![]() |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Gjennomføring
av eit helseprogram skal ha som målsetting å ¨ fremja trivsel for både geit og røktar ¨ betre økonomien ¨ sikre gode produkt ¨ redusere risikoen for utbrot av sjukdom -
som er påvist (smittsam og/eller produksjonssjukdom,
klinisk og subklinisk) -
som ein kan forventa som ei fylgje av
uheldig miljø, foring og stell -
som kan koma inn p g a a) nye dyr i besetningen b) anna
kontakt med dyr Grunnlaget for å gjennomføra eit slikt program er fyrst og fremst
bygt på at ein har eit godt tilsyn med dyra. Ein kan på den måten bli
kjend med dyra, og ein ser snøgt når noko endrar seg med dei. Visse tider
av året krev eit betre tilsyn enn elles. Dette gjeld f eks før og under
kjeing. Ein må også laga eit miljø som passar geita. Det krevst kunnskap om
korleis geita reagerer med ulik åtferd på ulike miljøtilhøve og korleis
miljøet kan gjera geita meir og mindre mottakeleg for visse sjukdommar. Det trengst kunnskap om fôring av geit. Dette har stor betydning for
helsetilstanden og det betyr også mykje for kvaliteten på geitmjølk. Ein må notera spesielle ting som skjer i fjøset. Sjukdom må noterast
på helsekort. Det må gjerast av produsenten sjølv dersom ikkje det ikkje
er veterinæren som behandlar. Vaksinasjonar og parasittbehandling må gjerast når det er påbode eller
nødvendig for å halda sjukdommar i sjakk. Dette er tiltak som må vurderast
i kvar flokk, då det kan vera store skilnader i behovet for desse tiltaka. Ein skal også alltid tenkja på smitteforebygging. Ein må isolera sjuke
dyr, og ein skal vera svært forsiktig med inntak av nye dyr i besetningen.
Dei kan ha med seg mange slags sjukdommar som kan smitta dyr som har vore
der frå før. Det er også viktig å behandla sjuke dyr snøgt slik at det
ikkje får byggja seg opp eit smittepress i fjøset. Det er eit mål at alle blir med i geitkontrollen. Det gjev oversikt
over produksjonen til kvar geit i flokken. Ein kan då m a lettare få til
ei individuell fôring og gruppera meir målretta. ·
Kontroll av alle jur og spenar for å plukke
ut geiter som det er aktuelt å slakte. Spesielt gjeld det geiter som har
hatt mastitt eller har kasta. ·
Ta mastittprøver (Besetningsspeneprøver) ·
Klipping og lusebehandling ved innsett ·
Ta avføringsprøver for parasittundersøking
(gjerne nokre prøver frå eit par besetningar i bukkeringen kvart år) ·
Tørrperioden bør vera 8-10 veker. ·
Avsiningstida (avsiningsprosessen) skal vera kort (ca.
ei veke). ·
Geiter med dei høgste celletala over fleire
målingar, og dei som har dei største forandringane i juret må slaktast. ·
Parasittbehandling (ormekur) og klauvklipping ·
Kontrollere mjølkeanlegget dersom det
ikkje vart gjort om våren. ·
Kontroll av hold og korrigere fôring etter
holdet i god tid før kjeing ·
Klipping av geitene, spesielt jur og bakpart ·
Vaksinering mot diare (enterotoksemi)
skal gjerast 3-4 veker før kjeing. ·
Ordne kjebingar og fôringsopplegg for
kjea. ·
Kontroll med kjeinga slik at ein veit
kven som er mor til kjeet ·
Merking av kjeet ·
Vask ikkje geita for å fjerna etterbyrdrestar,
skrap det vekk om det må fjernast ·
Fjern etterbyrd (brenning eller nedgraving)
·
Nøye reinhald. Bruk strø dersom det er
nødvendig for å få ein turr binge ·
Råmjølkmengda må vera optimal (150-200ml/kg
fyrste døgnet). ·
Unngå å blande råmjølk frå alle geitene. ·
Rein mjølk, ikkje CAE-mjølk til oppforing,
heller ikkje til lam ·
Ikkje påsett av kje etter mor som tidlegare
har kasta eller har hatt andre reproduksjonsproblem. ·
Kjebingen må vera tørr og kje skal ha
tilgang til tett liggeunderlag. Den må vera trekkfri og ha god ventilasjon,
men max luftstraum skal ikkje vera over 0,2m/s. ·
God hygiene for å unngå parasittar (f
eks koksidiar) og andre sjukdomsproblem ·
Tilleggsvarme kan vera nødvendig. Kje
bør ha 15 - 18°C. Det kan lagast kjekasser
som gjer det lunt for kjea når dei ligg. ·
God hygiene i fôringsinnretningar ·
Syrna mjølk/mjølkeerstatning gjev mest
stabil fôrkvalitet. ·
Arealet bør vera er 0,3m2.
Kontroller at plassen er stor nok etter som kjea veks. ·
Avhorning ikkje seinare enn 2-3 veker
etter fødsel - avhorning av bukkekje før 1 veke ·
Vaksinering mot paratuberkulose skal gjerast
før kjea er 2 veker gamle der det er påbudt. ·
Fuktig og varmt klima er uheldig. Sjekk
temperatur, fuktig himling, fuktig golv og ammoniakklukt ·
Rette ventilasjonsfeil, unngå å få luft
gjennom dørsprekker, vindauge, vegg. Tett for trekk, max luftstraum 0,5m/s. ·
Sjå på inndeling av bingane, ein kan eventuelt
setja opp fleire bingeskille (som kan flyttast). ·
Rense drikkekar, tette lekkasjar i vassleidningar
og drikkekar. ·
Bingehygienen må vera god: Turre, reine
bingar. ·
Kontrollere oppførselen til geitene når
dei et og når dei kviler. ·
Tilsyn med geitene ved avslutning av fôringa ·
Mjølketeknikk og hygiene etter anbefalte
rutiner o Mjølking i sunnheitsrekkefylgje (unge geiter fyrst) o Reinhald av mjølkeplass etter mjølking o Mjølketeknikk må vera rett o Hygiene, hender, jur - vask av hender eller bruk av hanskar o Ikkje meir enn 4 enkeltorgan pr mjølkar o Bruk prøvekopp, ikkje mjølkesøl på pall eller i mjølkestall. o God stimulering, minst 10 sek, ei og ei geit ikkje stimulera
mange geiter før ein tek til med mjølkinga. Heller ikkje direkte påsett
av mjølkeorgan utan stimulering. Reduserer påsittingstida o Ikkje
luftinnslepp ved påsett/avtak av organ, heller ikkje sjokkventilering
for å tømme mjølkesentralen. Kan sende bakterier og partiklar opp i juret,
samt gje vakuumsvingningar i resten av anlegget. Det kan også skade feittpartiklane
i mølka og gje dårlegare lagringsevne og smak. ·
Rask behandling av mastitt ·
Fargemerking av mastittgeiter ·
Reparasjon av gjerde og grinder før utslepp ·
Fjerne ting frå beitet som kan skade geitene
- fjerne all piggtråd ·
Klauvklipping og vaksinering mot enterotoksemi
dersom det er eit problem og det er kraftig vårbeite. ·
Kontrollere helsetilstanden og testiklane
til bukken ·
Jamn fôring i forhold til beite og verlag,
også med kraftfôr ·
Beitehygiene - for å redusere smitterisikoen
frå parasittar som overvintrar i beitet. Kan vera aktuelt å skilja kjea
frå dei vaksne på innmarka. ·
Kontrollere mjølkeanlegget heime
og på stølen ·
Gjennomføre utbetringar etter det som
er anbefalt ved kontroll av anlegget. ·
Mjølkinga bør foregå i sunnheitsrekkefylgje.
·
Kontrollere helsetilstanden til bukken
og fôringa av bukken. Den må vera frisk når paringssesongen tek til. ·
Vaksinering ved avslutta fjellbeitesesong
dersom det er problem med diare på haustbeite (enterotoksemi). ·
Fjøsvask heime når fjøset er tomt. ·
Sjå på miljøkrav som er sett opp for geitefjøs ·
Bingearealet bør vera 1,5m2/vaksen
geit. Horna geiter krev større plass enn kolla. Inndeling av bingane med
bingeskille som kan flyttast ·
Plassering av bingar til vaksne geiter
rundt i rommet gjev jamnast klima ·
Eteplassen skal vera brei nok - 40cm/geit.
Må setja geitene fast når dei et. ·
Minst to drikkekar/-niplar pr binge. Dersom
det er dominante geiter i bingen kan det vera vanskeleg for alle å koma
til. Lettar også bingeinndeling seinare. ·
Bingeinndelinga må vera slik at ein kan
gruppera geitene etter alder og hold og etter forventa mjølkeyting. Det
bør ikkje vera fleire enn ca. 15 geiter i kvar binge. ·
Eigen sjukebinge i fjøset for isolering
av sjuke dyr ·
Kraftfôrlageret må vera godt skjerma frå
geitene. ·
Sende inn fôr til analyse, foringsrutinene
kan gjennomgåast saman med rådgjevar. ·
Pass på at geitene får nok næring til
vedlikehald og produksjon også når beitet tek til å bli dårleg. ·
Unngå for svak fôring i sintida ·
Gje tilskot av mineral, salt og vitaminer. ·
Sjå etter slikt som: "Mobbing", avmagring, pustevanskar,
ledd- og jurforandringar, byllar, endra oppførsel o.s.v. ·
Kjea krev oppfølging etter som dei veks.
Plassen blir ofte for liten, og det kan bli for dårleg ventilasjon og
hygiene. ·
Oppfølging ved skader på innreiing og
når dyra har behov for det. Det er viktig at produsent, rådgjevar og veterinær samarbeider ved planlegging
eller problem. Men det er visse ting som den eine yrkesgruppa kan betre
enn den andre. · driftsplanlegging
/ driftsproblem, fôrplan og utrangeringslister · mjølkemaskinkontroll
og mjølkingsteknikk og uttak av speneprøver · helseplanlegging
- vurdering av helsestatus / råd om tiltak for betre helse i geiteflokken · sjukdom,
vaksinasjon og prøvetaking evt. obduksjon · oppsett
av utrangeringslister · saneringstiltak
(F eks CAE og byllesjuke) ·
Kontakt dyrlege for å sikre mest mogeleg
rett diagnose. ·
Rask behandling av sjukdom. ·
Rask avliving dersom ein ikkje vil behandle
eit lidande dyr. Jfr. Dyrevernlova. ·
Sjuke dyr skal isolerast i sjukebinge
. ·
Dyret må fargemerkast. ·
Sjølvdaua dyr må obduserast eller takast
prøve av. ·
Hugs å notera all sjukdom og behandling
på helsekort. Dette må vera lett tilgjengeleg for både eigar og dyrlege. ·
Hugs tilbakehaldingsfristar på kjøt og
mjølk ved medisinbruk. ·
Geiter som er tomme eller som har kasta ·
Geiter med store jurforandringar ·
Geiter som har hatt mastitt eller høgt
celletal over fleire målingar og Geiter med lågt turrstoffinnhald (FPL) i mjølk ·
Geiter med dårlege utmjølkingseigenskaper ·
Geiter med andre kroniske sjukdommar og
høg alder ·
Det skal fylgja med eigenerklæring om
helsetilstanden til dyret og til besetningen dyret kjem frå. Helst bør
det også vera med veterinærattest. ·
Dyret må få ormekur og behandling mot
lus når det kjem til det nye fjøset. ·
Isolering i 14 dagar for å redusera risikoen for smitteoverføring
med det nye dyret. ·
Bukkar i bukkeringen må setjast i god
avstand frå geitene. ·
Dyr kan ikkje flyttast over fylkesgrensa
utan dispensasjon frå distriktsveterinær. Temperatur 6-27ºC (optimal: 10-18ºC) Fuktigheit 60-80% Gasskonsentrasjon Ammoniakk <10 ppm (NH3) Karbondioksid <3000 ppm (CO2) Hydrogensulfid <0,5 ppm (H2S) Ventilering Vinter (30m3/time/geit) Sommar (120-150m3/time/geit) Max luftstrøm Vaksne 0,5m/s Kje 0,2m/s NB Tett kjellar er nødvendig ved plassering av vifte i tak/vegg Hyppig reinhald av vifte og luftinntak Lys Vindusareal min.1/20 av golvflate Bingeareal 0,5m2/dyr totalt (1,5m2/vaksen geit) 0,3m2/kje Krybbeplass 0,4m Golvareal totalt 2-2,4m2/geit Drikkekar/-niplar Minst 2 pr binge På grunn av at det er mindre lyftehøgde og mindre mjølkestraum
enn på kuanlegg. Ein får difor mindre vakuumtap i spenekoppen på geit
enn på ku. Det er vanskeleg å få til rett nivellering ved lengre
mjølkeleidning Det kan bli fleire smålekkasjar og dermed større vakuumtap
ved lang leidning ·
Pulsator - meir enn 120 slag/min Sum av åpnings-og stengningsfasen skal vera under 20
% Vakuumtank gjev meir stabilt vakuum enn berre
mjølkepumpe, vil gje større reservekapasitet. Godt tilsyn i fjøset må til for å få ein geiteflokk
med god helse og som trivst og kan produsere nok god mjølk. Ein kan med
eit godt tilsyn bli kjend med dyra, og ein ser snøgt når noko endrar seg
med dei. Visse tider av året krev eit betre tilsyn enn elles. Dette gjeld
f eks før og under kjeing. Det som kjenneteiknar ein geiteflokk er at ein finn
meir og mindre aggressive dyr. Det blir ofte uro i ein binge der ein har
særleg dominante dyr. Dei brukar mykje krefter på å hevda sitt »revir».
Bortsett frå at det kan gje skader på geitene, kan det også føra til at
andre geiter slepp for lite til ved krubba og drikkekaret. Det kan også
ha uheldig innverknad på geiter som står i fare for å kaste. Dersom ein
ser dette tidleg og omgrupperer geitene, kan ein få eit mykje rolegare
fjøsmiljø. Av og til kan ein vera nøydd til å slakta dei verste »plageåndene». Endring i oppførsel skal ein vera på vakt mot. Ein
del sjukdommar som CAE, hjernebetennelse og B-vitaminmangel kan gje endra
oppførsel. Geita kan bli meir redd enn den har vore før, den kan virke
meir opphissa eller den kan få redusert synsevne, den kan bli meir nedstemt,
halde seg for seg sjølv og ikkje bry seg om den blir handtert. Kløe skal
ein leggja merke til, det kan vera symptom på skrapesjuke, men oftast
er det lus. Ein må også sjå etter holdet til geita. Den kan bli
magrare gjennom laktasjonen dersom den mjølkar mykje. Men dersom den går
ned i yting og samstundes blir magrare, må ein vera på vakt. Det er mest
sannsynleg ein kronisk sjukdom den geita har fått. Sjukdommar som er aktuelle
er CAE, paratuberkulose, eller kroniske luftvegsinfeksjonar. Meir sjeldan
er det svulstar eller store angrep av lus. Det er mange andre tilstandar
som gjev avmagring, og er ein usikker må dyrlegen kontaktast. Ofte finn ein geiter med pustevanskar. Ein tenkjer
fyrst og fremst på luftvegsinfesjonar, men det kan også vera byllar som
stengjer for fri luftpassasje til lungene. CAE kan av og til ytre seg
ved at geita pesar. Det er då så lite normalt lungevev att at den må dra
pusten ofte for å få nok oksygen. Leddforandringar kan koma snikande. Dette legg ein
ikkje lett merke til før geita tek til å halte. Her er det også CAE ein
tenkjer på fyrst. Men det kan vera vanlege bakterieinfeksjonar og det
kan vera skader. Det kan gjera sitt til at geita får problem med å koma
seg opp på mjølkepallen. Og det kan difor vera aktuelt å setja den i sjukebinge. Byllar er eit stort problem mange stader. Ofte sprekk
desse og det fører til ei tilgrising av bingen geita står i. Det er byllesjuke
ein er mest redd for, men andre bakteriar kan også gje byllar, og dette
kan sjå nokså likt ut. Særleg rundt munn, øyro og hals er det vanleg med
byllar. Ein bør gå over geitene når dei er sette fast i fôrhekken. Før
byllen sprekk er det best å setja geita i sjukebinge og eventuelt få tappa
ut innhaldet i byllen. Det bør gå så lang tid at såret er grodd før ein
slepper geita inn att til dei andre. Juret kan også ha byllar og knutar. Ved mjølking bør
ein kjenne over juret slik at ein snøgt kan plukke ut geiter som får avvikande
form på kjertlane. Desse må ein fylgja særleg nøye når det gjeld celletal
og ved stimulering og prøvemjølking. Ved alle desse tilstandane er det godt å veta at ein
kan spørja dyrlegen til råds. Ein sikrar då best mogeleg diagnose og resultatet
kan bli mykje betre enn om ein må prøva seg fram heilt til det blir for
seint å få sett i gang målretta tiltak. Dersom det oppstår meir akutt
sjukdom må ein sjølvsagt kontakta dyrlegen straks. TEKST 2 |
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sida
er sist oppdatert den 05.09.2000 |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||