![]() |
|||
| Du er her: | Heim> | ||
|
|
PROSJEKTET "Noras HUS" FOKUS PÅ VELFERD OG KVALITET BÅDE FOR DYR OG MENNESKJEAv Prosjektleiar, veterinær Trond PettersenProsjekt "NORA", under leiing av Tine Nord-Norge viste tydeleg at mange, på tross av fleire år med nedlegging av bruk, framleis har sterkt engasjement innanfor i geitmjølkproduksjonen i Nord-Norge. Den gode oppslutninga om prosjektet ”Friskere geit” stadfester dette sjølv om NORA-prosjektet no er avslutta. Etter kvart som ein set fokus på forskjellige tilhøve innanfor geitehaldet vert det òg tydeleg at dei husa og oppstallingstilhøva vi byr geita i dag i dei fleste tilfella ikkje er optimale for at dyra skal ha god velferd og utvikle god helse. Vidare tyder mykje på at dagens løysingar i mange høve kan påverke mjølkekvaliteten i negativ retning. Dessutan er det monaleg rom for å betre tilhøva for dei menneskja som skal arbeide i geitefjøsa.
(Rösta jordbruksskole, Hjämtland, Sverige. Foto: ew/04.2002) Med bakgrunn i dette er det sett i gang eit nytt prosjekt Noras HUS. Vi ønskjer med dette prosjektet å møte desse utfordringane gjennom å tilføre ny kunnskap og anvende den i konkrete bygg. Hovudmålsetjinga er: å utvikle nye bygningsløysingar for geit der forbetring av dyrevelferd, produktkvalitet og arbeidsmiljø skal prioriterast. For å oppnå dette er det definert følgjande delmål: forbetre luftkvaliteten i husdyrromma ved mellom anna å redusere luftfuktigheita og gassinnhaldet redusere risiko for sår og rifter på dyra forbetre plass- og oppvekstforholda til kjea forbetre liggeunderlaget til dyra avhengig av om husdyrrommet er isolert eller uisolert søke løysingar som sikrar tilstrekkelig fôrtilgang uavhengig av dyras rang optimalisere fôrhandtering, inneklima og mjølkeplass med tanke på arbeidsmiljø og rasjonell drift leggje til rette for betre hygiene og betre luftkvalitet på mjølkeplass Det er samstundes viktig for prosjektet å prøve å finne fram til bygningskonsept som gir lågare investeringskostnadar. AktørarNoras HUS er eit samarbeidsprosjekt mellom Landbruksavdelingane hos Fylkesmennene i Nordland og Troms. Vertsbruk vil bli rekruttert frå desse fylka. Satsinga er sett i gang av Fylkesmannen i Troms og prosjektet er utvikla i eit samarbeid med Fylkesmannen i Nordland og NORA-prosjektet. Noras HUS har finansiering frå BU-fonda i Nordland og Troms, TINE BA og Mattilsynet. Andre aktørar som Landbrukets HMS-tjeneste, bøndene sine faglag, Innovasjon Norge og andre vil bli invitert til å vere i inngrep med prosjektet. Nødvendig forsking skal utførast i samarbeid med Norges landbrukshøgskole og Norges veterinærhøgskole. Gjennom prosjektet skal det planleggjast og reisast fire nye driftsbygningar – to i Nordland og to i Troms. Når bygningane skal setjast opp på vertsbruka vil dei bli søkt finansiert gjennom dei ordinære støtteordningane i Innovasjon Norge (tidlegare SND). Tidlegare distriktsveterinær i Salangen veterinærdistrikt, Trond Pettersen er tilsett som prosjektleiar, og arbeidet vart sett i gang den 2. februar 2004. Dyrevelferd
(Midt-Frankrike. Foto: ew/05.2001) Dyrevelferd vert etterkvart tillagt auka vekt i lovverket, haldningsarbeidet markedsstrategiane og opplevingsprodukta knytta til hald av dyr – då og geitehald. Stadig sterkare vert det lagt vekt på dyra sine høve til å utøve naturleg åtferd og oppstallingstilhøva må tilpassast desse krava. Under revisjonen av forskriftene for økologisk dyrehold er dette lagt sterkt vekt på. Føresegnene for konvensjonelt saue- og geitehald er venta å bli endra i same retning. Stortingsmelding nr.12 2002-2003 har forslag om å utarbeide ei ny forskrift om hald av geiter i fjøs og på beite. Det er mellom anna venta at det vert stilt krav til plass og til liggeunderlag i bingane. Meldinga peiker òg på at ventilasjon er eit viktig forbetringsområde i geitfjøsa. Temperaturen i norske geitfjøs ligg normalt mellom 10 og 15 grader C. Avgrensa forsøk tyder på at geita trivst godt sjølv om temperaturen er lågare, og verken dyrehelse eller produksjonsresultat synest å bli negativt sjølv med temperaturar ned mot -20 grader C. Samstundes er geita følsam for nedbør og fukt. Prosjektet vil setje fokus på disse spørsmåla og vurdere om enkle bygningsløysingar kanskje kan gje geita meir tilfredsstillande livsvilkår enn det dei har i dag. Luftvegssjukdommar som Pasteurellose og Nysesjuke er utbreidd i geiteflokkane. Høg luftfuktigheit og høge støv og gasskonsentrasjonar i påverkar sterk grad kor mykje kliniske symptom desse sjukdommane gjev i buskapane. Prinsippa for ventilasjon vil derfor måtte viast stor merksemd. Utbreiinga av Byllesjuke heng nøye saman med risiko for at geitene har skader i form av sår og rifter. Det er derfor viktig å vere merksam på utforminga av overflater og innreiingar. Geita er kjent for å kunne påføre bygningar og innreiing omfattande skadar. Samstundes kan aggresjonsnivået i flokkane vere høgt. Desse forholda gjev grunn til å spørje seg om dagens geitfjøs er for fattige på stimuli. Det vil vere viktig å sjå på dette spørsmålet òg. Aggresjon heng òg saman med stress på grunn av rangkampar i flokkane. Det er vidare påvist at fostertap er større blant dyr som har lav sosial status og er innblanda i rangkampar. Tilstrekkeleg arealtilfang og innretting av husdyrrommet slik at rang kan etablerast utan for mykje kamp, vil saman med etablering av system som sikrar at alle individa får tilstrekkeleg næringsinntak derfor bli vigd stor merksemd. I denne samanhengen vert det òg viktig å finne fram til løysingar for liggeplass og liggeunderlag. I dei fleste av dagens geitfjøs vert kjea haldne på plassar som gjev dei dårlege oppvekstvilkår. Ofte er dette ei krå om er både trong og dårleg ventilert. Slike forhold gjev særs gode moglegheiter for smittsame sjukdommar til å etablere seg i kjeflokken. Dessutan skjer kjeinga hos mange på ein måte som ikkje sikrar at kjea får i seg råmjølk og viktige antistoff første gongen dei pattar. Under slike tilhøve er utgangspunktet for å utvikle gode produksjonsdyr øydelagt allereie frå starten av. Prosjektet må derfor også sjå nøye på denne problematikken. ProduktkvalitetSmaksfeil er eit relativt utbreidd problem når det gjeld geitmjølk. Dårleg föring, hygiene ved mjølking og mekanisk påverking av mjølka er særleg viktige i denne samanhengen. Med omsyn til fôring vil det vere viktig at ein i prosjektet søkjer å legge til rette slik at ein sikrar at alle dyra, uavhengig av rang, får tilgang til godt nok og tilstrekkelege mengder med fôr. Hygiene og bakterieinnhald i lufta der mjølkinga verkar inn på mjølkekvaliteten, både hygienisk og smaksmessig gjennom at bakteriane er årsak til lipaseenzym som påverkar mjølkefeittet. Dessutan er sporedannande bakteriar særleg uheldige ved produksjon av ost. Det er derfor viktig for prosjektet å sjå på mjølkeplassen. Vi vil sjå på mjølkeplassar som er klimatisk og fysisk skilt frå opphalds- og eteplassane til dyra. Ein reknar med at dårleg jurhelse er eit vesentleg problem også med omsyn til kvaliteten på mjølka. Mellom anna fører dårleg jurhelse til høgt celletal. Det er grunn til å tru at fleire av dei faktorane som er nemnt i avsnittet om dyrevelferd òg vil ha verknad på jurhelsa. Mellom anna gjeld dette liggeplass og liggeunderlag, fukt, ventilasjon og trekk. Desse problemstillingane vil vere gjenstand for forskingsprosjekt i regi av Landbrukshøgskolen og Veterinærhøgskolen, og resultata derifrå vil bli brukt i planlegginga av dei nye fjøsa. ArbeidsmiljøBelastings- og slitasjeskadar er kjende lidingar blant bønder og røktarar. Desse er mellom anna knytte til fôrhandtering, mjølking og dårleg luftkvalitet. Manuelle handteringsmetoder dominerer når det gjeld transport og fordeling av for i geitfjøsa. I ein buskap med 100 mjølkegeiter vert det dagleg fordelt drygt 400kg surfôr og drygt 60kg kraftfôr. Etterspurnaden etter mindre arbeidskrevjande handteringslinjer for fôr er aukande også i innanfor geitehaldet. Denne problemstillinga vil derfor vere viktig å ta in i prosjektet. Dagens løysingar der mjølkinga skjer ved pallen ved fôrbrettet er frå eit ergonometrisk synspunkt ikkje god. Prosjektet skal sjå på alternativ til denne løysinga. Eigen
(Aronsen, Lyngen. Plan: FMLA Troms Foto: otø/06.2002.) mjølkestall er ei svært aktuell løysing. I denne samanhengen må ein òg sjå på dyreflyten gjennom mjølkestallen. Dette spørsmålet har til no vore lite påakta i geitfjøsa. Gode løysingar vil sannsynlegvis kunne auke den faktiske kapasiteten i mjølkestallane. Luftkvalitet er ein viktig miljøparameter på einkvar arbeidsplass. Under mjølkingsarbeid i dagens husdyrrom er luftkvaliteten på arbeidsstaden ofte utilfredsstillande samstundes som ein er eksponert for denne lufta i relativt lang tid. Det vil derfor vere viktig for prosjektet å studere løysingar for å oppnå betre luftkvalitet under mjølking. VertsbrukSom nemnt ovanfor skal det setjast i gang to byggeprosjekt i kvart av fylka Nordland og Troms. Prosjektet treng derfor å kome i kontakt med geitmjølkprodusentar som har seriøse planar om å byggje ny driftsbygning og som finn det viktig at dei måla prosjektet ønskjer å oppnå, i størst mogleg grad vert teke omsyn til når bygga vert planlagt. Dei som vert valte ut som vertar må derfor vere opne for nye løysingar og motiverte for å delta i planlegginga og oppfølginga av byggjeprosessen. Vi har allereie nokre namn på listene, men ønskjer gjerne å ha fleire å velje blant. Dei som er interesserte kan ta kontakt følgande: Prosjektleiar Trond Pettersen, telefon 77 64 21 14, mobil 90
16 87 82 eller for Troms fylke,
Svein Johnsen telefon 77 64 21 13 eller for Nordland
fylke, Trond-Ulrik Dahle telefon 75 54 78 54 |
||
|
Sidene er utvikla av
Nils Leine, 2975 Vang i Valdres
Oppdatert: 24.01.2008 |
|||