Ixodes Ricinus), er bruk av
ektoparasittmiddel eit av fleire tiltak ein kan bruka for å redusere problemet.
Eit av dei nye Pour On preparata er lett å administrere, men ein må behandla
på nytt med visse mellomrom utover sommaren.
Sauekrabbe har blitt eit stadig mindre problem dei siste åra. Men den
kan dukke opp av og til, og då er det viktig å behandla.
Ektoparasittmiddel
1) Pour on - preparater
· Pyretriner
· Organiske forbindelser
Immunprofylakse
Nytten av å driva immunprofylakse er udiskutabel. I tillegg til å spara
dyret for lidingar ein sjukdom fører med seg og ein reduksjon i lammetap,
gjer det behovet for å bruka antibiotika mindre. Dette er eit målsetting
som det blir stadig meir fokusert på for tida. Ein kan nemne resistensproblematikken
som eit stikkord her.
Immunprofylakse går ut på at det enkelte dyret har nok immunitet i den
perioden det har lettast for å få sjukdom. Ein kan nytta aktiv eller passiv
immunisering. Ved vaksinering tilfører ein kroppen eit antigen som stimulerer
immunapparatet til å produsere antistoff. Passiv immunisering er å tilføra
antistoff direkte anten som råmjølk, serum eller fullblod. Serumbehandling
av eldre dyr som er immunkompetente vil gje kortare virkning enn hjå dyr
med eit umodent immunsystem. Serum vil hjå desse bli oppfatta som eit
antigen og stimulerer til at det blir laga antistoff mot serumet.
Som oftast er det ikkje aktuelt å vaksinere lammet. Ved å vaksinere søya
før lamming vil den få ein aktiv og langvarig immunitet, mens lammet får
ein passiv immunitet gjennom råmjølka. Denne immuniteten beskyttar lammet
den tida det ville ha lettast for å bli sjukt og fram til det lagar sine
eigne antistoff.
Dukkar det opp sjukdommar som det ikkje er vaksinert for, vil ein få
den snøggaste effekten ved bruk av serum. Då kan det vera spørsmål om
å vaksinere seinare, når den akutte sjukdommen er over. Det er liten grunn
til å vaksinere med det same ein har serumbehandla. Dei antistoffa som
er tilført anten maternelle eller ved ei serumbehandling vil i stor grad
svekka effekten av vaksina. Det er angitt at ein kan prøva å vaksinere
ca 10 dagar etter ein serumbehandling, då har ein hatt eit tilstrekkelege
fall i antistoffnivået. Men det har likevel ingen særleg effekt å vaksinere
eit lam før det er 8 veker gamalt, kan hende med unntak av pasteurella
i visse tilhøve.
Serumbehandling
Diaré
Ved koli-diaré er det viktig å koma snøgt til med behandling.
Det er ikkje anbefalt vaksine til sau, så alternativet er serumbehandling.
Kalvediareserum har vist god effekt mange stader, men ein bør ta
bakteriologiske prøver for å sjå om ein har dei rette serotypene.
Dosering: Ein praktisk måte å gjera det på er å gje 5 ml peroralt like
etter fødsel.
Hemorrhagisk enteritt eller lammedysenteri skuldast toksin frå
Clostridium Perfringens type B. Det er påvist her i landet, men det vil
ikkje vera aktuelt å vaksinera søya mot denne sjukdommen då den er svært
sjeldan. Serumbehandling er brukt med godt resultat.
Enterotoksemi
Tidlegare var det mest vanleg å serumbehandla alle lamma mot enterotoksemi
eit par dagar før utslepp. Dette vart då gjort samtidig med ein injeksjon
selen/vitamin-E. No er det nesten slutt på dette og det er ikkje mange
lam som treng serum. Men dei som er aktuelle er under søyer som ikkje
er vaksinerte eller dei lamma som har fått i seg for lite antistoff frå
råmjølka. Det kan vera at søya vart vaksinert til feil tid, gjerne då
så nær opp til lamming at det ikkje fekk nokon innverknad på antistoffnivået
i råmjølka. Eller det hender at søya lammar tidlegare på våren. Det kan
også vera at lammet har fått råmjølk frå andre kjelder som heller ikkje
har antistoff. Der som lammet blir gåande for lenge inne, vil det etter
kvart bli så stort at det tek til å eta mjøl og faren for enterotoksemi
stig. Då kan det vera behov for to behandlingar, den fyrste medan lammet
går inne og så ei ny ved utslepp.
Dosering: 2 ml s.c.
Vaksinering
Dei fleste vaksinene ein nyttar til småfe har drepte, inaktiverte antigen.
Listeriosevaksinen er ei levande vaksine, det same gjeld paratuberkulosevaksinen
som blir nytta til geit. Den drepte vaksinen skaper minst bivirkningar,
men så vidt eg veit har det ikkje vore problem med listeriosevaksinen.
Ein kan få feilslag ved vaksinering, og ein skal vera klar over at ein
påføre dyret ein iatrogen smitte. Dvs smitte frå dyrlegen via ei kanyle
som blir brukt til fleire dyr utan desinfeksjon.
Listeriose
Listeriose i slutten av drektigheita kan føra til kasting. Men det kan
også bli svakfødde lam som er infiserte i fosterlivet, desse kan stryka
med etter kort tid. Det er der ein bruker silofor eller rundballar ein
er mest utsette for dette. Vaksineringa skjer om hausten 14 dagar før
siloforinga tek til. Då skal effekten vara i 10 månader. Dette er ei levande
vaksine. Vaksinen er frysetørra og må løysast opp like før ein skal bruka
den.
Dosering: 2 ml s.c.
Pasteurella
Effekten av vaksinering mot Pasteurella hemolytica er noko omdiskutert.
I område med sjodogg kan det vera aktuelt å vaksinera for å unngå den
septikemiske forma. Men sjølve opplegget for å få til ei effektiv vaksinasjonsprosedyre
er vanskeleg. Alderen på lamma samt den dårlege immunresponsen ein kan
få ved eit eventuelt sjodoggangrep, svekkar effekten. Dersom det blir
luftvegsproblem i ein buskap, må ein fyrst undersøkja miljøet, og då særleg
ventilasjonen. Det kan vera mangel på ventilasjon. Dersom det er ventilasjon,
vil måten fjøset er innreidd på ofte vera avgjerande for korleis ventilasjonen
fungerer. Det kan vera feil plassering av vifte, små åpningar for inntakslufta
osv. Dette er noko som må takast fatt i i kvart enkelt tilfelle. Men det
er like viktig å endra på miljøet som å gå i gang med eit vaksinasjonsopplegg
mot Pasteurella. Oftast er problemet eit kompleks av mange faktorar. Dersom
ein finn ut at ein vil vaksinera, må ein bruka kombinerte vaksiner der
ein finn forskjellige serotyper av P Hemolytica saman med klostridiearter,
f eks Ovivac-P®. Denne vaksinen kan ein bruka når
ein vaksinerer mot klostridieinfeksjonar om våren.
Klostridieinfeksjonar
Clostridium Perfringens type D gjev enterotoxemi. Er lammet fyrst vorte
sjukt hjelper det ikkje med behandling, så det er viktig å vaksinera i
rett tid slik at det er nok antistoff mot epsilontoksinet i råmjølka.
Dette er den viktigaste vaksina og bør anbefalast til alle.
Det blir ofte reist tvil om kor effektiv denne vaksina er. Det dauar
lam sjølv om ein meiner at vaksineringa er gjort etter oppskrifta. Då
løner det seg å obdusere lamma som dauar for å få slege fast diagnosen.
Som oftast er det andre sjukdommar som er årsaka, og dersom ein ikkje
finn anna forklaring på dødsfallet, vil vaksinering etter kvart koma i
vanry sume stader.
Vaksineringa skal vera gjort 14 dagar før lamminga tek til (2-6 veker
før lamming). Det er fleire vaksiner på marknaden. Det kan variere noko
kva som er å få, og ein skal ikkje sjå bort frå at dei kan nok noko forskjellig
innhald. Dei fleste har antigen mot Cl Perfringens type D, Cl Septicum,
Cl Chauvoei og Cl. Tetani. Tetanusantigen er altså ein viktig komponent
i denne vaksinen.
Dosering: 2 ml s.c.
· Ein skal vera klar over at til
geit må ein omlag dobla dosen, dvs gje ca 4 ml. Effekten av ein slik
vaksinasjon på geit varer heller ikkje så lenge, ca 4 månader.
Konklusjon
Tapstala i dei forskjellige flokkane varierer frå 2 til 20 %. Ut frå
desse tapstala skjønar ein at det må gå an å redusere tapet hjå mange.
Det er mange enkeltfaktorar som er med på å auka tapstalet. Den enkeltfaktoren
som er viktigast for å få redusert tapet, er saueeigaren sjølv. Men han
er avhengig av å få råd, og den praktiserande veterinæren er den som bør
sitja med kunnskapen. Ved flokkproblem kan ein innfallsvinkel vera buskapsutgreiing.
Det finst gode malar for korleis dette skal gjerast. Fleire dyrearter
har fått sitt helseplanopplegg. Sauen står for tur, og då bør dette koma
inn i meir ordna former, særleg med tanke på økonomisk vederlag til veterinæren.
Men dersom ein har ein interessert saueeigar, må ein laga ein avtale med
han i samarbeid med rådgjevaren i sauekontrollen. Dette kan vera stimulerande
fagleg, då ein vil få innblikk i sauehaldet frå ein annan ståstad enn
den ein har til dagleg.
|