Om HTG | Forebygge | Sjukdom | Hus | Produksjon | Album | Linkar | Smittesanering | Heim
Du er her: Heim>



Litt om ventilasjon i geitefjøs:

Tine Meieriet Sør
v/Atle Drangevåg
5760 Røldal

Me gjennomførde i 1999 ei registrering av miljøforholda i 30 geitefjøs. Talmateriale vart lagt inn i ei multippel regresjonsanalyse der frie feittsyrer vert satt som middel og dei andre tala vert variablar.

Nokre store positive utslag fekk me på:

Salt: fri tilgang på salt var den variabel som gav størst utslag

Klypping: mange positive ringverknader av klypping

Ventilasjon: stort utslag for godt ventilerte rom.

Ventilasjon: Behov: ei geit treng i april mnd og utover ca 50m3/t frisk luft. Viktigaste er att luftfuktigheita helst ikkje må vera meir enn 15% over ute. Temp 8-12º. Klypte dyr treng meir varme enn dyr med full pels. Elles må ein rekne minimum 15 luftskifte i rommet pr time når utetemp. er 7-8º C og oppover. For å få behageleg inneklima om vår/sumar, krevst det meir enn 20 luftskifte når sola skin på svarte tak.

Vifte i kjellaren: det er uproblematisk å ha vifte i kjellaren, men alle gassar i fjøset er lettare enn luft, og stig opp. Noko som må kompenserast med meir kapasitet i ei kjellarvifte, + ca 25%. Ofte er viftene i kjellar og vegg utstyrt med gitter inne og vindskjerm ute, slik at luftstraumen vert svært avgrensa. Spesielt der desse delane er tilsmussa kan luftstraumen vera svært liten.

Open kjellar: Dersom fjøset har fullt open løysing, set det kravet til ventilering høgare. Fullt open kjellar krev 20% meir luft. Ved våt gjødsel, der det er tappa inn vatn, har ope samband ikkje særleg negativt utslag.

Vifte i Taket: ved å ha vifta i taket, og helst i møne, er det beste. Med ei slik plassering har ein også naudventilering om straumen skulle vera vekke. Men ulempa er at på kalde dagar klarar ikkje dei vanlegaste regulatorane få ned kapasiteten nok. Det bør difor setjast inn termostat med stopp, og spjeld i kanalen. Vifta bør opp i kanalen og vera støysvak. Dvs ha maks 900 omdr/pr minutt. (Sjå figur 1.)

Regulator: Denne bør ha turtalsregulering, slik at vifta girar seg ned når det vert kaldt.

Ventilar: Det finns ei rad ventilar, i ulike format. Dei fleste fungerar godt, viktig at det er eit forhold mellom ventilane og viftekapasiteten, slik att det er undertrykk i rommet. Regulering kan vera manuell, for det er ikkje så ofte ein treng regulera desse.

Vindaugo: Mange fjøs nyttar vindaugo til ventilar, dette fungerar i mange høve svært godt. Viktig er at ein har skjerm på sida, slik at ikkje lufta fell på golvet, dette vert trekk, og leiar til att ventilering av rommet vert dårlegare, når undertrykket sig. Det same gjeld toppen av vindauga, for karmen må skrå oppover i øvste kant, slik at lufta vert leia mot taket, same kor lite dei stend opne. Det er vanleg att lampar, flugefangarar og mjølkeanlegg sperrar vegen for luftstraumen inn i rommet.

Lamper: Desse er ofte plassert på langs i taket, men det lyset ein sender mot golvet, er tapt lys, for mørke flater syg lys til seg. Ved å ha lampane på vegg, får ein betre lys i rommet, samt att dei ikkje er i vegen for luftstraumen.

Takhatt: Når ein har trykk på lufta ut, treng ein ikkje over møne eller ha takhatt, men fleire av typane som leverast i dag, aukar effekten av vifta, dei beste med opp mot 50%, mens andre med flat plate, og for liten opning stengjer for luftstraumen. Utan hatt vil det så lenge vifta går ikkje koma ned vatn frå nedbør.

Innsugkon: Dette er skå kantar på innlaupet til vifta, som leiar lufta lett forbi kanten utan at det skapast turbulens som kan hindra eller redusera luftstraumen.

Luftblandar: Mange bruk har slik montera, og dei må vera reine skal dei virke. Spjeld i midten kan avgrensast når det er kaldt. I vinterhalvåret kan desse fungera svært bra, dersom dei er rett innstilte, og reine. Desse sender lufta som regel opp mot 10m på maks stilling, så normal stilling er 3-4 trinn på regulator.

 
Om HTG | Forebygge | Sjukdom | Hus | Produksjon | Album | Linkar | Smittesanering | Heim
 
Sidene er utvikla av Nils Leine, 2975 Vang i Valdres
Oppdatert: 24.01.2008