Om HTG | Forebygge | Sjukdom | Hus | Produksjon | Album | Linkar | Smittesanering | Heim
Du er her: Heim>Smittesanering>Medlemssider  



Saneringsnytt nr 3 2004

Status for smittesanering oktober 2004

CAE-testing

29 buskapar er inkludert i oversikta, alle driv mjølkeproduksjon.
-Ikkje påvist CAE-antistoff i 21 buskapar.
-Påvist CAE-antistoff i 8 buskapar. 4 starta sanering før 2004. 4 starta sanering i 2004.
-Det er i tillegg fleire buskapar der det ikkje er påvist CAE-antistoff, men desse har byllesjuke.
-Negative buskapar med kjøtgeit er ikkje tekne med.


Tabellane og figurane viser at prosjektet så langt er vellukka. I den forbindelse kan vi fortelje at vi har hatt besøk av CAE-ekspertar frå Skottland. Dei er imponert over den jobben kvar enkelt har gjort, og over resultatet så langt. Ein buskap som i 1 ½ år ikkje hadde CAE-positive dyr, har i år mange CAE-positive. Prosjektet har undersøkt kva som kan ha skjedd her. Snapping og smittefritt oppdrett har føregått heilt etter oppskrifta og vi finn ingen brot på reglane ved sanering. Dyra i buskapen er friske og produserer svært godt. Truleg er eitt dyr smitta under snapping i 2002 og to dyr smitta under snapping i 2003. Ingen viste antistoff før hausten 2003. Då var to dyr 7 månader og eitt dyr 21månader gamalt.

% påviste dyr med CAE pr buskap sortert etter buskapsstorleik
# dyr i buskap % påvist
35 -
46 -
58 -
70 -
72 -
74 -
76 5,3
79 -
81 -
83 -
83 -
86 3,5
90 1,1
93 -
94 -
95 -
95 -
101 -
104 -
106 -
111 -
117 -
120 -
122 1,6
130 15,4
133 0,8
161 -
163 1,2
250 0,8

 

Dei kan ha smitta tre dyr til, og desse var truleg alt smitta under kjeinga i 2004. Desse må så ha smitta mange dyr i kjeingstida. Erfaringar frå andre land tilseier at dette er noko vi av og til må rekne med, og det vil truleg hende også hjå andre, trass i at alt blir gjort slik som avtalt. Vi set no i verk ekstra tiltak og av dei viktigaste er: Hyppigare prøvetaking og slakting av positive dyr og deira avkom. Ekstra pass ved kjeing. Det vil også bli nytta råmjølk frå ku og kunstig oppfôring.

Vi kan ut frå tala sjå at det tek lenger tid å bli heilt negativ ved sanering ved hjelp av snapping enn dersom det er nok å slakte positive dyr. Det ein må vera førebudd på, og som ein har sett i om lag alle buskapane som snappar, er at ein må gå over til å sanere ved å slakte positive dyr etter at den fyrste ”snappeperioden” er over. Når ein så har halde på med dette kortare eller lengre tid, vil ein til slutt få eit bra resultat. Det er endå ikkje rapportert om byllesjuke i desse buskapane. Paratuberkulose vil snart bli undersøkt med blodprøve i enkelte område av landet der det er påvist tidlegare. Så langt er det ingen teikn til denne sjukdommen heller.

 

 

 

 

 

Parasittbehandling av sanerte geiter

Det kjem ein del spørsmål om korleis ein skal parasittbehandla geiter som er sanerte. Som hovudregel gjeld det at ein behandlar minst mogeleg, for å unngå at ein får fram resistente parasittar. Før ein behandlar bør ein ta avføringsprøve av ein del geiter for å sjå om det er parasittegg. Dersom ein finn store nok mengder egg, bør ein behandle etter avsining. Dersom kje tek til å hoste, kan det vera på grunn av lungeorm. Då bør ein be om å få undersøkt også for dette før ein eventuelt behandlar.

Unngå å behandle før de veit om det er nokon vits å behandle.

Annan informasjon

Det kjem ein artikkel om kvifor det er nødvendig å utrydde CAE i Sau og Geit nr 6. Det er lagt ein liten artikkel på internett om viktige detaljar ved snapping. Sjå elles på sidene til Friskere geiter på internett. Det er meininga å få ut meir informasjon der. Adressa er: http://leine.no/htg/sanering

Om HTG | Forebygge | Sjukdom | Hus | Produksjon | Album | Linkar | Smittesanering | Heim
 
Sidene er utvikla av Nils Leine, 2975 Vang i Valdres
Oppdatert: 18.05.2005