firkant Småfesidene  
bordov


Hovedside sjukdommar Hovedside forebygging av sjukdom
Nytt / aktueltGjestebok
Nyttige adresser Nokre lenker til andre sider
Kurs og konferansar
Søk etter nøkkelord Informasjon om sidene

 

Dyreåtferd og -velferd


Dyreåtferd og -velferd

4.-6. mars 1999 var det kurs i Dyreåtferd og –velferd på NVH. Ein framifrå god førelesar og vitenskapsmann, Donald M. Broom, var der og gav ein grundig innføring i definisjonar og kom med mange eksempel på vitskaplege målingar av dyrevelferd. Dette er eit viktig fagområde som ikkje var på timeplanen for 25 år sidan. Den stadig meir pressa økonomiske situasjonen i landbruket gjer sitt til at dette er noko vi ikkje lenger kan oversjå. Vi må vita meir om kva det er vi gjer som aukar eller minkar velferden til dyret.

Det var då for ein med spesiell småfeinteresse ikkje godt å finna ut at norske åtferdsforskarar ikkje hadde gjort noko med sau og geit. Det legg eit desto større ansvar på alle at det blir ei endring på dette. Vi må samla litteratur og leggja press på det vitskaplege miljøet at dei tek dette på alvor.

Fyrst blir det presentert ei oversikt over kva den høge økonomiske effektiviteten og det stadige kravet om auka produksjonseffektivitet har å seia for dyra si velferd.

The effects of production efficiency on animal welfare

In Biological basis of sustainable animal production Proc. 4th Zodiac Symp. EAAP Publ. 67, ed. E A Huisman. J W. M. Osse. D. van der Heide. S. Tamminga. B L. Tolkarnp. W.G.P. Schouten. C E. Hollingsworth and G.L. van Winkel. 201-210. Wageningen: Wageningen Pers.1994

D. M. Broom

Department of Clinical Veterinary Medicine, University of Cambridge, Madingley Road,

Cambridge CB3 0ES, UK

Tabell 1. Improved economic efficiency in the animal production industry: welfare

Examples of changes designed to improve general economic efficiency Example of problem for animal
Easier feeding and management Individual housing
High stocking density More disease
Fewer animal care staff Problems missed
Less veterinary time per animal Disease etc not treated
Fewer, larger, faster abattoirs Longer journeys, poorer care
Special markets, e.g. white veal Confinement, anaemia
Examples of changes designed to improve efficiency of production per animal Example of problem for animal
Improved nutrition for growth Growth too fast
Improved nutrition for energy partitioning Muscle : bone ratio wrong
Reduced energy expenditure by animals Confinement
Growth promoters Leg problems
Growth promoters from bioengineering More production-related disease
Embryo transfer Parturition problems
Conventional breeding Harmful characteristics
Transgenic animal use Biological system changes

Ulike inngrep i dyret si utvikling kan gje auka eller nedsett velferd. Vi må ikkje gå over den biologiske grensa for kva individet kan tåle. Tabellen viser ei rekkje inngrep som kan få skadelege fylgjer for dyret.

Definisjon av velferd

Broom tek så utgangspunkt i ein svært nøye definisjon av begrepet velferd. Det er viktig med ein objektiv metode å fastslå velferd på. Dette må skiljast frå ein etisk vurdering av korleis dyr skal behandlast. Velferd er noko som er karakteristisk for eit dyr, og ikkje noko vi gjev det. Vi kan gje dyr noko som aukar velferden, men det vi gjev er ikkje i seg sjølv velferd. Velferd er dyret sin tilstand eller status når det gjeld å klarer å hamle opp med miljøet kring seg. Dette vil variere på ein skala frå svært god til svært dårleg velferd.

Velferd:

Må referera til ein karakteristikk av dyret heller enn noko som blir gitt til det av mennesket.

Må lett bli relatert til andre begrep eller forestillingar som:

Behov, fridom, lykke, kontroll, forutsigbarhet, følelse, lidelse, smerte, redsel, frykt, angst, kjedsomhet, stress, helse, meistring.

Dyrets tilstand sett i samanhang med kor godt det klarer å meistre miljøet eller omverda.

Definisjonen refererer til det karakteristiske ved individet på eit gitt tidspunkt. Begrepet vil referera til ein tilstand på ein skala frå svært god til svært dårleg. Dette er målbart og skulle vera uavhengig av etiske synspunkt.

Etikk og vitskap

Det er ulik oppfatning av korleis ein skal relatere velferd til etikk i motsetning til vitskap.

Nokon meiner desse to tilnærmingane heng nøye saman. Broom meiner det er viktig å halda desse tilnæringsmåtane frå kvarandre.

Vi kan bruke både ei etisk og vitskapeleg tilnærming for å fastslå om det er eit problem. Vi kan f eks meine noko om den eine eller den andre forma for oppstalling eller transport. Men går vi eit steg vidare og gjer ei samanlikning av desse to metodene må vi vera mest mogeleg objektive og bruka metodar der vi tek utgangspunkt i det vi veit om biologien til dyret. Det same gjeld det tredje trinnet, nemleg når vi gjer analysearbeidet etter forsøket. Det bør også gjerast så vitskapleg og objektivt som råd er. Det er dårleg vitskap å blande etikk og vitskap (målingar og analyse). Når alle fakta er kome på bordet, endar dette med ei etisk avgjerd.

Velferd relatert til vitenskap (V) eller etikk (E)
Har dyret eit problem V E
Har dyret god eller dårleg velferd V  
Kva seier målingar oss V  
Er det akseptabel velferd   E

Nokre parameter er relatert til korttids-problem som handtering og korte vanskelege periodar mens andre er av meir langvarig karakter.

Ein må ofte bruke andre målemetodar enn berre observasjonar av åtferd. Dette er spesielt tydeleg på sau. Dersom ein påverkar sau på forskjellige måtar og ser på oppførselen til sauen, vil ein kanskje ikkje sjå nokon reaksjon. Dersom ein derimot måler hjertefrekvensen, får ein heilt andre resultat. Dette ser ein i denne tabellen:

Hjertefrekvensrespons på sau:

Behandling Hjertefrekvens auke
Transport +14
Visuell isolasjon +20
Menneske nærmar seg +50
Menneske og hund nærmar seg +84

Kjensler (feelings) er viktige. Dette blir poengtert av Broom, men han seier at det er vanskeleg å få objektive mål for dei. Dei kan også vera villeiande for våre forsøk på å fastslå velferden til dyret. Vi må bli betre til å finna ut om kjensler til dyret, men må aldri koma dit at vi lit berre på dei.

Mål på god velferd:
Variasjon i synleg normal oppførsel
I kor stor utstrekning kan åtferd som dyret aller helst vil visa, bli vist
Fysiologiske indikatorar på behag, nytelse
Åtferdsmessige indikatorar på behag, nytelse

Etter Broom og Johnson 1993

Mål på dårleg velferd
Redusert forventa levetid
Redusert evne til vekst og reproduksjon
Skader på kroppen
Sjukdom
Immunosuppresjon
Fysiologoiske forsøk på å klare seg
Åtferdsmessige forsøk på å klare seg
Patologisk oppførsel
Sjølvnarkotisering
Vising av atferds-aversjon
Grad av undertrykking av normal oppførsel
Grad av kor mykje normale fysiologiske prossessar og anatomisk utvikling er hindra

Etter Broom og Johnson 1993

Indikatorar på god velferd er f eks positive preferansetestar. Dyret får valget mellom to eller fleire alternativ

Indikatorar på dårleg velferd kan vera fysiologiske målingar eks binyrebark

Skadefrekvens f eks beinbrot pga lite aktivitet

Dyrevelferd definert etter korleis dyret maktar å meistre miljøet
Velferd Binyrebarkaktivitet Stereotypier Vekst reproduksjon og forventa livslengde Immunsystem-funksjonar sjukdom og dermed liding Skade i forhold til kor mykje det enkelte individ vil lida
Svært god Tilfeldige auke i binyrebarkaktivitet Tilfeldige stereotypiar forårsaka av små frustrasjonar Normal vekst og reproduksjon Normal funksjon i immunsystemet Ingen skade
  Hyppig binyrebarkaktivitet Stereotypiar i 5% av aktiv tid Nedsett vekst og reproduksjon Betydeleg immunosuppresjon Skade i søvn eller narkotisert
Svært dårleg Patologiske konsekvensar av binyrebarkaktivitet eventuelt assosiert med nedsett evne til binyrebark-aktivitet Stereotypiar over 40% av aktiv tid Nedsett vekst og reproduksjon og nedsett forventa levetid Betydeleg immunosuppresjon pluss alvorleg sjukdom Skade vaken og lidande

Etter Broom og Johnson 1993

Stress

Påvirkning frå miljøet på eit individ som overbelastar kontrollsystema til individet og reduserer effekten eller evnen til kontrollsystema eller det verkar sannsynleg at dette vil skje.

Når det er stress er det dårleg velferd

Stress angår situasjonar der det er vanskeleg å klara seg.

Dårleg velferd er både når det er vanskeleg å meistre og når individet ikkje klarar å meistre.

Smerte

Dette er ein følelse som ikkje involverer høgre nervesentra. Vi er interessert i å finna målemetoder for dette.

Ein kan bruke direkte målingar av oppførsel og f eks skrik i samband med eit inngrep. Ved eit enkelt inngrep som kastrasjon av smågris kan ein måle lydstyrken når ein tek fatt grisen og sjå om det er auke når ein kastrerer han.

Effektar av kastrering av smågris:

Inngrep Respons
Ved innfanging 3000 Hz
Ved kastrering 4857 Hz
Etter kastrering Inaktiv, skjelving, abnormal liggestilling i 3 dagar

Effekt av kirurgiske inngrep på lam:

Inngrep b -endorfin mg/l Kortisol mg/l
Kontroll 83 87
Halekupering 266 136
Kastrering 797 171
Mulese operasjon 707 187
H+K+M 680 232

Kortisol er høg også 24 timar etter operasjon

Referanser:

Broom, D. M. 1981. Biology of Behaviour. Cambridge University Press, Cambridge, 325 pp.

Broom, D. M. 1983. The stress concept and ways of assessing the effects of stress in farm animals. Appl. Anim Ethol , 1, 79

Broom, D. M 1986 Indicators of poor welfare. Br Vet J. 142, 524-526.

Broom, D. M. 1987 Applications of neurobiological studies to farm animal welfare. In: Wiepkerna, P. R., and van Adrichem, P. W. M. (eds). Biology of Stress in Farm Animals: an Integrated Approach. Martinus Nijhoff, Dordrecht Curr. Top. Vet. Med. Anim. Sci , 42. 101-110

Broom, D. M. 1988. The scientific assessment of animal welfare. Appl. Anim. Behav. Sci.. 20, 5-19.

Broom, D. M. 1989. Ethical dilemmas in animal usage. In: Paterson, D., and Palmer, M. (eds). The Status of Animals. C.A B. International, Wallingford, pp. 80-86.

Broom, D. M. 1990. The importance of measures of poor welfare. Behav. Brain, Sci. 13, 14.

Broom, D. M. 1991a. Animal welfare: concepts and measurement. J. Anim Sci. 69, 4167-4175.

Broom, D. M. 1991b. Assessing welfare and suffering. Behav. Process., 25, 117-123.

Broom, D. M. 1993. A usable definition of animal welfare. J. Agric. Envir. Ethics, 6, suppl. 2. 15-25.

Broom, D. M. and Johnson, K. G. 1993. Stress and Animal Welfare. Chapman and Hall, London. 211 pp.

Cronin, G. M. and Wiepkema P. R. 1984. An analysis of stereotyped behaviours in tethered sows. Ann. Rech. Wt. 15, 263270.

Dawkins, M. 1980. Animal Suffiering. Chapman and Hall. London. 149 pp.

Duncan, 1. J. H. 1978. The interpretation of preference tests in animal behaviour. Appl. Anim. Ethol. 4, 197-200.

Duncan. I. J. H. Beatty. E. R.. Hocking. P. M. and Duff. S. R.I. 1991. Assessment of pain associated with degenerative hip disorders in adult male turkeys. Res. vet. Sci. 50, 200-203.

Fraser, A. F. and Broom. D. M. 1990. Farm Animal Behaviour and Welfare. Baillière Tindall London, 437 pp.

Fraser, D. 1993. Assessing animal well-being: common sense. uncommon science. In: J. L. Albright (ed). Food Animal Wellbeing, USDA and Purdue University West Lafayette, Indiana. pp. 37-54.

Gentle, M. J. 1986. Neuroma formation following partial beak amputation (beaktrimming) in the chicken. Res. vet. Sci.. 41, 383-385.

von Holst, D 1986 Vegetative and somatic components of tree shrews' behaviour. J. auton. Nerv. Syst. Suppl., pp. 657-670

Hughes, B. 0. and Black, A. J. 1973 The preference of domestic hens for different types of battery cage floor. Br. Poult Sci., 14, 615-619.

Hughes, B. 0. and Duncan, I. J. H. 1988. The notion of ethological ’need’, models of motivation and animal welfare. Anim. Behav. 36, 1696-1707.

Hurnik F and Lehman. H. 1988. Ethics and farm animal welfare. J. Agric. Ethics. 1. 305-318.

Hutson, G. D. 1989. Operant tests of access to earth as a reinforcement for weaner piglets. Anim. Prod. 48, 561-569.

Knowles, T. G. and Broom. D. M. 1990. Limb bone strength and movement in laying hens from different housing systems. Vet. Rec. 126. 354-356.

Koolhaas, J. M_ Schuurmann. T. and Fokkema. D. S. 1983. Social behaviour of rats as a model for the psychophysiology of hypertension. In: Dembrowski. T. M.. Schmidt, T. H. and Blumchen, G. (eds). Biobehavioural Bases of Coronary Heart Disease. Karger, Basel. pp. 391-400.

Marchant, J. N.. and Broom D. M. 1994. Effects of housing system on movement and leg strength in sows. Appl. Anim. Behav. Sci. 41,, 275-276.

Mendl, M.. Zanella A. J. and Broom D. M. 1992. Physiological and reproductive correlates of behavioural strategies in female domestic pigs. Anim. Behav. 44, 1107-1121.

Moberg. G. P. 1985. Biological response to stress: key to assessment of animal well-being? In: Moberg G.P. (ed). Animal Stress. Bethesda, Md: American Physiological Society. pp. 2749.

Norgaard-Nielsen G. 1990. Bone strength of laying hens kept in an alternative system. compared with hens in cages and on deep litter. Br.Poult. Sci.. 31 81-89.

van Rooijen, J. 1980. Wahlversuche. eine ethologische Methode zum Sammeln von Messwerten, und Haltungseinflusse zu erfassen und zu beurteilen. Aktuelle Arbeiten zur artgemAssen Tierhaltung. K.T.B.L.-Schrift. pp. 264 165-185.

Tannenbaum 1. 1991. Ethics and animal welfare: the inextricable connection. J. Amer. Yet. Med. Assoc.. 198, 1360-1376.

Toates, F. and Jensen. P. 1991. Ethological and psychological models of motivation: towards a synthesis. In: Meyer, L-A. and Wilson, S. (eds). Farm Animals to Animats. M.I.T. Press. Cambridge Ma. pp. 194-205.

Vestergaard, K. 1980. The regulation of dustbathing and other behaviour patterns in the laying hen: a Lorenzian approach. In: Moss, R. (ed.) The Laying Hen and its Environment. Curr. Top. Vet. Med. Anim. Sci.. 8. 101-113.

 



Siden blir redigert og laga av Nils Leine, 2975 Vang i Valdres.Sida er sist oppdatert den 08.04.2001