Parasittbehandling av geit
Av: Veterinær Nils Leine, 2975 Vang i Valdres
1. Klypp
geitene ved innsett.
2. Sjå etter om dei har blodlus eller pelslus.
3. Veg geitene og noter vekta.
4. Dersom dei har pelslus må dei fyrst behandlast for det og deretter
mot innvollsorm/lungeorm.
5. Dersom dei har blodlus:
Gje dei ein dose med Ivomec ®, 3.5 ml pr 10 kg levande
vekt. For tida er det berre Ivomec ® som finst på marknaden
som tek både innvortes parasittar og utvortes blodsugande parasittar
og som kan gjevast gjennom munnen. Hugs at geita treng høgare dosering
enn sau og at vektene på geitene varierer svært mykje.
6. Behandlinga kan skje i sintida.
7. Prøv å få til eit driftsopplegg med minst mogeleg parasittar.
Det blir av og til reist spørsmål om korleis og når ein
skal behandle geitene mot parasittar. Då må vi sjå litt på kva slags parasittar
geita har og kva som er den mest praktiske tida å behandle dei på.
Vi har med både innvendige og utvendige parasittar å gjera.
Ikkje alle parasittar er like viktige, og betydningen av den einskilde
parasitten kan variere frå flokk til flokk. Difor vil eit lite innlegg
som dette berre ta for seg eit par viktige parasittar og det blir gitt
nokre generelle råd.
Fyrst litt om kva for parasittar som er viktigast. Dei
utvendige skaper fyrst og fremst irritasjon og kløe, men dei kan også
påverka allmenntilstanden. Spesielt gjeld dette blodlus. Av innvortes
parasittar har vi mange som held til i tarmen, og nokre som held til i
lungene. Det kan sjå ut som lungeorm og lus er dei to viktigaste parasittgruppene
vi har på geit her i landet no.

Livssyklus til den vesle lungeormen (M. capillaris).
Den har ein snegl som mellomvert.
Muellerius capillaris heiter den lungeormen som dei aller fleste
geitene har i seg. Den lever lengst inne i lungene, larvene kjem ut med
avføringa til geitene og blir teken opp av ein snegl. Kva slags snegl
det er, kan variere frå stad til stad. Geita får i seg sneglen med beitegraset,
og larvene vandrar med blodet til lungene, der dei utviklar seg til vaksne
ormar.

Bilde av yngleknutar.
Her finn ein kjønnsmodne ormar med mange egg.
Ein skjønar at dersom ein kunne unngå å
sleppa geiter på infiserte beite, ville mykje av problemet vera løyst.
Der geitene får gå på store areal i fjellet og dei ikkje blir liggjande
mykje på eit lite stølsområde, kan det sjå ut som mengda med lungeorm
ikkje er så stor som der det er små beiteareal med mange dyr.

Dei raude, mørke prikkane er
ormeknutar. Dei inneheld inaktive ormar. Denne lunga er svært sterkt
angripen.

Her ser vi korleis lunga kan gro saman
med brystveggen etter ein lungebetennelse. Dette gjer det sjølvsagt
svært vanskeleg på puste.

Dette kan vera eit flokkproblem.
Vi ser at det er mange lunger som er like sterkt angripne
Den andre parasittgruppa er lus. Vi har både pelslus (Bovicola
caprae) og blodsugande lus (Linognatus stenopsis). Geita kan
ha store mengder lus på seg utan at det blir lagt merke til. Men ein ser
av og til brå dødsfall etter sterke angrep av blodlus. Årsaka til at geitene
er så plaga med lus må mellom anna tilskrivast at dei ofte står tett saman
i tronge fjøs med dårleg fjøsmiljø.
Sintida er den mest praktiske tida til parasittbehandling
av geitene. Dette kjem av at det då ikkje blir stopp i den vanlege mjølkeleveransen.
Start parasittbehandlinga med å klyppe geitene. Då vil
dei bli kvitt svært mykje lus, og ein vil sjå kva slags lus dei har. Dette
har noko å seia for kva slags medikamentell behandling ein skal velja.
Når geita er klypt, kan den få behandling for dei utvendige parasittane.
Det finst ikkje så mange preparat som er godkjende til geit, men det blir
brukt såkalte "Pour on" preparat. Særleg gjeld dette pelslus.
Ein kan også nytte lusevask slik som det har vore praktisert før. Dersom
det er blodlus ein skal behandle mot, kan ein slå behandlinga saman med
behandlinga mot lungeorm. Ei gruppe parasittmiddel som heiter avermectinar,
verkar både på innvortes parasittar og på utvortes parasittar som lever
av blod. Ein behandlar då ein gong, men ein må nytte større dose enn det
som står oppgitt til sau. Ein bør gje ein halv gong meir. Desse stoffa
finst også både til injeksjon og som "Pour on". Det blir av
nokon anbefalt å gje det til geitene gjennom munnen. Det blir hevda at
det har best effekt når det blir gitt slik, utan at nokon har lagt fram
sikre bevis for det. Ein blir ofte skuffa over resultatet av ei lungeormbehandling.
Likevel må vi oppmode om at dette blir gjort regelmessig. Det blir antyda
at ein kanskje må behandle med ca 35 dagars intervall, men dette er umogeleg
dersom ein ikkje vil ha stopp i mjølkeleveringa.
Blodlus (Linognatus stenopsis) kan ofte finnast i store mengder.
Den er liten og svart og ikkje alltid lett å sjå
Legg merke til dei små svarte prikkane i skinnet.
Det er merke etter lusebitt.
Det er viktig å veta kor tunge dyra er, slik
at dei får rett dosering. Ein må difor vega dei og ein kan behandle dei
mens dei står på vekta.
Noko som har vore lite nytta her i landet, er eggteljing
i avføring. Dersom ein vil vera sikrare på kva slags innvortes parasittar
ein har i geiteflokken, bør ein få undersøkt avføringa til ein del geiter.
Dette bør ein gjera før behandling, men også ei stund etterpå for å sjå
om behandlinga var effektiv. Håpet er at det blir fast rutine ved parasittbehandling.
Ein vil sjølvsagt prøva å koma bort frå altfor omfattande
parasittbehandling med medikament. Ein må difor tenkja over om det er
noko i driftsopplegget som kunne gjerast annleis. Geita er i utgangspunktet
eit dyr som er lite utsett for å få parasittar. Den vil beite over store
område og den vil ofte beite på busker og høg vegetasjon der det er lite
parasittar. Men når den blir trengt saman på eit lite område med grasmark
som viktigaste matkjelde, vil parasittproblemet koma snøgt.
Ta kontakt med dyrlegen og diskuter eit fornuftig opplegg
for å bekjempa parasittane.
Litteratur:
PARASITTER HOS GEIT. Bjørn Gjerde og Oddvar Helle 2. utgåve
1997
GOAT MEDICIN. David R. Sherman og Mary C. Smith 1994