|
|
Snapping
og oppdrett av kje
Alle kje som skal setjast på til livdyr blir tekne hand om når
fødselen er komen i gang, men før dei er født.
Du tek på reine klær og eingongshanskar.
Du kan vente til kjeet er på veg ut og fange (snappe)
det før det kjem ned på underlaget.
Dersom fødselen dreg ut i tid, trekker du kjeet ut av fødselsvegen,
gjerne før fosterhinna er gått sund.
Det blir då pakka inn i papir, handkle eller liknande og turka litt
og lagt i ei pappkasse.
Pappkassa med kjeet i skal stå i eit eige rom i fjøset og
skal flyttast over til eit smittefritt fjøs så snart råd
er.
Pappkassa skal brennast etter bruk og ikkje brukast opp att til eit nytt
kje.
Kjeet skal ha ca 6 dl råmjølk frå fyrste eller andre
målet frå vaksen ku før det er gått 15 timar.
Deretter skal kjeet ha fri tilgang på kald, syrna kumjølk
eller mjølkeerstatning. Kumjølk kan ikkje brukast der det
er fare for smitte av paratuberkulose.
I dette fjøset skal kjea vera til dei kjem ut om våren. Dei
skal ikkje ha kontakt med gamle geiter.
Dei skal stå i bingar med maks 10 kje pr binge.
Grovfôret og anna fôr må vera sikkert smittefritt.
Dersom det blir kjøpt inn kje frå friske buskapar,
skal dei kjea også vera her, men i eigne bingar.
Dei skal stå i desse bingane til det er teke blodprøve av
dei etter at dei er 5 månader gamle eller til dei kjem ut på
beite.
Kjea blir para medan dei er i dette fjøset dersom dei gamle geitene
ikkje er slakta før paringssesongen tek til.
Sjå også om snapperutiner
her...
Tiltak
i fjøset, på beite og på stølen
Når dei vaksne geitene har mjølka ferdig for sesongen, skal
dei slaktast.
Når geitene er slakta, skal fjøset vaskast, desinfiserast
og reparerast.
Når reparasjonane er ferdige, skal fjøset vaskast og desinfiserast
på nytt.
Fjøset skal så turke i minst 14 dagar, eller så lenge
veterinæren synest det er påkreva i kvart enkelt tilfelle.
Same prosedyre kan også gjelde på stølen.
Det må gjennomførast tiltak utanfor fjøset der geitene
har vore mykje. Det kan vera utskifting av jord eller sand, fjerning av
slitt gjerde, vask eller måling av fjøsvegg, inngjerding
av område det er vanskeleg å få gjort reint.
Når fjøset er ferdig turka, kan dei smittefrie kjea setjast
inn.
Dei drektige kjea kjear i fjøset som no er blitt smittefritt.
Kjea skal takast vekk frå dei vaksne så snart råd er,
før det er gått eit halvt døgn.
Denne generasjonen bør også få råmjølk
av ku. Dersom det er vanskeleg å få tak i kuråmjølk,
må dei få råmjølk berre frå mor si. (Råmjølk
frå geiter som kjear for fyrste gong er ofte dårlegare enn
råmjølk frå eldre dyr.)
På denne måten går mjølkeproduksjonen som vanleg,
men dette året er det berre smittefrie dyr som produserer.
|
|