![]() |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Du er her: | Heim> | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
Sjukdom og sjukdomsførebygging hjå mohairgheit
Sommertreff i Norsk Mohairlag, Revelberget seter,
Heradsbygd i Hedmark, 2004
Veterinær Nils Leine, 2975 Vang i Valdres. nils@leine.no Innhald: Angorageita (mohairgeita)
Fakta om angorageit
Kva kjenneteiknar ei frisk mohairgeit
Kva kjenneteiknar ei sjuk mohairgeit
Kva ein må sikre tilgang på
Risikoperioder
Halde oversikt over dyra, særleg helse og avstamming
Ved kjøp og salg
Sjukdom hjå mohairgeit
Angorageita (mohairgeita)Angorageita kjem frå Tyrkia. Angora er det gamle
namnet på Ankara. Importert til Europa fyrste gong i 1554. Deretter
i 1765 til Spania og litt seinare til Frankrike. Desse importane var
ikkje vellukka. I 1838 kom dei fyrste angorageitene til Sør-Afrika.
Ein bakgrunn for ordet mohair kjem frå det arabiske ordet "mukhayyar",
eit slags hovudplagg, og det betyr noko slikt som"val" eller
"valet hans". Det kom inn i engelsk før 1570. På
spansk heiter kvinne "mujer", noko å tenkje på. Fakta om angorageit
Kva kjenneteiknar ei frisk mohairgeit
Kva kjenneteiknar ei sjuk mohairgeit
Et dårleg
Den kan ha eitt eller fleire av desse symptoma.
Ein må sikre tilgang på:
Råmjølk og mjølk
Risikoperioder
6 veker før til 6 veker
etter kjeing
Halde oversikt over dyra, særleg helse og avstamming
Helsekort
Ved kjøp og salg
Helseattest
Sjukdom hjå mohairgeit
Innavl
InnavlFor å få fram dei rette dyra som gjev den rette fiberen i store nok mengder er det drive innavl. Det beste eksempelet på dette er det som er gjort i Sør-Afrika. Der fekk dei fram ein type geiter som gav stort utbyte av fiber pr kg kroppsvekt. Desse er over gjennomsnittet i vekt. Når dei er over 4-5 år vil dei abortere etter ca 100 dagars drektigheit. Eigenskapen er ført vidare av både hann- og hodyr. Vi kan ikkje sjå bort frå at innavl også i dag er eit problem i mohairproduksjonen. Vi ser ofte svake kje og dyr med dårleg tilvekst. Det er eit lite avlsmateriale i landet, og det bør satsast svært aktivt på å få fram robuste dyr. Smittsame sjukdommar CAE, byllesjuke, paratuberkulose, mykoplasma, munnskurv, skrapesjukeDett er dei viktigaste smittsame sjukdommane. Det er ingen behandling for desse sjukdommane, og ein må gjera alt for å unngå å få dei inn i buskapen sin. Det er nødvendig at alle får kartlagt sin buskap med omsyn på flest mogeleg av desse sjukdommane. Det er alment tilgjengelege testar i Noreg for CAE, byllesjuke, paratuberkulose. Munnskurv kan ein få undersøkt ved elektronmikroskopi. Skrapesjuke-test er ikkje tilgjengeleg for andre enn Mattilsynet i sitt overvakingsprogram, og mykoplasma må vi til Sverige for å få undersøkt. Parasittar Lus, lungeorm, mage-/tarmparasittar. Lus For angorageitproduksjon er lus noko som absolutt må bekjempast. Ved klypping to gonger om året vil ein få undersøkt dyra, og det er enkelt å behandle. Det kan vera aktuelt å bruke eit hell-på preparat etter klypping ein gong for året. For å unngå luseplage er det også viktig at dyra har god nok plass og at det er lyse og godt ventilerte oppstallingsrom. Lus blir eit større problem di tettare dyra må stå og dersom det er fuktig og mørkt i fjøset. LungeormDet er særleg den vesle lungeormen, Muellerius capillaris, som er eit problem for geiter. Den blir skilt ut som larver med avføringa og finn seg så ein snegl som mellomvert. Neste beitesesong vil sneglen koma opp på planter, geitene et blada av desse plantene, og dei blir smitta. Geiter blir ikkje immune mot parasitten og kan smittast heile livet, men det er dei yngste dyra med dårlegast kondisjon som lettast blir sjuke. Ein bør skifte beite regelmessig dersom det er råd. Kje bør sleppast på eit reint beite. Ein skal behandle minst mogeleg for å unngå å få resistente parasittar. For kvar gong ein behandlar vil ein drepa dei mottakelege parasittane, mens dei parasittane som tåler parasittmiddelet overlever. Dermed vil det etterkvart bli berre resistente parasittar att. Men når ein skal behandle, må ein gjera det skikkeleg. Ein må bruke eit preparat som virkar godt i lungene etter ein gongs dosering. Ein må ikkje behandle med små dosar parasittmiddel over fleire dagar. Ein må bruke rett dosering (minst 1,5 gonger sauedose). Behandlinga kan skje på kjea etter ein månads tid på parasittbefengt beite, og så behandlar ein alle etter innsett om hausten. Mage-/tarmparasittarStore løpeorm, ostertagia og koksidiar Koksidiar hjå geit er særleg eit problem på innefôring der kjea blir fødde tidleg på vinteren. Symptoma er vanlegvis ikkje dramatiske, men dødsfall på grunn av koksidiar førekjem av og til. Det kan var litt seig avføring og dårleg tilvekst. Ei avføringsprøve vil avsløre parasitten. God hygiene og god fôring er gode førebyggjande tiltak. Det er effektive parasittmiddel mot koksidiar. Dersom det er eit stort utmarksbeite, med mykje buskvegetasjon, er ikkje mage- /tarmparasittar stort problem. Derimot kan det ved intensive driftsformer, med stort tal på dyr på avgrensa område, bli ein svært stor parasittbelastning. Ei skal unngå fellesbeite med mjølkegeit og sau der det er avgrensa areal å beite på. Ein kan bruke behandlingsopplegget for lungeorm også for desse parasittane. Trommesjuke og enterotoksemiÅrsakene er brå overgangar i fôring, overgang til meir konsentrerte fôrmiddel eller rask auke i kraftfôrmengda. Vommikrobane blir innstilt på ein viss mengde konsentrert, energirikt fôr. Dersom det brått blir ein auke i dette, vil dei ikkje kunne omstille seg snøgt nok, og det blir ein oppblomstring av bakterier som bryt ned karbohydrat til bl a eddiksyre. I tillegg kan vi få ein oppblomstring av bakterien Clostridium perfringens i tarmen, og denne vil produsere ei gift som spreier seg med blodet. Vi vil altså kunne få både ei surgjering av vominnhald og blod og ein farleg giftproduksjon. Syreproduksjonen kan ein til dels kontrollere dersom den ikkje blir for stor. Dette gjer ein med bruk av natron. Ein gjev nokre spiseskeier natron fleire gonger dagleg til dyret kjem seg att. Dette er oppløyst i vatn like før ein gjev det gjennom munnen. I tillegg gjev ein 50 gram gjær ein gong for dagen. Dersom dyret er litt påkjent, må det behandlast av veterinær i tillegg. Giftproduksjonen frå Cl. Perfringens kan berre motverkast ved vaksinasjon. Vaksinér to gonger når kjea er små. Deretter minst ein gong pr år. AbortDet er mange årsaker til abort. Den arvelege forma frå Sør-Afrika har vi ikkje her, men vi skal ikkje sjå bort frå at vi også her har dyr som er arveleg disponert for abort. Den vanlegaste årsaka hjå sau er toxoplasmose. Det er truleg også ein vanleg årsak til abort hjå geit. Dette er ein parasitt hjå katt som har bl a småfe som mellomvert. Det er ikkje noko å gjera når utbrotet fyrst er i gang, men det kan vera fint å få undersøkt om det er toxoplasmose. Grunnen til det er at når dyret har gjennomgått ei infeksjon, har det oppnådd immunt, og det er liten sjanse for at det får sjukdommen på nytt. Det smittar heller ikkje andre geiter Det kan også vera abort ved ymse bakterieinfeksjonar. Ein viktig infeksjon som gjev abort er listeriose, som er ein infeksjon som ofte har sitt utgangspunkt i dårleg silo eller rundballar. Det har vore relativt mykje av denne infeksjonen i det siste. Ved abort må ein vera ekstra påpasseleg med hygiene. Ta vekk foster og fosterhinner og dersom det er utflod frå geita, må den isolerast. Dersom det ikkje er sikker diagnose, blir det også anbefalt å slakte geiter som har hatt abort, samt eventuelt tidlegare avkom. Sjuke geiter må sjølvsagt behandlast av veterinær. Urinstein hjå bukkDette er meir vanleg hjå bukk av angorarasen enn hjå andre geiterasar. Årsaka er at fosforinnhaldet i maten er for høgt eller at kalsiuminnhaldet er for lågt. Symptom: Bukken sluttar å eta. Teikn på smerter frå buken. Går nødig, strekkjer seg. Pressar på for å urinera. Diagnose: I praksis er det kliniske symptom ein må bruke. Ein kan også bruke ultralyd og røntegn, men det er ofte lite aktuelt. Ein må undersøkje forlenginga av urinrøyret på penis for å sjå om det sit urinsteinar der. Førebygging: Nok reint vatn (varmt vatn i kaldt ver) Fri tilgang på salt for å auke vassopptaket Mykje fiberhaldig fôr. Dette vil auke utskilling av spytt. Spytt vil innehalde mykje fosfor og det vil såleis ta opp fosfor frå blodet og urinen og det blir skilt ut gjennom tarmen. Innhaldet av kalsium/fosfor i foret skal vera 2/1 Ammoniumklorid 2% i kraftfôr for surgjering av urin Dersom ein har hatt ein bukk med urinstein, bør ein få urinsteinen analysert for å finne ut kva den er oppbygd av. |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Sidene er utvikla av
Nils Leine, 2975 Vang i Valdres
Oppdatert: 24.01.2008 |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||