![]() |
|||||||||||||||||||||||
| Du er her: | Heim>Forebygging>Smaksfeil | ||||||||||||||||||||||
|
|
Helseproblem hjå geit og smaksfeil i geitemjølk Veterinær Nils Leine, 2975 Vang i ValdresVi veit alle at det er mykje sjukdom på geit. Vi veit også at det er mykje smaksfeil i geitemjølk. Men det er ingen som har påvist samanheng mellom desse to problema. Ein kunne kanskje statistisk få til ein samanheng, men den ville vera verdilaus dersom ein ikkje samtidig kunne påvise kva slags mekanismar det er som ligg til grunn for denne samanhengen. Ein kunne starte med ein påstand eller ein hypotese: ”Kroniske svinnsjukdommar [1] tek så mykje energi frå geita at det går ut over produksjonen. Dette er pasientar som står i produksjon. Dei burde vera under behandling eller i rekonvalesens, eller skiftast ut med friske dyr”. Det ein så må gjera er å prøve om denne påstanden held. Her trengst det forsking. Det er ikkje lukkast meg å finne dokumentasjon av slik forsking. Det er mogeleg at det finnst, men den er ikkje lett tilgjengeleg. Erlend Winje har siste året arbeidd med holdvurderingar på geit. Siste setninga i rapporten frå dette arbeidet er kanskje nøkkelen til vidare undersøkingar: ”Det er også funnet positive sammenhenger mellom frie fettsyrer og actetoninnholdet i melka, noe som sterkt indikerer at geitene er i energiunderskudd når det blir beisk smak i melka”. At geitene har energiunderskot, kan skuldast fleire ting. Men resultatet vil bli ein subklinisk ketosetilstand som vi kan påvise ved acetonmålingar. Ketose er ein sjukdom, og her har vi eit bevis for at sjukdom fører med seg smaksfeil. Men så kan vi med ein gong spørje om det er ketosen som er det viktige, eller om det er andre patologiske tilstandar som ligg til grunn for ketosen. Vi veit at underfôring, eller svolt, gjev ketose. Dette er primær ketose som ikkje skuldast andre ting. Men vi veit også at ved andre sjukdomstilstandar kan ein få ketose i tillegg. Eit godt eksempel har vi i humanmedisinen ved diabetes. Dersom ein ikkje får behandla diabetesen, vil pasienten utvikle ketose, av di cellene i kroppen ikkje får tilgang til glukose. Dette er sekundær ketose. Dersom ein er så sjuk at ein ikkje greier å få i seg mat, vil ein utvikle ketose, sjølv om tilgangen på mat er optimal. Og dersom kroppen ikkje greier å utnytte den maten den blir tilført, får vi ketose. Mange sjukdommar, kanskje dei fleste, krev ekstra energi for at kroppen skal kunne stå imot og overvinne sjukdommen. Ved normalfôring vil ein i dette tilfelle også få utvikla ketose. Vi treng å få undersøkt kva som ligg til grunn for denne subkliniske ketosen, og det er ikkje sikkert at det er berre på grunn av for dårleg tilgang på fôr at den oppstår. Det har ikkje lukkast meg å finne litteratur som seier særleg mykje om dette når det gjeld dyr. Det er derimot i humanmedisin gjort mange arbeid for å finne ut kor stort energibehov pasientar har. Klinisk ernæring er eit eige fag der det blir studert energi- og andre ernæringsbehov ved sjukdom. Dei sjukdommane eg har sett på no, er dei kroniske svinnsjukdommane. Dei er det mange av hjå menneske. Nokon har teke til å bruke HIV-infeksjon som modell for å studere slike sjukdommar. Dette er ein sjukdom som antakeleg liknar mykje på CAE. For å summere opp det som er påvist ved HIV: 1. Auka basalmetabolisme. Altså auka stoffomsetning når pasienten er i ro samanlikna med friske personar som er i ro. 2. Myostatingenet [2] blir meir synleg. Myostatin hemmar utvikling av muskulatur. 3. Reduksjon av feitt-fri kroppsmasse 4. Deretter er det ein lipolyse, med auka mengde frie feittsyrer i blod 5. Kronisk stimulering av immunforsvaret med bla. auka cytokinfrigjering [3] aukar behovet for energi. 6. Nedsett matinntak 7. Nedsett aktivitet 8. Reduksjon av kroppens totale energiforbruk 9. Vektreduksjon 10. Tidleg aldring? Ein kan kjenne att ein del av dei faktorane som er lista opp her dersom ein studerer geiter i ein buskap med mykje CAE. Det same ville kanskje vera tilfelle ved paratuberkulose. I Valdres og på Sunnmøre gjorde vi ein del undersøkingar i 2000-2001 over kva slags sjukdommar geitene hadde. Vi fann at geitene har mange sjukdommar og at dei er utbreidde i flokken. Det er kroniske sjukdommar som luftvegsinfeksjonar, leddsjukdommar, ektoparasittar, kroniske mastittar, byllesjuke og ikkje minst CAE. Vi vog ein del av desse geitene. Fyrste året vog vi alle frå eitt år og oppover. Vi gjentok vegingane av dei geitene vi kunne få tak i året etter, og såg på vektutviklinga. Resultatet samla for alle geitene ser vi nedanfor:
Det er ein del dyr i kvar årgang som har vektreduksjon, og særleg ille er det i dei yngste årgangane som framleis er i vekst og som likevel går ned i vekt. Dette skuldast antakeleg ikkje berre for dårleg fôring. Vi har også sett på slaktevekter. Det viser seg at dei i snitt er like låge i alle årgangar. I mange årgangar er minstevekta på litt over 10 kg. Grunnen til dette må vera at desse geitene som står i mjølkeproduksjon, har muskelsvinn. Vi kan også sjå på mange av dei at dei ser gamle ut sjølv om dei ikkje er det i antal år. Teorien om at aldringa kjem tidleg kan altså passe også her, på same måte som ved HIV-infeksjon. Produsentar som har teke til å få friske dyr er overraska over kor lett dei går i beitet. Før var det alltid nokon som ikkje greidde fylgja med, og det var mykje hosting når dei tok til å anstrenge seg. Dei friske dyra er svært lette til beins, og dei har ikkje symptom på luftvegssjukdommar. Dette er ein god indikasjon på at mange geiter i vanlege buskapar er så sjuke at dei greier seg svært dårleg på beite. Det er altså ein stor risiko for at desse blir underfôra på beite. Vi kan konkludere med at geitene treng skikkeleg fôring. Dette er fyrst og fremst eit dyrevelferdsspørmål, dei skal ikkje svelte. Det er også viktig for å få ein god mjølkeproduksjon. I tillegg skal sjuke dyr ha ekstra god ernæring. Forsking ville gitt meir kunnskap om dette. Men det viktigaste er å sikre at ein bruker friske dyr til mjølkeproduksjon, det er fyrst då ein kan få full uttelling for god fôring og sikre eit godt produkt. Gå til toppen[1] Kroniske svinnsjukdommar heiter på engelsk ”chronic wasting diseases”. Dei er kjenneteikna ved kronisk forløp og gradvis avmagring. HIV-infeksjon, AIDS og MS er kjente hjå menneske, og vi har hjå dyr sjukdommar som skrapesjuke, paratuberkulose og CAE. I Canada og USA har dei store problem med sin slik sjukdom på elg som blir halden i fangenskap. Det har vorte slakta ned store flokkar der dette er påvist. Mange av sjukdommane skriv seg frå forandringar i nervesystemet, men også frå kjende infeksjonar. Kroniske lungesjukdommar hjå menneske høyrer inn under denne sjukdomskategorien. [2] Myostatin er ein vekstfaktor som blir laga i den cella den skal virke i, eller like ved. Det er eit protein. Den virkar ved å hemme vekst i muskelceller. Arveleg manglande myostatingen finn vi i Belgisk Blå. Høge verdiar er sett hjå HIV-infiserte menn. Det er også registrert auka konsentrasjonar hjå eldre folk. Det er forsøk på gang for å sjå om hemming av myostatin kan gje meir muskelsette slakt med mindre feitt. Det er også spekulasjonar om faktorar som hemmar myostatin kan brukast for å reversere svinnsjukdommar og for å auke muskelmassen til kroppsbyggarar. [3] Cytokiner er protein som blir utskilt av immunologiske celler Dei regulerer mange immunologiske funksjonar. Dei høyrer med til kroppens signalsystem, men ved visse sjukdommar kan dei ha skadeleg effekt. Det er gjort forsøk på å påverke cytokinproduksjonen, og det har lykkast best ved leddgikt og Crohns sjukdom. |
||||||||||||||||||||||
|
Sidene er utvikla av
Nils Leine, 2975 Vang i Valdres
Oppdatert: 24.01.2008 |
|||||||||||||||||||||||