Om HTG | Forebygge | Sjukdom | Hus | Produksjon | Album | Linkar | Smittesanering | Heim
Du er her: Heim>Sjukdom>Terapi>Vaksiner



Vaksiner til geit

Av Nils Leine

Pasteurellose:
Generelt skal ein ikkje vaksinere geiter med pasteurellavaksine.
Det er to grunnar:
1. Produsenten advarer mot dette.
2. Serotypane i vaksinen samsvarer svært sjeldan med det ein finn hjå geit. Geit har vanlegvis type A2. Vanleg hjå storfe er A1 og A6. Dette finn ein også i gamle vaksiner. Sau har mange serotypar.
Det kan føre til dødsfall på grunn av anafylaktisk sjokk, men det er heldigvis sjeldan.

Klostridiar:
Klostridievaksine kan ein bruke der foringa ikkje kan optimaliserast og ein ikkje greier å forebyggje enterotoksemi på annan måte.
Ein må bruke to dosar initialt, deretter ny vaksine ein månad før venta forskifte. Det gjeld særleg kjeing, beiteslepp og haustbeite. Men det kan også greie seg med i vaksine pr år, eller ingen vaksine i det heile. Dette avheng som sagt av om dei får til eit bra foringsopplegg.
Doseringa er diskutert, men pr i dag ville eg ikkje anbefale meir enn 2 ml pr dyr. Covexin8(R) er kankje det einaste aktuelle preparat i Noreg i dag.
Vaksinen inneheld også andre antigen, blant anna tetanus(stivkrampe).
Xento (R) har dessverre gått ut.

Paratuberkulose:
Dette er pålagt av Mattilsynet i fylka Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland, Telemark, Vestfold, Buskerud.
Det blir brukt drept vaksine frå Spania. Gudair (R)
Friskere geiter vil sanere for paratub. Då går ein bort frå vaksinering.
Vaksine gjer testing for antistoff o l umogeleg.
Aktuelle testar er Gamma-interferontest, som er ein cellulær test, og ELISA-test. Sjå også http://leine.no/htg/sjukdom/paratub/gammaint.htm og
Mattilsynet har nedsett ei gruppe for å evaluere bl a vaksinebruk. Denne gruppa går inn for å gå bort frå vaksinering og i staden sanere buskapar som har sjukdommen. Det er enno ikkje teke stilling til dette i Mattilsynet sentralt (22. mars 2007).

Byllesjuke:
Prosjektet har tenkt å prøve ut ei kanadisk vaksine (Glanvac) der det ikkje er anna enn byllesjuke som skal sanerast. Dette er ikkje kome i gang enno og vi har heller ikkje søkt om registreringsfritak.

Om HTG | Forebygge | Sjukdom | Hus | Produksjon | Album | Linkar | Smittesanering | Heim
 
Sidene er utvikla av Nils Leine, 2975 Vang i Valdres
Oppdatert: 01.02.2010